| Ymseposten | Mål og middel | Bokinnsynet | Privaten | Lesarbrev |
 

 
 
 
 

 

Etterlyser nynorskbrukarar i etermedia

Eit spørjeskjema knytt til forskingsprosjektet "Når skrift er tale" vart i romjula sendt til over 250 redaksjonelle medarbeidarar i radio og fjernsyn. Men - truleg er det ein del nynorskfolk i lokale radio- og fjernsynsselskap som ikkje fått skjema. Dei blir no etterlyst.

Forskingsprosjektet "Når skrift er tale" handlar om nynorsk og nynorskbrukarar i etermedia. Stipendiat Jon Peder Vestad ønskjer å nå flest muleg nynorskbrukarar i etermedia, og bed derfor faste medarbeidarar i lokale radio- og fjernsynsselskap som ikkje har fått skjema, om å ta kontakt. Det er her tale om redaksjonelle medarbeidarar som bruker normert nynorsk på lufta, alltid eller av og til. Skjema vil Vestad også sende til medarbeidarar som stort sett snakkar dialekt på lufta, og som i nokon grad normerer språket etter nynorsk, skriv nynorsk og/eller reknar seg som nynorskbrukarar. Spørjeundersøkinga femnar også om nynorskbrukarar i "øvre" eller "bakre posisjonar", som redaksjonsleiarar og  redaktørar. 

Ønskjer du å få tilsendt skjema, så ta kontakt med Vestad snarast på tlf. 70075075, eller skriv til jpv@hivolda.no. Prosjektet er elles presentert på www.hivolda.no/jpv/forskingsskisse.htm. Opplysningane som blir samla gjennom skjemaa blir behandla konfidensielt, og informantane er anonyme. Det er det berre Vestad og medhjelparar som blir knytte til prosjektet, som får sjå svara. Undersøkinga er ikkje konsesjonspliktig.

Av Jon Peder Vestad. Lagt ut 3.1. 2000
     

 
| Ymseposten | Mål og middel | Bokinnsynet | Privaten | Radioordlista | Lesarbrev |