| Ymseposten | Mål og middel | Bokinnsynet | Privaten | Lesarbrev |
 

 
Ferjesongar frå Vestlandet

Ferjene bind store delar av kyst-Noreg saman. Dei er til glede og irritasjon, ikkje minst det siste når ein ikkje rekk ferja, eller ikkje får plass. Hans Morten Sundnes har dikta ferjesongar som folk kan syngje med på.

For folk som ikkje er van med ferjer, kan det verke rart at ferjene har så mye å seie langs kysten. Ferjene fører ofte til eit bestemt kjøremønster, gassen blir pressa ned og fartsgrensene glømt når ferjeavgangen nærmar seg. Kolonnekjøring i kyst-Noreg er ofte det same som at det kjem bilar frå ei ferje, eller at det er ein bøling bilar som skal nå ferja. Og somme gonger går det inga ferje. Ja, somme gonger? Mange stader sluttar ferjene å gå tidleg på kvelden, og vanlegvis sluttar ferjene å gå før midnatt. Korleis hadde det vore for folk andre stader i landet å ikkje kunne sjå ferdig ein kinofilm fordi dei måtte kjøre heim før vegen deira vart nattestengd? 

Ferjene knyter folk i hop, og dei skil mellom folk. Dei er noko trygt, men skaper også usikkerheit. Rekk vi ferja? Får vi plass? Noko av dette er Hans Morten Sundnes innom i ferjesongane han har skrivi, Fireferja, Ikkje senk bommen! og  Og Tingvoll går. Songane er skrivne til ferjemusikalen "Kor djupt eit kjøvatn" og har kjende melodiar, så syng med!

Av Jon Peder Vestad
 

Fireferja

Tekst: Hans Morten Sundnes
Melodi: Leavin`on a jetplane/John Denver

Nå er bilen stinn
Og bagen pakka
Fjernkontrollen er i jakka.
Mikron og katta skal du få.
Jeg har Chivasen i hanskerommet
Og en cognac i hver lomme
Seltersen og brusen får du og.

Så sipp litt
Og rop på meg,
Si at feilen var hos deg,
At jeg egentlig er kjempegod.
Jeg drar med fireferja.
Er lei av å bli herja med.
I kveld så skal jeg se på TV2.

Jeg er lei av å bli kalt for dum
Hver gang jeg søler barberskum
Og hva er galt med ost og syltetøy
Nå skal sokkene få flyte fritt
For alt jeg har er bare mitt
Og skitne badegulv er bare gøy.

Så sipp litt 
Og rop på meg.
Si at feilen var hos deg,
At jeg egentlig er kjempegod.
Jeg drar med fireferja.
Er lei av å bli herja med.
I kveld så skal jeg se på TV2.

Hvorfor blir du alltid trett
Hver gang jeg kjøper tangasett
Alltid må jeg prøve dem ut selv.
Øya dine stikker ut
Og du kysser som en oppvaskklut
Jeg tror nok jeg var deiligst likevel.

Så sipp litt 
Og rop på meg.
Si at feilen var hos deg,
At jeg egentlig er kjempegod.
Jeg drar med fireferja.
Er lei av å bli herja med.
I kveld så skal jeg se på TV2.
 

Ikkje senk bommen! 

Tekst: Hans Morten Sundnes
Melodi: More than a woman/BeeGees

Vegen svingar, det er glatt,
Eg har tre kilometer att,
Men det er fireferja og
Her går det ikkje fleire tog.

Klokka er blitt fire på,
Eg pressar ut ein blå renault,
Om du vil ha ein ferjeplass,
Så må du bruke makt og gass.

For på den andre kaia, der står Gro,
Og ho har auge som ein fjord.
Den mjuke munnen hennar er så god.
Ikkje la ho gå i frå meg, ikkje legg i frå.
Asfalten på ferjekaia er så kald og grå.

Ikkje senk bommen!
Ikkje senk bommen for meg.
Ikkje senk bommen!
Ikkje senk bommen for meg.

Bilane er komne på
Ferja er klart til å gå,
Men eg gir ikkje opp så lett 
Og står på hornet i eitt sett.

Bilen brøler, hjula brenn.
Gro har hatt ein annan venn,
Men han skal aldri meire klå,
Så lenge eg kan gasse på.

Men midt i vegen der kjem Tor,
Han køyrer grus og pukk og stein,
Det er for seint å setje bremsespor.
Ikkje la ho gå i frå meg, ikkje legg i frå.
Asfalten på ferjekaia er så kald og grå.

Ikkje senk bommen!
Ikkje senk bommen for meg.
Ikkje senk bommen!
Ikkje senk bommen for meg.
 

Og Tingvoll går 

Tekst: Hans Morten Sundnes
Melodi: As times goes by frå Casablanca

Snart vil du ha forstått, et kyss er ennå vått
En avskjed alltid sår.
De vesentlige ting består 
Og Tingvoll går

Fremdeles fins forføring
med prøvende berøring
der tette pulser slår.
Men det kan bli et nei vi får.
Og  Tingvoll går.

Bere og  Blåfjell er her nå som før
Snøras og  øsregn, kuling i fra sør
Kanskje en hånd vil gløtte på en dør
Det er lunere innenfor

For ennå finnes rom
Der noen hvisker kom
Og tiden bare står
For ennå stopper verden opp.
Mens Tingvoll går.



Merknad: Knut Bere er ordførar i Volda. Tingvoll er ei ferje som har kryssa Voldsfjorden frå Volda til Folkestad, der Hans Morten Sundnes bur.

Lagt ut på nettet 3. juni 2000.
     

 
| Ymseposten | Mål og middel | Bokinnsynet | Privaten | Lesarbrev |