| Ymseposten | Mål og middel | Bokinnsynet | PrivatenLesarbrev |
 
Festspel på trass

På opninga av Dei Nynorske Festspela 1999 sa kulturministeren at lokalsamfunnet må "eige" festspela. Tre dagar før festspela skulle ta til meir enn halverte festspelstyret det som skulle vera årets nynorskhøgtid, og skulda på ein sjukemeld tilsett. Det var lyrikaren Åse-Marie Nesse som gjorde at festspela i Ørsta og Volda ikkje vart heilt mislykka. 

Laurdag 11. september opna kulturminister Anne Enger Lahnstein Dei Nynorske Festspela 1999. Det skjedde i Ørstahallen, med berre knapt 100 betalande publikummarar i salen. Til stades var også innbedne gjester, og dei mange ledige stolseta i Ørstahallen synte klart at interessa for festspela ikkje var stor midt i Aasen-land. Leiaren i festspelstyret, Øystein Grønmyr, sa likevel før kulturministeren slapp til at han håpte at folk ville slutte opp om festspela, og takka for god hjelp frå friviljuge. 

Eit nynorsk "fyrtårn"
I opningstala si nemnde kulturminister Anne Enger Lahnstein at ein lesarbrevforfattar i Møre-Nytt hadde etterlyst ein sterkare lokal profil på festspela. Kulturministeren sa at for å få den nødvendige krafta til å gjennomføre slike arrangement, må dei ha lokalt eigarskap - lokalbefolkninga må føle at dette er deira eige. Dette merkte nok det forholdsvis anonyme og lite lokale styret for festspela seg. 

Kulturministeren peikte på dei djupe røtene nynorsken har i Ørsta og Volda, mellom anna ved diktarinnsatsen til folk som Anders Hovden og Anders Vassbotn, og sjølvsagt Ivar Aasen. Nå såg kulturministeren fram til opninga av Nynorsk Kultursentrum i Ivar Aasen-tunet i Hovdebygda i Ørsta, og dette senteret meinte ho kunne ha stor lokal verdi, forutan betydning nasjonalt og internasjonalt. Når staten har engasjert seg såpass sterkt for å få til dette nye senteret, var det fordi ein ser kor viktig eit slikt nynorsk "fyrtårn" kan vera.

Språklova skal følgjast betre 
Arva etter Ivar Aasen har gitt auka respekt for talemålet, og dermed gjort folk tryggare språkleg. Livsverket til Ivar Aasen har gjort folkemålet til eit riksspråk, og dette har nok vore med på å gjera Noreg til eit språkleg annleisland og nordmenn meir antiautoritære, sa Anne Enger Lahnstein. Kulturministeren meinte vidare at nynorsken er på offensiven i samfunnet vårt, og viste mellom anna til arbeidet Landssamanslutninga av nynorskkommunar gjer. Ho lova at regjeringa skal arbeide for at språklova blir følgd betre, at språket skal bli betre og at nynorsken skal brukast oftare.

Godord frå ordførarane
Ordførarane i Ørsta og Volda var av dei som har måtta teke noko av støyten etter at festspelstyret valde å gjera festspela stuttare. Volda-ordførar Knut Bere sa at avgjerda til styret var forståeleg, og han la vekt på at landet treng ei festveke tileigna nynorsken. Ørsta-ordførar Nils Taklo ønskte direktør Ottar Grepstad lykke til med å byggje opp Ivar Aasen-senteret i Hovdebygda, og nemnde at det lokale perspektivet må med også her. 

Per Arne Skomsø kåserte om hornmusikk og nynorsk. Dette meinte han skulle bli ei umuleg oppgåve, men han greidde det på ein vittig og slåande måte. Skomsø er leiar for fylkeskulturutvalet i Møre og Romsdal, og heldt forøvrig ei tankevekkjande, engasjert tale på Ivar Aasen-stemnet i Aasen-tunet søndag. Der la han vekt på behovet for å styrkje kulturelle motkrefter som kan arbeide mot sentraliseringstendensane i samfunnet.

Boikott av festspela?
Attende til opningshøgtida i Ørstahallen laurdag. Årets festspeldiktar, Åse-Marie Nesse, las fire av dikta sine, og Sunnmøre Baarelag framførte to melodiar. Frontfigur Kyrre Grimstad tileigna festspelleiinga songen "Dei lika ikkje musikk", fordi konserten Baarelaget skulle halde, vart stroken av festspelprogrammet. Dette fann ikkje Sunnmøre Baarelag seg i, og held likevel konserten på Studentkroa i Volda som planlagt fredag. Dansefantane hadde tydelegvis forsvunne alt frå programmet på opninga, medan Dagfinn Nupen var der og spelte på neverhorn. 
 
Eli Strand var programleiar for opningshøgtida, og gjorde gode miner til godt spel. Strand er eit kjent ansikt og ein markert nynorskbrukar, og ho vedgjekk med eit smil at ho fekk jobb i TV2 fordi ho var kvinne, blond og nynorskbrukar…  Oppdraget hennes var omme etter åtti minutt, og tilstellinga kosta 100 kroner. For mye, meinte somme, og det vart sagt at ein del boikotta festspela, riktignok ikkje på grunn av prisen. 

Nye mållagsmedlemmer
Laurdag var det også markering ved Ivar Aasen-statua i Ørsta sentrum, og i Volda oppmoda Volda mållag folk til å velja nynorsk. Laget fekk nye medlemmer, og var ei frisk avveksling frå all partipolitikken som fekk blest denne laurdagen, rett før kommune- og fylkestingsvalet. I Volda vart også festspelutstillinga opna for fullt hus laurdag, i år med måleri av kunstnaren Raymond Klæbo (1921-1998). Det var meir glissent på kveldssetet festspela hadde på Vikingfjord Hotell i Ørsta seinare i kvelden, iallfall om ein tenkjer på dei som var dansa og drakk i samband med festspela. 

Stemne og vandring i Aasen-land
Søndag var det som nemnt Ivar Aasen-stemne i Hovdebygda. Oppmøtet var enda mindre enn ved opningshøgtida, men publikum fekk eit program som spende frå nynorsk song ved folkemusikkduoen Ferdafolk og Vox Virorum til nynorsk tale ved Per Arne Skomsø. Mange var nok også huga på å sjå det nye Aasen-senteret som nå tek form i Aasen-tunet. 

Ved praktbygget som Sverre Fehn har teikna, endte Ivar Aasen-vandringa som begynte tidlegare på søndagen. På denne vandringa tok historieprofessor Jostein Nerbøvik med seg i overkant av tretti turgjengarar frå Sivert Aarflot-museet på Ekset til Aasen-tunet i Hovdebygda, med stopp hos Brænne Mineralvatn AS i Furene. Nerbøvik forklarte grundig korleis Sivert Aarflot sette i gang bokutlån, "søndagsskule" og trykkeri, og skapte eit lærdomsmiljø som Ivar Aasen fekk nytte av. Bjørn Aarflot synte fram ei av dei gamle pressene i trykkeriet, og dessverre vart det for lita tid til å sjå ordentleg på den nye trykkeriutstillinga i museet. 

Ivar Aasen-vatn på flaske
Turen til Aasen-tunet gjekk på asfalt og grus til Aasen-tunet, med ei etterlengta pause hos Brænne Mineralvatn. Der spanderte direktør Martin Brænne spekemat, laks og brus, med fløytespel attåt. Bedrifta marknadsfører seg på nynorsk, og gjev arbeid til om lag 25 personar. Det er ikkje berre lett å vera liten, fortalde Brænne, og det var nok ei oppfatning ihuga nynorskbrukarar kunne kjenne seg att i. I vareutvalet til Brænne finn vi mellom anna kjedevatnet Fjellbekk, som kjem frå det som blir kalla Ivar Aasen-kjelda rett attom fabrikken.

Åse-Marie Nesse imponerte
På Volda Turisthotell vart det nok ikkje berre servert Brænne-brus på kveldssetet med festspeldiktaren Åse-Marie Nesse. Mellom tretti og førti hadde møtt fram for å høre lyrikaren lesa sine eigne dikt, og det var ei lita, men lydhør forsamling ho møtte søndagskvelden. Over nitti var møtt fram da Nesse dagen etter heldt føredrag på Høgskulen i Volda om "Frå Faust til Gynt". Nesse har sett om Faust I og II av Johann Wolfgang Goethe frå tysk til norsk, og ho fortalde at ho hadde funne Faust i boksamlinga til Ivar Aasen. Han hadde sett merke to stader i boka. Det eine merket var ved eit kjenslefylt bøneprega dikt som sluttar med orda "eg gret, eg gret så lenge, mitt hjarta brest i to". Det andre merket hadde ho funne ved eit sitat som på norsk lyder slik: "Eit publikum er tungt å tilfredsstille, prøv heller å forvirre dei"... Dette kunne vera ord både til trøyst og åtvaring for festspelstyret. 

Åse-Marie Nesse har stått for den fjerde omsetjinga av Faust frå tysk til norsk, og ho kunne fortelja at det finst ikkje mindre enn tjue omsetjingar på russisk! I samanlikninga mellom Peer Gynt av Henrik Ibsen og Faust av Goethe, la ho vekt på både kontrastar og likskap. Medan doktor Faust er ein sprenglærd professor som søkjer ny kunnskap gjennom erfaring, er Peer Gynt ein som skummar fløyten her og der, ein turist både geografisk, historisk og i kunnskapsverda. Mange stader parodierer Ibsen ope Faust og harsellerer med tysk romantikk. Dei to forfattarane fann det nasjonale for snevert, men både Faust og Peer Gynt er rekna som dei mest nasjonale eposa i kvart sitt språk.

Mangelfullt førearbeid
Føredraget til Åse-Marie Nesse var det einaste som vart arrangert på Høgskulen i Volda. Heilt tilfeldig oppdaga ein tilsett at det ikkje var ordna med rom til føredraget, og det var friviljug innsats som greidde å berge stumpane av festspela. Noregs Mållag lånte ut Grete Riise nokre dagar, Frivilligsentralen stilte med kontor trass i blanda erfaringar med festspela tidlegare, og ein del tok på seg praktiske oppgåver som festspelstyret ikkje greidde å ta seg av. Mellom anna selde leiaren i Noregs Mållag, Oddmund Hoel, billettar på nokre tilstellingar. Folk frå mållaga i Ørsta og Volda, som har vore halde utafor festspelstyret dei siste åra, gjorde også sitt til at festspela ikkje vart ein rein fiasko på grunn av mangelfullt førearbeid frå festspelstyret. 

Nesse skapte fest
Om det var noko som verkeleg gav eit løft og kunne gjera det verdt å reise til Dei Nynorske Festspela 1999, var det festspeldiktaren Åse-Marie Nesse. På opninga laurdag, Aasen-stemnet og kveldssetet søndag og føredraget måndag synte ho kva for ein dyktig lyrikar og omsetjar ho er. I tillegg er ho ein god opplesar og formidlar, og mange sit att med sterke kjensleinntrykk og nye innblikk etter å ha hørt Nesse lesa. Av alle dei vala festspelstyret har gjort, var iallfall utpeikinga av Nesse som festspeldiktar heldig. Om styret vel å trekkje seg etter årets innsats elles, vil nok det også bli sett på som eit godt val.

Av Jon Peder Vestad.
Lagt ut på internett 14.9. 1999, endra noko 15.9.
   
 
 

 

 
| Ymseposten | Mål og middel | Bokinnsynet | Privaten | Radioordlista | Lesarbrev |