| Ymseposten | Mål og middel | Bokinnsynet | Privaten | Lesarbrev |
 
Feige Martin Schanche

Martin Schanche var feig som forlet eit møte fordi han ikkje likte debatten og debattdeltakarane. Dette skjedde på Åssiden skole i Drammen, etter at han sjølv blant anna hadde omtalt andre i panelet som ”tomsingar”. Etterpå slo han ein av dei.

FrP-politikaren Martin Schanche tolte ikkje å høre at nokon syntest han var feig som trekte seg frå møtet - midt under møtet. Da ein AUF-politikar etter denne uvanlege handlinga sa ”Jeg synes du er feig, jeg”, drog Schanche til han. Etterpå sa Schanche at ”ingen kaller Martin Schanche for en feiging uten at jeg reagerer”, ifølgje NTB. 

Men Martin Schanche viste feig oppførsel fleire gonger den same dagen. Han ville ikkje stille i studio saman med mannen som fekk slaget, og godtok heller ikkje at P4 ville ha offeret i studio etter at han sjølv var intervjua. Nettavisen meldte at Schanche sa dette til programleiar Svein Tore Tynning Bergestuen:

”- For en feiging du er! Dette blir siste gangen jeg setter mine føtter her, uansett hvilket jordskjelv som skjer.”

Og han er ikkje mann for å gje offeret unnskyldning for slaget, heller. Martin Schanche kan kalle andre tomsing, feiging og jypling, men toler ikkje at folk bruker tilsvarande ord om han sjølv. Ynkeleg er han, feig også. Kor mange slag får ein for å ytre noko slikt om FrP-Schanche?

Av Jon Peder Vestad

Lagt ut på nettet 25. august 2003

     
 
| Ymseposten | Mål og middel | Bokinnsynet| Privaten | Lesarbrev |