Vestads vevstad   Ymseposten   Mål og middel   Bokinnsynet   Privaten   Lesarbrev


Språk og identitet i finlandssvensk prosadikting

I dag kan finlandssvenske forfattarar skildre verkelegheita i Finland ved å ha innslag på finsk i bøkene sine. For nokre tiår sia unngjekk ein det. Kvinnelege forfattarar har markert seg sterkt i den finlandssvenske litteraturen, som i Noreg. Men i Noreg manglar vi ein type litteratur som dei svenskspråklege i Finland har ein del av  - borgarskapslitteratur. Samstundes er litteraturen prega av ei regional strømning, om ein flyttar blikket frå Helsingfors. Men det vi kjenner best til, er finlandssvensk lyrikk. Korfor?

Denne artikkelen byggjer på prøveførelesinga eg heldt i nordisk hovudfag ved Universitetet i Oslo 29. november 1994, dagen etter at Noreg sa nei til EU. Her og der kan ein spore EU-kampen i førelesinga. I denne utvida artikkelen har eg teke med moment som eg ikkje hadde tid til å nemne på dei 45 minutta prøveførelesinga skulle vara. Velkomne til eit lite blikk inn i finlandssvensk etterkrigslitteratur!

Jon Peder Vestad, 23.2. 1999.



Innleiing

 Det var en gång ett litet knytt som bodde
 alldeles ensam i ett ensamt hus.
 Han var nog långt mer ensam än han trodde
 på kvällen när han tende alla ljus
 och kröp inunder täcket i sin bädd
 och gnällde för sig själv, för han var rädd.
 Därute gick hemulerna med stora tunga steg
 långt borta hördes mårrans tjut på nattens mörka väg...

Dette er frå opninga av mummi-boka «Vem ska trösta Knyttet» av Tove Jansson. W. Glyn Jones, ein britisk kjennar av finlandssvensk litteratur, meiner at mummi-verda kan bli sett på som eit bilde av det svenskspråklege Finland, - den vesle gruppa i skuggen av dei store, mange.

Det er finlandssvensk prosa som er emne for utgreiinga mi, nærmare bestemt «Språk og identitet. Nokre særdrag i finlandssvensk prosadikting etter 1945». Ei så vid ramme gjev meg høve til å gå både inn i språket og i litteraturen, og eg har to føremål med utgreiinga. Det eine er å syne korleis finlandssvensk identitet kan bli markert i litteraturen - gjennom bestemte motivval og språklege val, og det andre er å vise kva rolle språkleg tilhørigheit har i tre særdrag ved finlandssvensk etterkrigsprosa. Eg vil til sist syne at det er ein tendens - eller eit særdrag om ein vil - til å unngå dagens språklege verkelegheit i delar av etterkrigsprosaen.

Metode
Eg har valt å sjå forstå «språk og identitet» som språk som ein identitetsskapande faktor -  ein av fleire mulege. I gjennomgangen nyttar eg meg av kultursosiologisk og litteraturhistorisk materiale, og av prosaen sjølv. Det er gjennom finlandssvensk litteraturhistorie eg har valt ut særdraga i prosaen - eller ein kan seia at dei vel seg ut sjølve, i allfall sett med mine norske auge.

Gjennomgangen er todelt. Eg vil fyrst gjera greie for den verkelegheita svenskspråkleg kultur eksisterer i i Finland, og vise ulike strategiar forfattarane kan bruke i skildringa av den språklege verkelegheita, både skriveteknisk og i val av motiv. Her kjem eg au inn på språkleg-kulturell tilhørigheit.

I den andre bolken tek eg for meg tre særdrag ved etterkrigsprosaen, - det sterke kvinnelege innslaget blant forfattarane, borgarskapsprosaen med vekt på sjølvkritiske verk, og regional litteratur, nærmare bestemt den österbotniske litteraturen. Eg har med andre ord fokus både på kjønn, på emneval og på sentrum-periferi i det finlandssvenske litterære landskapet. Til kvar del vil eg vise at det varierer i kva grad akkurat språket spelar ei rolle som identitetsskapande faktor, og eg vil forklare korfor.

Romanlitteraturen i sentrum
Emnet mitt må avklarast noko meir. Med prosa tenkjer eg fyrst og fremst på romansjangeren; noveller kjem eg også innom, medan dramatikk, essayistikk og erindringslitteratur lyt vera unemnd i denne samanhengen. I den grad det passar, nemner eg forfattarnamn og kjem inn på enkeltverk. Somme kjende forfattarar blir knapt nok eller slett ikkje omtala, på grunn av rammene emnet og vala mine gjev.

DEL 1
Språk og identitet i Finland
I 1919 fekk Finland ei grunnlov som slo fast at staten hadde to jamstelte språk, finsk og svensk. På denne tida utgjorde dei svenskspråklege ein femdel av det samla folketalet i landet, - ein prosentdel som har gått stadig nedover. Dei svenskpråklege ser i dag på seg sjølve som ein minoritet, med språket som viktigaste kjennemerke.

Bak det språklege omgrepet 'svensk' ligg det i vårt tilfelle tre hovudkomponentar. Det er for det fyrste talespråket, dialekt, og for det andre det finlandssvenske høgspråket. Her finn vi særdrag ved finlandssvensk språkbruk i offentlege rom - ord som ikkje blir nytta i Sverige-svensk, finske lånord osv, og som i større eller mindre grad er aksepterte i skrift. Å gå nøyare inn på dette fell utafor rammene for utgreiinga. Den tredje komponenten er den rikssvenske - eller Sverige-svenske - rettskrivingsnormalen. På utsida av det 'svenske' finn vi så det finske, både språkleg og samfunnsmessig. Dei som bruker svensk i Finland må forholde seg til sider ved det finske samfunnet som krev særeigne uttrykk, - uttrykk som det ikkje er behov eller tradisjon for i Sverige.

'Identitet' kan bli forklart som «sum av element som gjev eit individ, eit samfunn eller andre grupper ein eigenart». Det er særleg to krav som blir sett til det å ha ein bestemt identitet. Det eine er at ein må kjenne samhørigheit til eller identifisere seg med ei gruppe. Det andre kravet er vilja til å gjera noko for det ein identifiserer seg med, for eksempel det å sende barna i svenskspråkleg skule, vera med i svenskspråklege organisasjonar osv. Identitet kan både følast og utøvast, og vi har alle fleire identitetar - som mann, student, EU-motstandar, nynorsk-tilhengjar o.l.. Identitet er altså knytt til meir enn språk, og det er viktig når ein ser på særdrag ved den finlandssvenske prosaen. Det at han er skriven på svensk, gjev ein spesiell identitet i utgangspunktet. Like fullt, graden  av identifikasjon med det svenske varierer hos finlandssvenskane. Delvis finn vi identiteten som gruppementalitet, delvis som individmentalitet, og han er situasjonsavhengig.

Finlandssvensk og Svenskfinland
Etter at Finland i 1809 vart eit storhertugdømme under den russiske trona, kom parolen «svenskar är vi ej mera, ryssar vill vi ej bli, låt oss alltså vara finnar», og finskheitsrørsla voks seg stadig sterkare. Fyrst i 1863 vart finsk innført som offisielt språk ved sida av svensk. Etter kvart vart det 'svenske' sett på som noko fremmendt i Finland, ofte knytt til overklassa og borgarskapet, og Juhani Aho trudde til dømes at det knapt kom til å bli skrivi litteratur på svensk i Finland i dette hundreåret. Den harde, ofte uforsonlege, språkstriden auka behovet for samarbeid mellom dei svært ulike og geografisk spreidde svensktalande samfunnslaga i Finland, og mange svenskspråklege organisasjonar vart stifta, til dømes «Svenska folkpartiet» i 1906.

Omgrepa 'finlandssvensk' og 'Svenskfinland' er ikkje like kjende for alle. Ulike nemningar har vorte nytta om dei svenskspråklege, og ordet  'finlandssvensk' vann for alvor innpass på 1920-talet. I Finland blir adjektivet 'svensk' ofte brukt for 'finlandssvensk', og det same kjem eg til å gjera.

'Svenskfinland' vil seia dei områda av Finland med svenskspråkleg busetjing. Omgrepet har også ei meir abstrakt tyding, og kan brukast om svenskspråklege institusjonar, organisasjonar, tidsskrift osv. Dersom vi tenkjer oss eit tilsvarande omgrep 'Nynorsk-Noreg', vil det femne kommunar der nynorsk er mye brukt, men - også Det Norske Teateret, avisa Dag og Tid og nynorsk-klassa på Sagene i Oslo er del av dette Nynorsk-Noreg. Det er eg au.

Finlandssvenskane bur spreidd over fire område. Det er i Österbotten på nordvestkysten av Finland, på Åland og i Åboland på sørvestkysten, og i Nyland, kyststrekninga aust og vest for Helsingfors. Det finst i dag knapt 300000 finlandssvenskar, eller i underkant av seks prosent av det samla folketalet. Berre femten prosent av finlandssvenskane lever i reint svenskspråklege kommunar, og her finn vi Åland og ein del kommunar i Österbotten. Om lag halvparten av finlandssvenskane lever i kommunar der dei er i fleirtal, resten i kommunar der dei utgjer mindre enn ein tredel av folketalet (Fsv. rapport 20). Sjølv om det har skjedd ei sosial utjamning mellom språkgruppene i Finland, har dei svenskspråklege i snitt hatt ein høgare sosial posisjon enn dei finskspråklege.

Sia 1950-talet har det vorte inngått fleire ekteskap over språkgrensene enn heilt svenskspråklege ekteskap. Omtrent to tredelar av barna i tospråklege ekteskap blir innskrivne i svenske skular eller klasser. Tospråklegheita kan vera eit mellomsteg til einspråklegheit, og sosiologane Erik Allardt og Christian Starck har påvist at den finlandssvenske arbeidarklassa i sør-Finland i stor grad har vorte forfinska. Dette har skjedd samstundes med at prosentvis fleire svenskspråklege enn finskspråklege har utvandra til Sverige.

Tospråklegheita fungerer slik at det i visse samanhengar er naturleg for dei svensktalande å bruke svensk, i andre finsk, og dette varierer etter for eksempel arbeid, bustad og språkkunnskapar. I størstedelen av Finland lyt ein ha gode kunnskapar i finsk for å klare seg, og eit sitat frå «Män kan inte våldtas» av Märta Tikkanen er karakteristisk: «-- som de flesta svenska helsingforsbarn blev Tova tvåspråkig från början och tänkte sällan på vilket språk hon talade» (s. 56).

Det litterære rommet
Under dei vilkåra eg nyss har lagt ut om, lever dei finlandssvenske forfattarane. I 1986 hadde den finlandssvenske forfattarforeininga kring 190 medlemmer, og førti prosent av desse budde i hovudstadsområdet. Fordelinga mellom menn og kvinner kjenner eg ikkje. Over ti prosent av forfattarane budde utalands (Horisont 2/87:4).

Det finst to større svenskspråklege forlag i Helsingfors, Schildts og Söderströms, og ei rekkje mindre, helst regionale forlag - i 1978 cirka femti i alt. Kvart år blir det samla gitt ut om lag 700 bøker på svensk i Finland, med omsetjingar, lærebøker osv, og av litterære verk dominerer poesien i tal. Her kan eg leggje til at finlandssvenske forfattarar ikkje har spesielt lett for å bli publiserte i Sverige. Ein del blir omsette til finsk.

Dei viktigaste kulturelle skiljelinene i Finland går frå nordvest mot søraust, og er uavhengige av språk. Visse særdrag finst, men dei er små. Ja, i ein artikkel med den noko provoserande tittelen «Alla finnar är svenskar» fortel historikaren Matti Klinge at folk i det ortodokse Aust-Karelen lenge brukte nemninga 'ruotseja' - svenskar - om dei lutherske grannane i vest. Og sia finlandssvenskane blir identifiserte gjennom språket, og nesten berre der, er litteraturen så viktig når ein skal sjå på denne gruppa. Her har prosaen større mulegheiter til å gje uttrykk for levekår og samfunnsforhold enn poesien.

Litterære strategiar
Eg vil nå ta for meg språk og identitet både tematisk og språkleg. Det er ulike måtar å behandle språk som identitetsskapande faktor på - eller som problem - i den finlandssvenske litteraturen. I heimstaddikting kan det vera snakk om eit reint svenskspråkleg miljø der identiteten er sjølvsagd og dermed underforstått. Emnet  ein skriv om treng heller ikkje krevja noka tilvising til ei gruppetilhørigheit eller til den språklege verkelegheita, - handlinga kan til dømes vera lagd utalands eller i ei fiktiv verd. Det skal eg komma attende til.

Dei som vil ta for seg det tospråklege samfunnet som det er, kan plassere minoritetstilhørigheita meir eller mindre sentralt i handlinga, og eventuelle konflikter kan bli skildra med ulik styrke. Forfattarane kan au hente emne frå reint finske miljø, og altså velja bort sin eigen språklege identitet. Det finn vi døme på hos forfattarar som Siw Alander, Anita Wikman og Kjell Westö.

Ein kan au unngå  emnet, som litteraturvitaren og forfattaren Merete Mazzarella er inne på i ein artikkel om bildet av finnane i finlandssvensk litteratur. Ho nemner at i romanar av etterkrigsforfattarar som Claes Andersson og Johan Bargum finst det ein heil del finske namn, men «det kan vara svårt att komma underfund med personernas språktillhörighet» (Horisont 6/79:60). Det er i grunnen ikkje så ofte at ein møter folk som blir nemnde spesielt som finnar i finlandssvensk litteratur frå dei siste tiåra, påpeiker Mazzarella, og er overraska over dette i romanar med handling henta frå for eksempel Helsingfors.

Språkkonflikter i litteraturen
Dette skreiv ho i 1979, og det er muleg at ho ville ha skrivi annleis i dag. Språk  som tema går att i nyare finlandssvensk litteratur, viser ei undersøking sosiologen Kjell Herberts har gjort. Han tok for seg eitt hundre skjønnlitterære verk frå tida 1974 til 1986, utan at eg veit korleis bøkene vart valde ut. I omtrent halvparten vart møte mellom svensk og finsk språk skildra som harmoniske og uproblematiske. Tjue prosent kunne innehalde eit og anna finsk namn, men hadde «gjømt» den språklege dimensjonen, skriv Herberts. Og kvar fjerde bok inneheldt språk-konflikter eller ueinigheit av ymse slag. Det at over 75 prosent av verka i det heile er inne på språkforholda i Finland, viser at språk og identitet i høgste grad opptek mange forfattarar.

Kjell Herberts såg tre typar konflikter - i møte mellom det einspråklege Svenskfinland og det finske, møte med fordommar og mangel på kunnskap hos finnane, og språkkonflikter som kjem av klassemotsetningar. Det som overraskar meg, er at halvparten av bøkene i undersøkinga var innom språkforholda utan å behandle det som noko problem. Det stemmer ikkje overeins med med mitt inntrykk frå Svenskfinland, etter å ha budd i Åbo hausten 1992.

Skrivetekniske strategiar
Dei som i forskjellige samanhengar kjem inn på språkforholda, må ta stilling til korleis dei reint praktisk skal bruke språket. Det finst ulike strategiar å velja mellom. Som nemnt finst det einspråklege miljø og au emne som slett ikkje gjer dette aktuelt. Men alt i alt lever finlandssvenske forfattarar i eit miljø som krev ei bevisst haldning til språket, både sitt eige - og til finsk. Litteraturhistorikaren Bengt Holmqvist har skrivi at det er  förståeligt, att en rent språklig osäkerhetskänsla länge har verkat hämmande på  den finlandssvenska prosan (Horisont 6/80:29).

Og det meste av det som skjer i Finland går føre seg på finsk. Kva kan ein forfattar gjera med det? Ein kan gje att til dømes replikkar på svensk, men fortelja at dei har falle på finsk. Det er også muleg å markere språket ved å la delar av ein replikk vera på finsk, med eller utan omsetjing - eller ein kan rett og slett ta med heile finske setningar eller flette inn dei finske uttrykka ein meiner ein har bruk for. Ikkje noko av dette er problemfritt.

I tillegg må finlandssvenske forfattarar velja i kva grad dei vil bruke gjengse finlandssvenske uttrykk og finske lånord som er meir eller mindre godtekne på trykk. Til fleire slike innslag, til mindre blir litteraturen tilgjengeleg utafor Svenskfinland, som her:

Eksemplet Cleve
 -Sussa asuu jumalauta pieni Eino Leino!
 Raimo tog pilarna.
 - Etten perkele sanois oikea Runeberg!
 Han ställde sig med benen brett isär, siktade och kastade .
 - Tai, piro vieköon, Hämeen Hemingwayhän siinä heittää tikkaa! (s 139).

Ja, det var i allfall tre forfattarnamn her, og resten lyt vi gjette oss til. Dette er frå romanen Skuld, som Stefan Randström gav ut i 1992, og viser korleis ein passasje i ein moderne finlandssvensk roman kan vera.

I 1959 kom novellesamlinga «Gatstenar» av Anders Cleve, og med utgangspunkt i Cleve kan eg vise ulike strategiar i møte med ein tospråkleg kvardag. I novella «Licenciaten» kunne ein tru at Helsingfors var ein reint svenskpråkleg by, medan novella «Kråkan - en individualist» inneheld ein del finsk. På eit museum blir det opplyst at
 - Jaha, nu stänger vi. Klockan e fyra.
Desse orda har nok falle på finsk, men det blir ikkje markert. Ute på gata møter vi ei kvinne som har vorte rana, og ho skrik:
 - Jätkät löi. Di slo mej, slo. Di stal mina skor. Sataanat.
Resten av replikken er på svensk, men språket har vorte markert, utan at dei finske orda blir omsette. Meininga skulle likevel kunna gå fram av samanhengen. Det hender Cleve også forklarar dei finske orda, slik som i dette sitatet - frå ein kafé:
 - Puhukaa suomea, sa vaktmästarn kort. - Tala finska så att mänskor också  förstår. Int e vi i Kina (s. 137).

Anders Cleve gjev au att svensk med finsk brytning, men om det er for å vise at replikkane kjem på svensk eller finsk, blir ikkje klart. Å blande inn eller nytte finsk som Cleve har gjort her, var ikkje vanleg i 1959. Cleve problematiserer elles ikkje ope det å tilhøre ein språkleg minoritet, i motsetning til Randström. Men Randström viser til samanlikning ein mye dristigare måte å forholde seg til det finske på - han skriv rett og slett mye finsk, utan omsetjing, og har au ein del finske uttrykk i sitt eige svensk. Forfattaren føreset med andre ord at lesarane kan finsk, og målgruppa hans gjer truleg det. Ei anna årsak til at han vågar skrive som han gjer, må skuldast eit nytt syn på korleis svensk i Finland skal eller kan vera.

Haldningsendringar
Mye har skjedd med den finlandssvenske litteraturen frå 1945 til vår tid. Fleire peiker på at han har vorte av betre kvalitet, særleg frå 1980-talet og utover. Det har også skjedd noko med haldningane til språket. I prosaen ser vi det klart når vi er merksame på at skule, fagfolk og presse har lagt vekt på at ein skulle «undvika finlandismerna», for at ikkje finlandssvensk språk skulle skilje seg vesentleg frå Sverige-svensk.

Bengt Holmqvist slo i 1951 fornøgd fast at «många av provinsialismerna ter sig främmande också för yngre finlandssvenskar», medan Selim Silvander ein tretti års tid seinare konstaterer at
        Nu blir inte en roman förklarad undermålig för att den innehåller några  «finlandismer».
        Dialekter och provinsialismer har i dag stor del i romanens  trovärdighet, konstnärlighet och
        slagkraft (Horisont 6/80:29).
I kva mon slike drag blir nytta, heng saman med kva stil ein skriv i, emnet ein skriv om og målgruppa ein skriv for. Det at innslaget av dialekt og særeigne  uttrykksmåtar alt i alt har vorte tydelegare, er ein ting. Marianne Bargum skreiv i 1988 at «toleransen mot blandformer tycks öka i den yngsta författargenerationen» (Bargum 1988). Redsla for finske uttrykk er mindre, og det kan dels komma av at forfattarane i større grad enn før ser den tospråklege verkelegheita i auga, dels at dei veit at fleirtalet av lesarane kjenner finsk så godt at det språkleg sett ikkje er til hinder for forståinga. I Sverige sel jo få av dei lell.

Ulik språkleg tilhørigheit
Korleis ein viser finlandssvensk identitet varierer etter geografisk og sosial tilhørigheit, etter generasjon og situasjon. Frå Österbotten har det vorte ropt varsku mot forfinsking og tospråklegheit i Svenskfinland. Forfattarar i sør har vore opnare enn kollegaene i nordvest mot tospråklegheita. Somme forfattarar skriv bøker også skiftevis på svensk og finsk, - det gjorde for så vidt alt Elmer Diktonius før andre verdskrig, men det har vorte vanlegare i etterkrigstida. Dette kan tyde på at fleire av dei som skriv, har ein bevisst tospråkleg identitet, - at dei ikkje fyrst og fremst identifiserer seg som svensktalande i Finland, men som borgarar av Suomi - Finland. Eller som Marianne Bargum (1988) seier:
         En ökad rörlighet över språkgränserna är --- ett faktum, och det förefaller som om hemkänslan
        med landet skulle vara like viktig som språktillhörigheten.

Ser vi på den litterære språkhistoria, for å seia det slik, skulle forfattarane fyrst la det finlandssvenske språket vera så likt Sverige-svensk som muleg. Så kom det ei liberalisering, der ein godtok visse finlandssvenske særdrag i språket, og nå mot slutten av hundreåret opnar ein for finske innslag i det finlandssvenske litteraturspråket.

Eg øygnar tre ulike typar språklege identitetar hos finlandssvenske forfattarar, som kan vise seg att i litteraturen deira. Den eldste identiteten er ein som vi kan kalle 'svensk i Finland', - her er Sverige-svensk rettskriving rettesnor. I lyrikk og barnebøker meiner eg vi kan sjå dette. Den neste kan vi kalle 'normal finlandssvensk', og som forfattarane syner på trykk gjennom ein del særuttrykk, finske lånord osv., som hos Anders Cleve - og kanskje dei fleste finlandssvenske samtidsskildrarar dei siste tiåra. Skal ein skrive om krise, er det lama i Finland, dugnad er talko, for å nemne to vanlege ikkje-svenske ord.

Den siste språklege identiteten kan karakteriserast som 'tospråkleg finlandssvensk', viser seg berre unnataksvis og er av nyare dato - og ikkje å finne i litteraturhistoriene ennå. Hos forfattarar med denne identiteten er det finske innslaget både tydeleg og bevisst, utan at det treng bli gjort særleg nummer av det, jamfør Stefan Randström. Staffan Bruun og Kjell Westö er andre namn. Dei er alle tre yngre forfattarar frå Helsingfors-området, og to av dei er journalistar og bruker dermed mye finsk i det daglege.

Dei tre identitetane eg rissar opp finn vi ikkje berre langs ein tidsakse frå førkrigstida til i dag - dei eksisterer også samstundes i dagens litterære landskap. Det finst med andre ord ulike måtar å ha ein finlandssvensk identitet på, og forfattarane kan spegle dette både i emneval, grad av problematisering og i sjølve bruken av språket.

DEL 2
Forfattarskap utan språkproblematisering
Nå skal eg over til tre særdrag i finlandssvensk etterkrigsprosa som blir sett i lys av språk som ein muleg identitetsskapande faktor. Eg finn det naturleg å begynne med det sterke kvinnelege innslaget i litteraturen. Det spesifikt finlandssvenske er lite framme i viktige delar av etterkrigsprosaen skriven av kvinner. Sjølvsagt blir språk som identitetsmarkør nemnt, men vi skal leggje merke til at hos dei mest betydelege forfattarane er det heilt andre emne enn språkleg identitet, svenskheit, som står i sentrum.

Solveig von Schoultz er eitt døme. Ho debuterte alt på 1930-talet, og teiknaren og «mummi-mamma» Tove Jansson kom etter i 1945. Det er store sprang i stil mellom desse to innbyrdes, og mellom dei og dei kvinnene som har debutert etter 1970. Eg vil likevel sjå kvinneinnslaget under eitt, ikkje minst fordi kvinnene i heile dette hundreåret har vore så synlege i finlandssvensk litteratur. Solveig von Schoultz er fødd i 1907, og har som forfattar arbeidd innafor ulike sjangrar. Kjønns- og generasjonsskilnader, kjensler og sjelsliv er karakteristisk i forfattarskapen hennes. I den grad ho har drege inn saker som er aktuelle i samtida, er det helst for å ha ein bakgrunn for dei psykologiske skildringane sine. Det særprega finlandssvenske blir ikkje framheva eller drøfta.

Tove Jansson
Tove Jansson motsvarar Astrid Lindgren i Sverige og Anne-Cath Vestly i Noreg, sjølv om ho skriv forteljingane sine heilt annleis enn desse to. Mummi-bøkene til Jansson går føre seg i ei oppdikta verd med like oppdikta skapningar - men innhald vi kan kjenne oss att i: Mummibøkene er velkjende for alle med små barn i dag, mest takk vere fjernsynet. Sjølv om lesarane møter både frykt og farer i bøkene, så gjev det tette, trygge fellesskapet ei motvekt, og mummiforteljingane blir ei lovprising av familieliv og samhald. Janina Orlov skriv i artikkelen «Mumin on my mind» at bøkene «uttrycker en strävan, upprepade försök, att bibehålla den grundläggande lyckokänsla man vill förknippa med barndomen» (Horisont 2-3/1993). Det får så vera at ein del norske foreldre og barn synst at i det minste fjernsynsversjonen av mummi-forteljingane kan vera vel dyster; - dette passar elles godt inn i bildet vi har av folk frå Finland, eit bilde eg sjølv meiner har mye for seg. Tove Jansson skapar si eiga verkelegheit i mummi-serien, og denne verda kan gje både små og store lesarar innblikk i det som med stor L heiter Livet. Og kanskje det finlandssvenske livet?

Thomas Warburton meiner at ein eventuell finlandssvensk bodskap i mummi-bøkene ikkje kan vera bevisst. Nå har Tove Jansson også skrivi andre bøker, og symptomatisk er det at jentungen og bestemora vi blir kjende med i «Sommarboken» held seg på ei øy i skjærgarden. For det fyrste er dei avsondra frå fastlandet - det store fellesskapet, for det andre er nettopp skjærgarden ferieparadiset for finlandssvenskane, medan dei finskspråklege trekkjer til innsjøane. Dette er ei generalisering folk i Finland vil kjenne att.

Mummi-verda til Tove Jansson er velkjend, - dette er bøker også vaksne kan lesa med glede, men Jansson har også skrivi rein vaksen-prosa, nærgåande og meir reflekterande enn handlingsmetta. Heilt i starten nemnde eg at mummi-verda kan bli sett på som ei skildring av den verda finlandssvenskane lever i, men eg vil presisere at dette er berre ei av fleire mulege tolkingar.

Märta Tikkanen
 I 1970 debuterte Märta Tikkanen med romanen "Nu imorron" der ho skildrar ekteskapet. Den andre romanen hennes, "Ingenmannsland", set individuell frigjering inn i ein global samanheng. "Män kan inte våldtas" og "Århundradets kärlekssaga" er andre kjende titlar, og som gav Tikkanen ein sikker plass i nordisk litteraturhistorie. Ho har skrivi om kvinneliv i eit moderne samfunn, om kvinneundertrykking, erotikk og om det å kjenne forventningar både til sjølvrealisering og til å ta seg av heim og mann. Seinare har ho tydd til mytar - ho vart lei av realismen, sa ho på 80-talet. Merete Mazzarella fortel forøvrig at "Män kan inte våldtas" fekk betre mottaking i Sverige enn i Svenskfinland. Den svenskspråklege hovudpersonen her - ei kvinne - valdtek ein finskspråkleg mann.

Kvinnebølgja etter 1970
Kvinnerørsla fekk for alvor gjennomslag i Svenskfinland midt på 70-talet. Merete Mazzarella nemner at mellom andre Solveig von Schoultz har eit bevisst kvinneperspektiv i produksjonen sin, men at det likevel skjer noko meir med finlandssvensk kvinnelitteratur etter 1970. Märta Tikkanen debuterte som nemnt dette året, og seinare på 70-talet gav to kvinner ut ei «handbok i systerskap», i Österbotten vart det starta skrivegruppe for kvinner, osv. Kvinnene vart meir synlege enn før.

Litteraten Sven Willner skriv i artikkelen "70-talet i finlandssvensk litteratur" at det var langt mellom dei kvinnelege debutantane mellom 1945 og 1970, og han seier at på 70-talet har dei kvinnelege debutantane «varit i ett klart överläge, inte bara kvantitativt men också kvalitativt». Den tidlegaste kvinne-litteraturen på 1970-talet handla om "dei nære ting". Eit vidare samfunns-engasjement kom etterkvart, som for fredssaka, miljøvern og internasjonal solidaritet. Det finst også dei som har skrivi om om harde kvinnekår, som Siw Alander og Wava Stürmer, eller Anni Blomqvist som har skrivi ein historisk serie om Stormskärs-Maja. Engasjementet ut over "hus og heim" har elles ført skrivande finlandssvenske kvinner ut av samtida og inn i historia, ut av verkelegheita, ekteskapa, byane - eller ut av heimlandet. Sven Willner skriv elles at det særleg er hos kvinnelege forfattarar ein kan finne "ansatser till positiva alternativ till den pessimism och nihilism som annars i så hög grad kännetecknar slutet av 70-talet och början av 80-talet" i den finlandssvenske litteraturen.

Kvinneidentitet og flukt-motiv
Eg meiner å sjå to mønster i måten kvinnelege forfattarar møter det som har med språk og identitet å gjera på. For mange har det å tilhøre "det undertrykte kjønn" - om eg får seia det slik - vege tyngre enn å tilhøre ei språkleg mindretalsgruppe. Hovudsaka har vore den tilhørigheita dei har som kvinner - lokalt og globalt. Kampen for svenskheita var alt institusjonalisert - og mannsdominert, kvinne-kampen laut dei stå for sjølve, og her har det funnest eit vell av emne å skildre litterært. Og - eitt av kjenneteikna ved identifikasjon er vilja til å gjera noko for det ein identifiserer seg med. Det 'finlandssvenske' har vore mindre viktig enn det å vera kvinne.

Det andre er fascinasjonen for det som ikkje er til stades, det fremmende, for eksempel for utlandet. Finlandssvenskane blir av ein del finnar sett på som eit fremmendelement, som utlendingar i eige heimland, og psykologisk kan nok det auke trongen til å skrive om noko anna enn kvardagen. Som barnebokforfattarar har Tove Jansson og Irmelin Sandman-Lilius dikta opp kvar sine verder, og Jansson er av dei som au har henta motiv frå utlandet. Ulla-Lena Lundberg har skrivi frå USA, Afrika og Japan; Marianne Backlén har skrivi frå USA, lyrikaren Bodil Lindfors frå Latin-Amerika. Eg kunne ha nemnt fleire, også menn. I tilknyting til Lindfors skriv journalisten og kritikaren Trygve Söderling om reisemotivet i det han kallar «freak»-litteraturen på 70-talet:
        Syftet är en tripp, både i konkret, estetisk och existensiell mening. Världens breddning,
        relativisering; man behöver inte leva som man vuxit upp, bland borgarna där hemma
        (Horisont 1/87:25).
Og når ein legg handlinga til Mummidalen, New York eller Tokyo, slepp ein dei vanskane det å skildre eins eiga tospråklege verkelegheit kan gje.

Borgarskapslitteratur
Vi ser altså at identitet i liten grad er knytt til språk i viktige delar av litteratur forfatta av finlandssvenske kvinner. I borgarskapslitteraturen - som også rommar kvinneverk - meiner eg at språket er meir  til stades, - det svenske språket og den finlandssvenske identiteten er ein premiss i den kulturen borgarskapet levde og til dels ennå lever i. Eit sitat av Jörn Donner er kjenneteiknande. I romanen «Jacob och friheten» skriv han:
        Eftersom han tidigt förstod att finskhetsvågen måste bekämpas med alla medel överlät han vid
        utflyttningen sitt hem till Svenska klubben, med tillträde endast  för medlemmar och deras
        gäster. Med tilltagande demokratisering och moralisk upplösning användes dock klubblokalerna
        då och då även av finsktalande församlingar (s 74).

Her møtest språk og klasse. Er det noko som irriterer finlandssvenskane, så er det å bli stempla som overklasse. Det er heller ikkje ukontroversielt når Thomas Warburton, den store litteraturhistorikaren på svensk side i Finland, skriv kritisk om finlandssvensk «medelklasslitteratur». På finsk side nemner Kai Laitinen middelklassesjangeren som ein spesielt sterk svenskspråkleg tradisjon i prosaen i Finland. Ut frå norske forhold er det Warburton kallar middelklassa det eg vil karakterisere som solid borgarskap. Thomas Warburton skriv om det øvste samfunnslaget:
          --- denna samhällsgrupp var homogen , van vid att besätta ledande poster, och  dess medlemmer                          vana vid privilegier på grund av sin samfunnsställning (14).

Same kor «normale» finlandssvenskane enn vil vera, så utgjer overklassa og borgarskapet ein større prosentdel av dei svensktalande enn dei med finsk som morsmål. Og dei har vore svært synlege i Svenskfinland - og i litteraturen, både som forfattarar og motiv, overrepresenterte, kan vi seia. For å ha sagt det - fleirtalet av dei svenskspråklege tilhører ikkje overklassa. Eg kan likevel ta med at det fanst 177 familiar i den finske ridderskaps- og adelskalenderen på 1970-talet, det store fleirtalet  familiar svenskspråklege. Dette draget ved den finlandssvenske samfunnsgruppa er nok lettare å leggje merke til - eller iallfall å omtale - frå norsk side enn finlandssvensk.

Omgrepet 'borgarskapslitteratur' blir av Thomas Warburton som nemnt gjerne kalla 'medelklass-litteratur'. Det er tett mellom romanar som sjølvbiografisk eller ikkje, klassekritisk eller ikkje, skildrar borgarskapet. Warburton peiker på at det i dei øvste samfunnslaga - «medelklass» hos han - har det funnest ei klankjensle, ei kastebevisstheit som fører til samhald - og ein sosialelitisme som blir spegla både direkte og indirekte i litteraturen. Dette styrkar det provinsielle draget til finlandssvensk litteratur, men Warburton meiner at faren for å bli for einsidig litterært sett vart avverga da demokratiseringa av Finland skaut fart på 1960-talet.

Tilfeldigvis er 60-talet også det tiåret da den sjølvkritiske borgarskapsprosaen vart tilgjengeleg.Den delen som er mest interessant sett med norske auge, er det som har vorte kalla "bekännarlitteratur"; - "själv-hatarlitteratur" har ein kalla det. Ein heimleg parallell kan vera bøker der det blir teke oppgjer med Vestlands-/bedehus-miljø. Sjølv om «bekjennar»-litteraturen ikkje dominerer i prosentdelar i etterkrigsprosaen, så er han ein tung del, både som klasse- og tidsskildring.

«Svenska klubben»
Christer Kihlman, Henrik Tikkanen og Jörn Donner er tre sentrale finlandssvenske forfattarar, den sjølvkritiske borgarskapsprosaen rommar ein viktig del av forfattarskapa deira. Eg vil gje tre stutte innblikk.

Eg har lese ein stad at det vel ikkje kan finnast nokon på denne jorda som har meir sjølvforakt enn finlandssvenskane. Christer Kihlman har ikkje gjort det lettare for dei. Han debuterte tidleg på 50-talet, og slo gjennom med romanen "Se upp Salige!" i 1960, der han fortel om det opprøret ein redaktør i ei konservativ småbyavis prøver å gjera. Han fortel om hykleri, dobbeltmoral, gammalmanns-beiling til ei ungjente - og om å mislykkast som far. Av ulike årsaker vart boka lagd merke til, ikkje minst sia kritikken av det finlandssvenske borgarskapet kom frå ein Kihlman.

Betre vart det ikkje. Christer Kihlman har gitt ut ei rad bøker der det blir teke oppgjer med borgarskapet innafrå, og som peiker på kor vanskeleg det er å vera  fanga i ei klasse, og likevel høre til der. Også hans eige liv har vorte utlevert - med homoseksualitet, familieproblem (ikkje så rart, i grunnen!), og alkoholmisbruk som emne. Han har au skrivi om tomheit og karriere i ein overklassefamilie. Den finskspråklege litteraturhistorikaren Kai Laitinen utropar Kihlman til ein av dei viktigaste forfattarane i finsk litteratur på 1960- og 70-talet i det heile, mest på grunn av evnen til å analysere og blottleggje. Johan Wrede kallar Kihlman ein vegryddar i finlandssvensk litteratur, polemisk og ærleg, men stilistisk ujamn.

Henrik Tikkanen brukte i like stor grad som Kihlman seg sjølv i "bekjennar"-litteraturen sin. Tikkanen var teiknar - m.a. i Dagbladet, og skreiv i forskjellige sjangrar -  også om sitt eige liv. I 1975 til 1977 gav han ut tre memoarbøker, kvar av dei med gateadresse som tittel. Og det var ikkje oppdikta titlar! Nå er ikkje alt i memoarbøker sant, men på ein elegant og skarp måte utleverer Tikkanen sin eigen oppvekst, slekta og klassa. Kva skal ein seia om eit sitat som dette?:
         Min mors första mera betydande älskare var en aristokratisk politiker från  Svenska folkpartiet.
        Han var så omåttligt rik att han betraktade sig som liberal  och bedyrade att inga torpare hade
        skjutits på hans gods (Brändövägen:18).

Død, fyll, svart humor, tragikomikk og bitterheit finst i rikt monn, og Tikkanen unnlet heller ikkje å fortelja kva enkelte i den finlandssvenske overklassa eigentleg meinte om finnar - og om russarar som ikkje var av fint folk. Johan Wrede meiner Tikkanen driv med sjølvterapi, og Warburton skriv at Tikkanen har "förirrat sig i en jag-labyrint". Vel, bøkene til Kihlman og Tikkanen var omstridde og førte til den såkalla Kihlman-Tikkanen-debatten i finlandssvensk offentlegheit, eit ordskifte om overklassedekadanse.

Tredjemann, Jörn Donner, er journalist, filmskapar, forfattar, eks-kommunist og nå (1994) temmeleg blå rikspolitikar for Svenska Folkpartiet. Han har skrivi om så mangt, også om borgarskapet som han kjenner frå innsida, og har behandla kritisk i bøker både på 1950-talet og seinare. "Jacob och friheten", som eg siterte frå, kom i 1978, og er ledd i ei større slektskrønike. Serien til Donner er ei delvis sjølv-biografisk samfunns- og tids-skildring frå 1939 til vår tid, med borgarskapet i fokus. Klassa får sitt, med humor og snert, og som hos dei to andre er det her au muleg å kjenne att folk han skriv om. Eg må minne om kor få finlandssvenskane er, nesten slik at alle kjenner alle. Det forklarar noko av oppstyret.

Eit sidesprang: For ei av bøkene i denne slektskrønika, "Far och son",  fekk Donner Finlandia-prisen i 1986. Her blir ei kvinne med eit "umuleg" italiensk-klingande namn omtala - den før nemnde Mazzarella. Ho er for øvrig diplomatdotter og har skrivi om bakgrunnen sin. Så lite er Svenskfinland!

Språket er ein markør
Både hos Kihlman, Tikkanen og Donner er det svenskspråklege noko sjølvsagt, og vissheita om finsk, det finske folkefleirtalet og og at overklassa skrumpar er samstundes til stades. Motiva varierer hos Kihlman og dei andre, frå fokus på enkeltmennesket, til ein tidsepoke eller ei samfunnsutvikling. Desse motiva kan setja språket i skuggen, men det er alltid der av historiske og sosiale årsaker. Vi kan seia at språkleg identitet er lik klassetilhørigheit. Svensk har  jo vore språket til dei rike og mektige i Finland, og så seint som fyrst på 1980-talet skreiv sosiologane Allardt og Starck at ein femdel av kapitalen i Finland var på finlandssvenske hender.

Den regionale litteraturen
Vi kan setja borgarskapslitteraturen i relieff. I ein skarp artikkel skreiv språkprofessoren Ralf Norrman i 1979 om bildet av finlandssvenskane i litteraturen. Han er ikkje blid på blesten kring «bekjennar-litteraturen»:
        Hur står det till  med sådana författares rätt att uttrycka sig som vill skriva om  det verkliga
        Svenskfinland--- Inga förläggare rycker deras manuskript ur  författernas händer. --- Inga
        massmedia svärmar runt dem eller deras verk. Inga  politiska rörelser tar upp deras verk som
        sina egna - inte vänstern heller, för  man tycks föredra självhatsböcker skrivna av salongs-
        socialister framom böcker skrivna av finlandssvenska arbetare (Horisont 4/9:1).
Dette sto på trykk i kulturtidsskriftet Horisont, som kjem ut i Vasa i Österbotten.

Det tredje særdraget i etterkrigsprosaen eg vil ta opp, er den sterke regionale strømmen, nærmare bestemt det som kan kallast ein sjølvstendig litterær institusjon i Österbotten. Det finst ei sentrum-periferi-konflikt i finlandssvensk litteratur, og i periferien er det Österbotten som har gjort mest av seg. I dette perspektivet står språk og identitet sentralt, både kvar for seg og med språk som ein komponent i identitetsdanninga. Og - i identiteten er det regionale draget mye framme.

Mange hundre kilometer vekk frå hovudstaden har østerbotningane bygd opp sine eigne litterære nettverk, og spesielt kulturarbeidaren, venstreradikalaren og lyrikaren Gösta Ågren har betydd mye opp gjennom åra. Svenska Österbottens Litteraturförening vart grunnlagd i 1950. Tre år seinare tok tidsskriftet Horisont til å komma ut, og i 1957 danna Ågren og andre skriveføre østerbotningar ei diskusjonsgruppe. Mellom anna tok dei for seg den sørfinske dominansen i litteraturen og mangelen på forståing for folkeleg litteratur. I 1973 vart så Författernas Andelslag starta etter at bokmanus av østerbotniske forfattarar hadde vorte refusert i Helsingfors. Dette forlaget har etterkvart fått ein forfattarstall der kvinnene er i fleirtal.

Om sommarane har det vorte stelt til skrivekurs, og skrivande folk langs den smale, svenskspråklege kyststripa har vore flinke til å møtast og støtte kvarandre. Mange av dei østerbotniske forfattarane har vore småkårsfolk utan anna enn den pliktige skulegangen, og har au kunna tilføre finlandssvensk litteratur noko han har hatt lite av, - arbeidarlitteratur.

Tre østerbotniske forfattarar
Eg vil stutt komma inn på tre forfattarar og omtale ein roman av kvar for å gje eit bilde av østerbotnisk etterkrigsprosa. Bøkene er riktignok alle gitt ut av helsingforsforlag, men dei fortel likevel noko om den regionale litteraturen. I «Stadens ofullmäktige» som Wava Stürmer gav ut i 1972 møter vi ei eldre kvinne i ein småby som gjer opprør mot mannsdominanse og inngrodde haldningar, mellom anna ved å øydeleggje stemplingskorta på ein fabrikk og ved å aksjonere mot militarisme. Det er ei godt skriven og fornøyeleg forteljing.

I 1975 kom den fyrste romanen til Lars Sund, «Natten är ännu ung». Det er ein ungdomsroman med handling frå Jakobstad på slutten av 1960-talet. Vi følgjer eit år av livet til ungguten Eki som har vanskar med å finne seg til rette både heime, på skulen og i fritida. Han er for radikal for foreldra, ikkje av fint nok folk for overklassebarna, skulle gjerne ha hatt ein kjæraste, osv. Språkforholda blir problematiserte, - det er ikkje støtt Eki snakkar svensk. Romanen er spekka med dialekt, finske lånord og bannskap, og vekte ganske stor oppsikt da han kom - med grunn: Boka er velskriven.

Det kan ein ikkje seia om «Skruven» av Brita Högnäs-Sahlgren. Denne romanen kom i 1978, og skildrar det vanskelege livet til ei østerbotnisk jente/kvinne. Tea kjem frå små kår, faren døyr, ho forelskar seg i presten,  og omsider gjer ho som så mange andre av sin etterkrigsgenerasjon - flyttar til Sverige. Der blir ho gift og veletablert, men ikkje lykkeleg. Også i denne romanen blir språk og identitet teke opp, blant anna ved at uforstandige svenskar reknar henne som finsk, og ikkje forstår at ho er finlandssvensk. Forfattaren har seinare starta det tospråklege forlaget Sahlgren saman med mannen sin.

Moderne heimstaddikting
Vel, desse romanane er alle moderne heimstaddikting. Berre romanen til Sund er eksperimentell i forteljarstilen, men Sund tilhører au ein yngre generasjon enn dei to kvinnene. Mangel på litterær originalitet og djupn har ikkje styrka sjansane til østerbotniske forfattarar til å bli kjende over Bottenviken, enn sei Kjølen. Österbotningane har heller ikkje vore pådrivarar i fornyinga av prosaformen, - Warburton skriv at «flertalet av dem var ändå starkt traditionsbundna och även misstrogna mot konstnärliga uppfatningar som odlades inom stadskulturen». Men visst finst det originalitet i østerbotnisk litteratur, som hos språkprofessoren og diktaren Lars Huldén, ein som mellom anna har skrivi dikt på dialekt. Eg vil likevel presisere at det er fenomenet østerbotnisk litteratur som peiker seg ut som interessant, ikkje eventuelle bidrag til verdslitteraturen.

Forfattarar frå Østerbotten har ofte henta emne frå bygdemiljø, ikkje frå byen, og dei har hatt arbeidar- eller småbrukarperspektiv i staden for eit borgarleg perspektiv. Vi finn både historiske forteljingar, kvardagsskildringar, heimstaddikting, kvinnesaks-romanar og romanar med politiske over- eller undertoner, helst radikale og ofte knytt til sentrum-periferi-konflikter. Dette er emne som ikkje automatisk interesserer det litterære establishment i storbyen, meiner litteraturprofessoren Torsten Pettersson.

Frå hovudstaden - representert ved Thomas Warburton - blir mye av litteraturen delvis kalla tradisjonsbunden og delvis «nyprovinsiell», utan at det er heidersord. Warburton peiker au på mangel på originalitet og vilje til nytenkjing, men framhevar samstundes Lars Sund, som nå er «stor» både på svensk og finsk side. Andre meir kjende forfattarnamn frå Österbotten er Solveig Emtö, Lars Huldén og Gurli Lindén, forutan den nemnde Wava Stürmer. I ein artikkel frå 1990 om «det österbottniska dilemmat i litteraturen» noterer redaktøren for Horisont, Sven-Erik Klinkmann, at forfattarne nå hentar stoff frå eit vidare felt, og at dei skriv meir personleg enn før - dei har utvikla seg. Det som det har skorta på i østerbotnisk litteratur, er «Gestalter med mänskliga fel och brister, våndor, ångest och komplex, komplikationer som läsaren kan identifiera sig med» (Horisont 2/87:8), skreiv Klinkmann nokre få år tidlegare. I eit forsøk på å finne ideologiske mønster i østerbotnisk litteratur, skil Klinkmann mellom feministane, dei kristeleg orienterte, dei kjempande humanistane - ofte sosialistar, og sist, dei økologisk orienterte (Horisont 2/87). Det syner breidde, om ein fyrst kastar blikket vekk frå hovudstadsregionen..

Kva er det med Österbotten?
Det er oppsiktsvekkjande at det svenskspråklege Österbotten med vel 100000 menneske har hatt eit så rikt litterært liv, og eg trur ikkje noko tilsvarande område i vårt eige land kan vise til noko liknande. I Svenskfinland er Österbotten som ei øy for seg sjølv, der folk i det daglege identifiserer seg meir som østerbotningar enn som finlandssvenskar. Dei har ein sosialt og geografisk bestemt identitet, og i denne ligg språket som ein viktig komponent. Eksempelvis hadde 97,6 prosent av innbyggjarane i den østerbotniske kommunen Korsnäs svensk som morsmål i 1990, og det har vore sagt at dette er den mest 'svenske' kommunen i verda! Somme gonger viser språkproblematikken seg i konflikt med finnar, andre gonger som klassekonflikter blant dei svenskspråklege. Og så er det eit opprør mot Helsingfors i sjølve den litterære institusjonen deira, bygd på denne regionale identiteten.

Vi kan seia at østerbotningane på fleire måtar snakkar eit anna språk enn folk sørpå, i Helsingfors. Verkelegheita er ei anna, folk driv med andre ting og lever under andre språklege og sosiale forhold - borgarskapet er til dømes mindre i nordvest. Sverige er nært både når det gjeld geografisk avstand, mediebruk og mental innstilling, og bortsett frå Åland er det i Österbotten vi finn dei mest svenskspråklege kommunane. Finskkunnskapane kan framleis vera middelmådige hos østerbotningar, dialektene skil seg ut og er mye brukt, og slang og tone er annleis enn i hovudstaden.

Vi kan gå nærare inn på dette. Thomas Warburton hevdar at finlandssvensk litteratur alt i alt er provinsiell og klart klasseprega, med ein østerbotnisk subkultur. Men - østerbotningane har ikkje nødvendigvis skrivi dårlegare enn forfattarfrendar frå bymiljø i sør, meiner Torsten Pettersson, og viser til at ein heil del middelmådige verk av urbane forfattarar har fått meir blest. Nei, her kjem den litterære tradisjonen i Svenskfinland inn. Sven-Erik Klinkmann seier at i møte med den er østerbotniske forfattarar hemma:
         Traditionen påbjuder att de ledande, etablerade författarnamnen skall tillhöra en  krets av
        helsingforsförfattare. Kretsens och författernas namn har varierat men  inriktningen har varit
        klar: manliga, yngre eller medelålders författare ur den helsingforsiska över- eller medelklassen
        är predestinerade att bli finlandssvenska författare med stort F (Horisont 2/87:7).

Ein mann som Thomas Warburton har vore med og prega finlandssvensk litteratur i etterkrigstida, og blir såleis ramma av kritikken - som nok har mye for seg. Også den sterke kvinnebølgja på 70-talet bør vi sjå mye som ein reaksjon på den same manns- og klassetradisjonen.

Når neste store finlandssvenske litteraturhistorie blir skriven, vil ho nok ikkje samle dei østerbotniske namna i eit oppsamlingskapittel for seg sjølv. Dei skrivande østerbotningane har profesjonalisert og profilert seg dei siste tjue åra, og blir nå lagt meir merke til. I framtida vil truleg eit anna moment gjera denne delen av Svenskfinland interessant: om det svenske språket vil overleva i Åboland, Nyland og Helsingfors. Eg er ikkje er spesielt optimistisk, og helsingfors-forfattaren Kjell Westö seier det slik: «Min språkgrupp har en lysande framtid bakom sig» (85).

AVRUNDING
Oppsummering
«Språk og identitet. Nokre særdrag i finlandssvensk prosadikting etter 1945» har vorte behandla frå to sider. Fyrst har eg vist at dei fleste finlandssvenskar - med forfattarane - lever i ei tospråkleg verkelegheit. Eg har au gitt eit stutt oversyn over strategiar finlandssvenske forfattarar kan velja både tematisk og reint språkleg i prosaen andsynes denne verkelegheita. I samband med dette har eg skissert tre måtar språkleg identitet kan bli vist på, som det eg kallar 'svensk i Finland', 'normal finlandssvensk' og 'tospråkleg finlandssvensk'.

I den andre delen av utgreiinga har eg teke for meg tre særdrag ved etterkrigsprosaen. Hos dei kvinnelege forfattarane er det to tendensar. Den eine er at identiteten som kvinne veg meir enn den tilhørigheita språk kan gje, og den andre er at språk blir gjort til eit ikkje-tema. Det siste har dei til felles med ein stor del av dei mannlege forfattarkollegaene sine. I den sjølvkritiske borgarskaps-litteraturen heng språkleg identitet og klassetilhørigheit nøye i hop. I det sterke østerbotniske innslaget i finlandssvensk etterkrigsprosa finn vi ein geografisk og sosialt bestemd identitet, med språket som ein delkomponent.

Litteraturen som spegel?
Dette får stå som ein konklusjon. Eg kunne ha drege fram anna prosadikting, og vi ville da ha sett delvis andre måtar å behandle språk og identitet på. Svenskfinland fekk ei radikal, samfunnskritisk bølgje i litteraturen på 1960-talet, for eksempel. Dei tre sidene ved finlandssvensk etterkrigsprosa som eg har gjort greie for, legg som vi ser ulik vekt på den språklege sida ved identitet. Felles for dei er at ei språkleg bevisstheit alt finst i språket det blir skrivi på, sia det skjer i eit samfunn der finsk dominerer. Og dét er ikkje like lett i alle sjangrar, mest av skrivetekniske årsaker, og - det kan på si side påverke motivvala i litteraturen.

Eg vil derfor gå vidare, og syne korfor eg meiner at finlandssvensk litteratur som eit heile ber preg av det rommet forfattarane og kulturen deira lever i. Dei kvinnelege forfattarane har til ein stor grad vend det språklege ryggen, men er ikkje åleine, som vi skal sjå.
         «Den tänkande prosan, den historiska och kulturhistoriska essän, dagböckerna om både samtid och det förflutna --- karakteriserar den finlandssvenska litteraturen» (stensil), meiner Marianne Bargum. Dette er sjangrar som slik sett er konsentrert i språket og au sterkt knytt til individet - ein parallell til poesien. Og Warburton skriv småspydig om den finlandssvenske trongen til «självbespegling och ensamhetskänsla». Djuptborande, psykologiske skildringar finst det godt om aust for Bottenviken.

Dei to store barnebokforfattarane Tove Jansson og Irmelin Sandman-Lilius har dikta opp eigne verkelegheiter. Nå er ikkje fantasiforteljingar akkurat uvanlege i barnelitteraturen, men det er verd å merke seg at dei tilsvarande namna på norsk og svensk side, Anne-Cath Vestly og Astrid Lindgren, held seg likevel meir i samtida og verkelegheita enn dei to finlandssvenske forfattarkollegaene sine.

Trygve Söderling peiker på reisa, trippen som mye brukt motiv i nyare finlandssvensk diktekunst - «man behöver inte leva som man vuxit upp, bland borgarna där hemma». I staden for å skildre samtida heime, vel mange å leggje handlingane sine til heilt andre miljø, der den velkjende, heimlege minoritets- og identitetsproblematikken blir eit ikkje-tema. Söderling skriv au at den realistiske tradisjonen er svak i yngre finlandssvensk litteratur, og peiker på at det motsette er tilfelle på finsk side. Det same ser vi i arbeidardiktinga, - Svenskfinland har lite arbeidarlitteratur å vise til, - ja, ikkje i det heile som sjanger, meiner Warburton.

Det eg vil med denne raske gjennomgangen, er å vise ein tendens til å skrive om noko anna enn ei tospråkleg samtid - og dette meiner eg særpregar finlandssvensk prosa. Da slepp ein å skulle skildre på svensk noko slikt som eit fyrste mai-tog med banner på finsk. Ralf Nordgren er ein som har forsøkt. Merete Mazzarella fortel at han  genom att översätta  de finska banderollernas slagord till svenska gjorde  om verkligheten och skapade sig ett alldeles eget första maj-tåg (Horisont  6/79:61), og dét var ikkje uproblematisk. Dette viser så tydeleg kva makt språket kan ha over det ein er i stand til å skrive om - og skrive truverdig om.

Eg har ikkje glømt at undersøkinga til Kjell Herberts fortel at språkmøte blir skildra i finlandssvensk prosa. Eg kjenner au til det provinsielle stempelet prosaen har fått, som burde motbevise det eg seier. Men det eg peiker på, er eit anna mønster som ikkje treng utelukke navlegransking, og det er kanskje lettare å sjå mønsteret på avstand.

Lyrikken er ei frihamn, ein heim
I dag kan det ikkje vera anna enn vanskeleg å gje uttrykk for verkelegheita i Finland på svensk. Ein er da på tryggare grunn om ein skriv om emne som ikkje krev problematisering eller synleggjering av språkforholda, som eg var inne på i samband med kvinnelitteraturen. Det vesle, finlandssvenske forfattarmiljøet har vore temmeleg homogent og litteraturen provinsiell, peiker Thomas Warburton på. Ein annan måte å seia det på er at finlandssvensk litteratur har vore sjølvoppteken.

Ja, lyrikken kan vera ei frihamn der ein kan gå inn i språket, utan å ta omsyn til dialogar, butikkreklame, avisoverskrifter og den verkelegheita som ikkje kan vera lett å skildre på eit minoritetsspråk i eit samfunn som for dei fleste er eittspråkleg, ikkje svensk, men finsk. Derfor trur eg at finlandssvenske forfattarar har hatt så lett for å gå inn i poesien, utnytte dei mulegheitene som finst der, og så gjera det på ein måte som stiller prosaen i skuggen.  Kanskje kan det finnast tomrom i tematikken i finlandssvensk prosa, altså at det er emne som er unngått fordi dei er for vanskelege ut frå språk og identitet. Det er muleg å tenkje seg at slike litterære tomrom ikkje er spesielle for finlandssvensk litteratur, men finst att i annan "grenselitteratur", som walisisk litteratur frå  sør-Wales, danskspråkleg litteratur frå Schleswig-Holstein, tyskspråkleg frå sør-Tyrol. Å finne ut av det, er ikkje mi oppgåve, men her ligg det eit interessant arbeid og ventar for den rette.

Sluttord
Eg meiner altså å ha oppdaga ein tendens i finlandssvensk etterkrigsprosa til å velja motiv som unngår å setja det finlandssvenske dilemmaet i ei samfunnsramme: Det å tilhøre ein minoritet, og delvis vera rekna som fremmend i eige land, og heller ikkje høre heime i det landet der eins eige språk er majoritetsspråk - Sverige. Som forklaring på at den realistiske tradisjonen står svakt, skriv Trygve Söderling at det kan komma av at dei finskspråklege utgjer over nitti prosent, «och att stora sektorer av livet därför är svåra att «översätta», i den mån man alls känner till dem» (Horisont 1/87:29). Eg vil setja dette i samanheng med den språklege usikkerheitskjensla Bengt Holmqvist meinte har hemma finlandssvensk prosa. Desse momenta meiner eg kan ha prega etterkrigsprosaen på den måten at ein del forfattarar har vegra seg for å skildre sider ved det finske samfunnet  - fordi det er vanskeleg, tematisk, stilistisk og for somme truleg også: personleg.

Eg vil heilt til slutt stille to spørsmål: Er det muleg at det finst tematiske tomrom i finlandssvensk prosa - emne som ikkje har vorte tekne opp? Eg ser ikkje bort frå det. Merete Mazzarella er inne på det same; ho skriv at det tydelegvis
         vållar många finlandssvenska författare stora svårigheter att beskriva en  tvåspråkig miljö på
        svenska.  --- Det är knappast förvånande att många --- hellre skildrar enspråkigt svenska
        miljöer. Eller at de väljer att skriva lyrik (Horisont 6/79:61).

Slik sluttar artikkelen til Mazzarella, og spørsmål nummer to er ei oppfølgjing: Kan det at finlandssvenske forfattarar må vera så bevisste andsynes både sin eigen identitet og det språklege uttrykket vera ei årsak til at så mange skriv lyrikk - og stor lyrikk? Det er i poesien vi finn dei finlandssvenske bidraga til det kulturelle fellesgodset i Norden - og til verdslitteraturen, ikkje i prosaen. Eg begynte med lyrikk, og sluttar med det. Eit dikt av Lars Huldén frå 1974 kanskje gjev svar som kan brukast på spørsmåla eg stiller - og i allfall på andre: Nej!



Litteraturliste:

Bargum, Marianne: artikkel frå 1988 (i stensil)
Cleve, Anders: Gatstenar (novellesamling) 1979
Donner, Jörn: Jacob och friheten (1978), Far och son (1986) (romanar)
Finlandssvensk rapport nr. 20, Finlands Svenska Folkting, Helsingfors
Holmqvist, Bengt: referert i artikkel av S. Silvander i Horisont 6/80, Vasa
Huldén, Lars: Nej! 1974
Jansson, Tove: Vem kan trösta Knyttet (barnebok)
Jones, W. Glyn: instituttseminar ved Svenska institutionen, Åbo Akademi, hausten 1992
Klinge, Matti: Alla finnar är svenskar
Klinkmann, Sven-Erik: artiklar i Horisont 1/87, 2/87 og ?/90
Laitinen, Kai: (litteraturhistorie)
Mazzarella, Merete: artiklar i Horisont 6/79, 6/80
Norrman, Ralf: artikkel i Horisont 4/91
Randström, Stefan: Skuld (roman)1992
Silvander, Selim: artikkel i Horisont 6/80
Söderling, Trygve: artikkel i Horisont 1/87
Tikkanen, Henrik: Brändøvägen: 18
Tikkanen, Märta: Män kan inte våldtas
Warburton, Thomas: (finlandssvensk litteraturhistorie)
Willner, Sven: 70-talet i finlandssvensk litteratur

Desse forfattarane har eg også nytta: Erik Allardt og Christian Starck, Kjell Herberts, Torsten Petterson, Kjell Westö og Johan Wrede. I tillegg har eg mellom anna brukt litteraturhistoriene til Kai Laitinen og Thomas Warburton, og ein del materiale frå Finlands Svenska Folkting. Eg seier meg lei for at litteraturlista er ufullstendig. Artikkelen er lagt til rette for internett i august 1998, og finst her. Denne utvida utgåva er lagd ut 23.2. 1999.



Vestads vevstad   Ymseposten   Mål og middel   Bokinnsynet   Privaten   Lesarbrev