|
Fire
år med Vestads vevstad
I
midten av mai 1998 kom Vestads vevstad på nettet for fyrste gong. Denne
vevstaden for språk, media, litteratur og ymse anna var da plassert hos
GeoCities, på adressa www.geocities.com/Athens/Academy/2946.
Der ligg stoff frå det fyrste Vevstad-året framleis ute. Dei siste åra har
nettstaden vore å finne hos Høgskulen i Volda, på http://www.hivolda.no/jpv.
Nytt
stoff blir lagt ut med ujamne mellomrom, og emna varierer. Det har vorte mye
om media og nynorsk, mindre om litteratur og andre interessante emne, for
eksempel minoritetsspråk. Eg kunne også ha tenkt meg å leggje ut fleire
intervju. Ymseposten, som eigentleg er den delen av nettstaden eg liker best,
har vorte forsømt.
Kvar
dag er det +/- ti besøk på Vestads vevstad, og kvar månad er det mellom 200
og 400 som kikkar på sidene. Desse fire åra har Vestads vevstad i alt hatt
om lag 13000 besøk, og i tillegg kjem Radioordlista, som lever sitt eige liv
på GeoCities og har hatt nesten 1900 besøk av radiointeresserte frå inn- og
utland. Dei fleste lesarane kjem sjølvsagt frå Noreg, men nettstaden har også
faste lesarar i Sverige, Danmark og Finland. I tillegg kjem det
slengarar frå Belgia, Nederland, Storbritannia, USA og andre land.
Eg
har fått ein del hyggjelege tilbakemeldingar, og det set eg sjølvsagt pris på.
Nettstaden har vorte omtalt i Journalisten, Norsk Tidend og Møre-Nytt, og Stål
Talsnes iTV2 nemnde Vestads vevstad da han vart intervjua av ABC Startsiden om
internettstader han likte å sjå innom. Slikt gler! I boka tekst.no av Ture
Schwebs og Hildegunn Otnes (LNU/Cappelen 2001) er Vestads vevstad nemnt slik:
Jon Peder Vestads nettsted Vestads vevstad (www.hivolda.no/jpv)
er et slags kulturtidsskrift som drøfter språk og litteratur, journalistikk
og medier. Leserne inviteres også til å sende inn tekster som Vestad så
legger ut på vevsidene sine (s. 176). Elles kan eg nemne at eg veit av
eitt tilfelle der eit pressebyrå brukte ei sak frå vevstaden, utan å vise
til kjelde. Etter kvart er det lenkjer frå ganske mange nettstader til sidene
mine, medan eg ikkje er like flink til å oppdatere og tilføye aktuelle og
interessante lenkjer
I
tida som kjem, blir det lagt ut nytt stoff når eg har tid og ork. Er ein
innom eit par gonger i månaden, skulle ein få med seg det meste eg
fjernar jo ingenting
Stoff frå lesarar er eg sjølvsagt interessert i, men
mest av alt er eg opptatt av at lesarane skal få glede og nytte av
nettstaden.
Jon
Peder Vestad, vevvert
Lagt
ut på nettet 24. mai 2002
|