| Ymseposten | Mål og middel | Bokinnsynet | Privaten | Lesarbrev |
 
Fakta og funn frå det nynorske Noreg

Bokmål og nynorsk har same formelle status. I praksis er bokmål ikkje berre dominerande, men også einerådande på somme samfunnsfelt, ikkje minst geografisk. Nynorsk har på si side eit geografisk kjerneområde, og ei slags alternativ, parallell offentlegheit.

Lat oss ta det geografiske fyrst: Det nynorske kjerneområdet er alle kommunane i Sogn og Fjordane, dei fleste kommunane i Møre og Romsdal og Hordaland og ti av kommunane i Rogaland (Teigen 2001:144). Utaom kjerneområdet finn vi til saman 24 nynorskkommunar i Agderfylka, Telemark, Buskerud og Oppland, det vil seie i fylke som ligg inntil dette kjerneområdet.

Nynorsken i samfunnet

I alt 15 % av norske skuleelevar har no nynorsk som hovudmål (Bakke/Teigen 2001:250), og 12,1 % rekna seg som nynorskbrukarar i valundersøkinga frå 1997 (ditto:251). I ei undersøking Riksmålsforbundet fekk gjort i 2000, brukte 13,8 prosent nynorsk privat, støtt (8,5) eller av og til (5,3) (www.riksmalsforbundet.no/gallup.html). I 2001 hadde Landssamanslutninga av nynorskkommunar 106 medlemmer (www.lnk-nytt.no/aarsmelding/index.html). Noregs mållag hadde 11000 medlemmer i 2000, og Norsk Målungdom noko over 2000 (www.nm.no/organisasjonen.cfm). I det som elles blir rekna til målrørsla, finn vi organisasjonar og tiltak som driv med alt frå barneblad til kafedrift og kulturarbeid av ymse slag.

Til ein viss grad finst det ei nynorsk offentlegheit, som vi m.a. møter i kulturlivet, i publikasjonar som Dag og Tid og Syn og Segn, og knytt til vitskaplege og kulturelle institusjonar. Kjende samfunnsdebattantar og kulturpersonar profilerer direkte og indirekte nynorsken, og vi kan ikkje sjå bort frå at det finst visse kulturdrag som er tydelegare i den nynorske tradisjonen enn i bokmålstradisjonen. Stephen Walton nemner eksempelvis at den lyriske tradisjonen i nynorsk har vore sterk, og den dramatiske tradisjonen har vore svak (Walton i Price:336-337). Det har ikkje minst Jon Fosse endra på. 

Det er altså mogleg å sjå både ei nynorsk offentlegheit og ein eigen nynorsk kulturtradisjon. Men det tyder ikkje utan vidare at dei som bruker nynorsk er ein annan type menneske enn dei som har valt bokmål. Men som oppfatning finn vi nok "homo novo norvegicus", som nokre blikk inn i forsking på feltet viser.

Dei nynorske menneska

I ein analyse av det nynorske familiebladet For bygd og by (FBB) har Aslaug Nyrnes (1985) sett på menneskesynet der. I gjennomgangen av numra som kom ut i 1927, finn Nyrnes ein idealtype, - det nynorske mennesket er klokt og balansert, ein verdig representant for bondestanden, men også individualistisk (Nyrnes:109-110). Det (ny)norske mennesket bur på bygda og nyttar landsmål, og skal samstundes vere på høgd med "den dominante kulturen og ikkje bli utestengd frå denne" (Nyrnes:120). Dette kulturelle alternativet som FBB målber, står i opposisjon til arbeidarkulturen, men motstanden mot den dominerande borgarskapskulturen er tydelegare. Nyrnes finn at bladet formidlar ein romantisk nasjonalisme, med samanheng mellom folk, ånd, språk og nasjon (Nyrnes:121), og det (ny)norske mennesket er "bondesamfunnet sin organisk intellektuelle" (Nyrnes:110).

Om lag sytti år etter fann Åse-Berith Råbu (1997) oppfatningar av nynorskbrukarar som på minst eitt punkt likna dei Nyrnes fann. Råbu undersøkte haldningar til språkbruk hos elevar i Stavanger, og om lag nitti prosent av dei som var med, meinte at "bønder er de menneskene som oftest har nynorsk som hovedmål" (Råbu:150). Rundt seksti prosent svarte at ein typisk nynorskbrukar bur i ei bygd eller på ein gard. Dette kjem frå elevar i Stavanger, som har mye nynorsk i nabokommunane. Råbu meiner derfor at nynorsk ikkje like absolutt ville vere knytt til bygde-Noreg andre stader i landet; på Sørlandet og Austlandet "tenker man muligens heller på Vestlandet når man hører ordet nynorsk" (Råbu :150). Målforma påverkar det Råbu kallar statusadjektiv som intelligent, urban og høgt utdanna, og det ikkje til fordel for nynorsken (Råbu:77). Tvert imot er det mange som skildrar "den typiske nynorskbrukeren som en lavt utdannet, gammeldags kledd person fra landsbygda (Råbu:89). Råbu syner stereotype oppfatningar, der eit bygdemenneske er ein nynorskbrukar, og dette mennesket er 'bonde' "som synonym for dum og "teit"" (Råbu:92).

Nynorskbrukarane i statistikken

Statistikaren Ottar Hellevik (2001) har undersøkt om nynorskbrukarar skil seg frå bokmålsfolk på 1990-talet i intervjuprosjektet Norsk Monitor. Utdanning har lite å seie for val av målform, medan langt fleire nynorskfolk bur på landsbygda enn i byane. Det såkalla motkulturelle kjem inn i forholdet til personleg kristen tru og til eit klart fråhaldsstandpunkt – nynorskbrukarane er oftare personleg kristne og fråhaldsfolk enn bokmålsbrukarar. Men mønsteret er ikkje heilt klart. Fleire nynorskfolk er elles mot norsk EU-medlemskap enn i folket under eitt, og nynorskbrukarane har oftare tradisjonelle, idealistiske og politisk radikale livsoppfatningar. Mellompartia er overrepresenterte blant nynorskbrukarane samanlikna med bokmålsfolk, og nynorskfolk i byane stemmer oftare enn andre SV og RV. Akkurat det er ikkje tilfelle i nynorskkommunane. Likevel ser Hellevik ei politisk radikalisering og fleire såkalla idealistar blant nynorskbrukarane, på same tid som båe språkgruppene er mindre tradisjonelle i verdisyn på slutten av 1990-talet enn dei var før. Men nynorskfolk er framleis mindre materialistiske enn bokmålsbrukarane (Hellevik: 117-139).  

I ei utgreiing om nynorsk og regional utvikling peikar Håvard Teigen (2001) på skilnader mellom område der nynorsk er mye brukt, og bokmålsområde. Utgangspunktet Teigen tek, er at "regionar der folket får bruke sitt eige og dialektnære språk, blir meir kreative. --- Ein kan også tenkje seg at språk skaper regional identitet og heimekjensle" (Teigen:141). Ved å undersøkje folketalsutvikling, flyttemønster og haldningar, ser Teigen fleire skilje som følgjer målforma. Folketalsutviklinga er betre i nynorskkommunane, m.a. fordi det blir fødde fleire barn der enn i bokmålskommunar. Dei som bruker nynorsk, er elles meir opptatte av å ta vare på lokal identitet og tradisjon, og er nærare knytte til heimkommunen (Teigen:171). Teigen finn teikn som syner at nynorsk kan vere ei kraft som påverkar samfunnsutviklinga, - nynorskkommunane er til dømes meir motstandsdyktige mot sentralisering. Utkant-Noreg blir "avfolka og tynnest ut, men dette gjeld bokmålsutkanten, ikkje nynorsk-utkanten" (Teigen:147). Materialet fortel ikkje noko om kva utviklinga i næringslivet har hatt å seie, men Teigen peiker på at dei "dynamiske og kreative industrielle regionane" Jæren og Sunnmøre hører til det nynorske kjerneområdet. Teigen konkluderer varsamt at det "kan vere at nynorsk saman med nynorskens grunnlag, dialektane, har vore med på å byggje regional identitet, sjølvkjensle og sjølvtillit" (Teigen: 171). 

Det nynorske som ein samfunnsfaktor

Vi kan slå fast at det nynorske innslaget i det norske samfunnet er merkbart på mange ulike plan, og at det finst klare oppfatningar om nynorsksbrukarane. I ei undersøking eg sjølv har stått for, er det klare teikn på at nynorskbrukarar i etermedia – har ein språkleg identitet og ei samkjensle som er sterkare enn det bokmålsbrukarane har (Vestad 2001). I denne samanhengen vel eg å tolke det som eit utslag av at dei tilhører det mindretalet som bruker nynorsk.

Lat oss sjå det slik: Vi har ein kultur ved sida av den som dominerer, og denne kulturen har språk som ein viktig faktor, og medlemmene er jambyrdige andre i det norske riket. Poenget her er at dei bruker ein annan variant av det språket fleirtalet nyttar. Samstundes blir dei som bruker dette mindretalsmålet av mange rekna som ein slags avvikarar. Dei kan vere i fleirtal i sine miljø, men ikkje i det norske samfunnet, og mange  reknar med at nynorskbrukarane attåt å bruke nynorsk, sannsynlegvis står for visse verdiar. Statistikken fortel at det stemmer. Nynorskbrukarane er ikkje heilt som alle andre.

Av Jon Peder Vestad

Lagt ut på nettet 13. mai 2002

Kjelder:

Grepstad, Ottar (red.): Nynorsk faktabok 1998. Nynorsk Forum, Oslo 1998

Hellevik, Ottar: Nynorskbrukaren – kven er han? Frå Elisabeth Bakke/Håvard Teigen (red.): Kampen for språket. Nynorsken mellom det lokale og det globale. Det Norske Samlaget, Oslo 2001 (s. 117-139)

Nyrnes, Aslaug: Det (ny)norske mennesket. Det Norske Samlaget, Oslo 1985

Råbu, Anne-Berith: To ulike norskfag? En undersøkelse av holdningane til nynorsk som sidemål blant elever i ungdomsskolen og den videregående skolen. Hovedoppgave i nordisk språk og litteratur. Institutt for nordistikk og litteraturvitenskap, Universitetet i Oslo, Oslo 1997

Teigen, Håvard: Nynorsk og regional utvikling. Frå Elisabeth Bakke/Håvard Teigen (red.): Kampen for språket. Nynorsken mellom det lokale og det globale. Det Norske Samlaget, Oslo 2001 (s. 140-173)

Vestad, Jon Peder: Når skrift er tale: Haldningar til språk hos journalistar i etermedia http://www.hivolda.no/jpv/islandsinnlegg.htm (2001)

Walton, Stephen: Norwegian. I Glanville Price (red.): Encyclpedia of the Languages of Europe. Blackwell Publishers, Oxford 2000 (1998)

Andre kjelder:

www.riksmalsforbundet.no/gallup.html

www.lnk-nytt.no/aarsmelding/index.html

www.nm.no/organisasjonen.cfm

 

     
 
| Ymseposten | Mål og middel | Bokinnsynet| Privaten | Lesarbrev |