| Nytt program
for Dei Nynorske Festspela 1999
Styret for Dei Nynorske
Festspela har vedteke å korte ned på festspela i år.
Festspela opnar nå laurdag 11. september, og blir avslutta tysdag
14. om kvelden.
På ein pressekonferanse
onsdag 8. september fortalde styreleiar Øystein Grønmyr at
festspela - med eitt unnatak - går som planlagt frå laurdag
til og med tysdag. Da den daglege leiaren for festspela vart sjuk rett
før festspela skulle begynne, viste det seg at festspelleiinga ikkje
var i stand til å gjennomføre det oppsette programmet utan
hans hjelp.
Med dugnadsinnsats går
likevel store delar av festspela som planlagt. Utover i veka blir det framleis
muleg å besøkje festspelutstillinga og Sunnmørsutstillinga,
og ungdomsmønstringa Salamander Show laurdag 18. september blir
arrangert som planlagt. Dei programpostane som blir avlyst i år,
håper ein blir å finne i festspelprogrammet neste år.
Fredag 10.9. - tjuvstart!
18.00
Sunnmørsutstillinga
1999 blir opna i Svendsengarden i Ørsta sentrum. Årets utstillar
er multikunstnaren Astrid Eidseth Rygh. Opningstider: laurdagar 11.00-15.00,
søndagar 13.00-16.00 og 18.00-20.00, kvardagar 11.00-1500 og 18.00-20.00.
Laurdag 11.9.
11.00
"Vel nynorsk!". Volda mållag
grip inn i valinnspurten i Volda sentrum.
11.00
Sunnmørsutstillinga
1999 er open 11.00-1500.
14.00
Markering ved Ivar Aasen-monumentet
i Ørsta sentrum. Ottar Grepstad, direktør ved Nynorsk kultursentrum,
kor og korps tek del.
16.00
Opningshøgtid i Ørstahallen,
Ørsta sentrum. Kulturminister Anne Enger Lahnstein, festspeldiktar
Åse-Marie Nesse, Per Arne Skomsø, Dansefantane, Sunnmøre
Baarelag og Dagfinn Nupen tek del. Programleiar er Eli Strand frå
TV2-sporten. Inngang kr. 100.
19.30
Opning av festspelutstillinga
ved
kulturminister Anne Enger Lahnstein. Årets festspelkunstnar er kunstmålaren
Raymond Klæbo (1921-1998). Enkel servering. Inngang kr. 30.
21.00
Kveldssete på Norlandia
Vikingfjord Hotell i Ørsta. Middag og underhaldning, musikk og dans.
Inngang kr. 75, middagsgjester gratis.
Søndag 12.9.
12.00
«I Ivar Aasens fotefar»
med historieprofessor Jostein Nerbøvik. Oppmøte på
Ekset i Volda. Omvising i Sivert Aarflot-museet på Ekset, der ein
kan sjå utstyr frå det fyrste trykkeriet på landsbygda
i Noreg, i drift frå 1810. Turen går vidare på vegar
og stiar til Aasen-tunet i Hovdebygda, der Ivar Andreas Aasen vart fødd
i 1813. Deltakingsavgift kr. 75, med servering ved Brænne Mineralvatn
AS. Turdeltakarane rekk sjølvsagt Ivar Aasen-stemnet.
13.00
Sunnmørsutstillinga
1999 er open 13.00-16.00 og 18.00-20.00.
15.00
Ivar Aasen-stemne, med song
av koret Vox Virorum og visesonagern Astrid Gjersdal. Per Arne Skomsø,
leiar av fylkeskulturutvalet i Møre og Romsdal, held stemnetala.
Programleiar er Linda Eikrem, NRK Møre og Romsdal. Inngang kr. 100/50.
18.00
Festspelutstilling på
Spinneriet i Volda. Inngang kr. 20.
20.00
Kveldssete med festspeldiktar
Åse Marie Nesse på Volda Turisthotell. Inngang kr. 50.
Måndag 13.9.
11.00
Sunnmørsutstillinga
1999 er open 11.00-15.00 og 18.00-20.00.
14.00
Føredrag ved Åse
Marie Nesse: «Frå Faust til Gynt». Stad: Vesle auditorium
i Berte Kanutte-huset, Høgskulen i Volda. Gratis inngang.
18.00
Festspelutstilling på
Spinneriet i Volda. Inngang kr. 20.
Tysdag 14.9.
11.00
Sunnmørsutstillinga
1999 er open 11.00-15.00 og 18.00-20.00.
18.00
Festspelutstilling på
Spinneriet i Volda. Inngang kr. 20.
19.30
Orgelkonsert i Volda kyrkje.
Ragnar Aske (orgel), Ann Cesilie Skundberg (song) og Marianne Giske (trompet)
speler mellom anna Olavsmusikk frå 1100-talet, verk av Ludvig Nielsen
og Ragnar Ørstavik. Inngang kr. 50.
Den offisielle delen av
festspela sluttar tysdag kveld.
Onsdag 15.9. - fredag
17.9.
11.00
Sunnmørsutstillinga
1999 er open 11.00-15.00 og 18.00-20.00.
18.00
Festspelutstilling på
Spinneriet i Volda. Inngang kr. 20.
Laurdag 18.9.
11.00
Sunnmørsutstillinga
1999 er open 11.00-1500.
18.00
Festspelutstilling på
Spinneriet i Volda. Inngang kr. 20.
19.00
Salamander Show på
Ørsta Samfunnshus. Ung kultur i ulike variantar med dramagruppa
Air Condition, dansegrupper frå Ørsta/Volda ballettskule,
videogruppa KLOOM, band som Dajewo, Tulipan, Syfoon og Transit, solistar
og klesdesignarar. Inngang kr. 30.
Søndag 19.9.
13.00
Sunnmørsutstillinga
1999 er open 13.00-16.00 og 18.00-20.00.
18.00
Festspelutstilling på
Spinneriet i Volda. Inngang kr. 20.
BILLETTSAL: I Volda får
du kjøpt billettar på Frivilligsentralen, tlf 70078838. Billettar
får du også kjøpt på tilstellingane.
Slik kjem ein hit:
- med buss frå Oslo,
Bergen, Trondheim
- med tog til Åndalsnes
og buss derifrå
- med Widerøe-fly
til Ørsta/Volda Lufthamn Hovden (tlf 70076100)
- med fly til Vigra og buss
derifrå
- med hurtigruta til Ålesund
eller Torvik, og buss derifrå
Overnatting i Volda:
Volda Turisthotell (Porse),
Volda: tlf 70077050
Leiteland Camping, Volda:
tlf 70076330
Aurstad Hytter og Camping,
Austefjorden: tlf 70050053
Kalvatn Turistsenter, Austefjorden:
tlf 70050130
Studentsamskipnaden i Volda,
Volda: tlf 70075240
Overnatting i Ørsta:
Norlandia Vikingfjord Hotell,
Ørsta: tlf 70066800
Norlandia Sagafjord Hotell,
Sæbø: tlf 70040260
Ørsta Camping, Ørsta:
70066477
Møre Folkehøgskule,
Ørsta: tlf 70041999
Rjånes Ungdomssenter,
Håvoll: tlf 70041533
Brudevoll Gard/Hytteutleige,
Brudavollen; tlf 70067105
Turistinformasjon i Ørsta:
tlf 70068518, i Volda: tlf 70076582 (kulturkontoret)
VELKOMMEN TIL FESTSPEL!
Denne informasjonen er lagt
til rette for internett 8.9. 1999 av Jon Peder Vestad, som er utan ansvar
for mulege feil.
|