| Ymseposten | Mål og middel | Bokinnsynet | Privaten | Lesarbrev |
 

 

Fast food frå prestane

I seinare år, alltid i perioden mellom karnevalstida og påske, har eg falle i stavar over eit ord frå forkynnar- og presteskapet. No er eg ikkje av dei flittigaste til å høyre på dei som tolkar Herrens ord, men eitt av dei har hengt seg fast (!). Ikkje akkurat i hjartet, men i den delen av meg der eg oppbevarar ord, utsegner og tankar som den stakkars forstanden ikkje greier å få lagt på rett plass:

Når medlemer av den omtalte yrkesgruppa uttalar seg i radio i denne perioden, finn dei rett som det er grunn til å nemne det som eg oppfattar som ordet faste. Det er berre ikkje det dei seier. Dei seier faaaste eller noko slikt, altså om lag same uttale som i fast food. Ein norskfilolog som eg spurde til råds, meinar då også at fenomenet kan ha oppstått ved at prestane går så ofte på gatekjøkken - kanskje eit teikn på at dei tener for lite eller har for mykje å gjere.

Same kva årsaka måtte vere - eller kven som har innført lyden - så er det på det reine at faaaste uttalt på prestenorsk, er i strid med både praksis og regelverk i normalnorsk: Norsk uttale har stort sett kvitta seg med fenomenet overlange stavingar, altså det å uttale lang vokal framfor lang konsonant. Nokre gammaldagse menneske brukar dette der det finst i gamle namn. Eit døme er øynamnet Heissa, som ålesundarane ikkje får til å uttale. Yngre nordmenn, og byfolk spesielt, greier ikkje overlange stavingar i det heile, dersom det ikkje er på engelsk.

Men prestane greier det altså, sjølv om eg ikkje trur faaaste er eit engelsk ord. Forklaringa eg hellar til, er at det må ha skjedd eit fonetisk under. 

Av Bjarte Alme. 
Lagt ut på nettet 16. mars 2000.
     

 
| Ymseposten | Mål og middel | Bokinnsynet | Privaten | Lesarbrev |