|
Svensk i
Estland
I hundrevis av år
har svensk vorte snakka i Estland. Da andre verdskrigen braut ut, var det
om lag 8000 estlandssvenskar i landet. Nå reknar ein med at det berre
er att eit par hundre som snakkar det gamle estlandssvenske språket.
Men - ei ny "svenskebølgje" er på veg.
Det har budd folk som snakkar
svensk i Estland iallfall sia 1300-talet. Dei fleste budde på øyane
langs vestkysten og områda på fastlandet innafor. Dei var for
det meste bønder og fiskarar, og levde dels i eigne bygder, dels
som minoritet i estisk-dominerte byar og grender. Da andre verdskrigen
braut ut, flykta dei fleste estlandssvenskane over til Sverige, saman med
andre estarar. I dag bur det 25 000 estarar i Sverige, og ein del av desse
har svenskspråkleg bakgrunn og iallfall dei eldste snakkar ein litt
alderdommeleg svensk som blir kalla sverigeestisk..
Dialektane døyr,
språket er gjenoppliva
Dei estlandssvenske dialektene
står i fare for å døy ut i dag. Årsakene er fleire.
For det fyrste vart dei svenskspråklege samfunna i Estland rykte
opp med rota av krigen, og det førte til at det ikkje fanst noko
miljø å bruke svensk i for dei som vart att. Den andre årsaka
er at dei som kunne svensk, i mange tilfelle ikkje turde vise at dei hadde
eit anna morsmål enn estisk eller russisk i Sovjet-tida etter krigen.
Språket vart i svært liten grad ført vidare til nye
generasjonar av dei som kunne ha gjort det, - det var for farleg, og verka
kanskje også meiningslaust. Det var ikkje noko som tyda på
at svensk hadde noka framtid i Estland.
Men det hadde det. Etter
glasnost og frigjeringa frå Sovjetsamveldet, har Sverige vorte ein
viktig nabo for Estland. Dermed har også svenskkunnskapar vorte ettertrakta.
Andres Pihel er ein av dei som har funne tilbake til dei estlandssvenske
røtene sine, og har lært seg språket på nytt.
Andres og andre yngre estarar som lærer og bruker svensk, må
i hovudsak gå om rikssvensk for å lære språket,
sia svensk som levande talemål har vore så svakt og usynleg
i Estland dei siste tiåra. "Svensk-bølgja" i Estland er rikssvensk,
ikkje estlandssvensk.
Austsvenske målføre
Estlandssvensk tilhører
dei austsvenske målføra, saman med finlandssvenske målføre.
På grunn av at dei estlandssvenske målføra vart brukt
i samfunn med lita kontakt med Sverige, har dei halde på mange gamle
dialektdrag. Dei som talar "rein" estlandssvensk vil berre delvis kunna
bli forstått av folk som snakkar moderne sverigesvensk. Språkforskarar
deler dei estlandssvenske områda inn i fleire dialektområde.
Truleg er det ikkje så mange som eitt hundre menneske som snakkar
estlandssvenske målføre i Estland i dag, og nokre hundre i
Sverige.
Dei gamle estlandssvenske
områda var Runö (Ruhnu), Dagö (Hiumaa), Ormsö (Vormsi),
Nuckö (Noarootsi), Sutlep (Sutlepa), Rickul (Riguldi), Odensholm (Osmussaar),
og nordvest i landet, i Harju-området: Nõva, Vippal-Kors (Vihterpalu-Risti),
Korkis (Kurkse), Rågö (Pakri), og dessutan på øya
Nargö (Naissaar) ved Tallinn. Dei byane som har hatt ei større
svenskspråkleg befolkning er Hapsal (Haapsalu) og Tallinn, som estlandssvenskane
kalla Reval. Om vi går lenger attende i tid, fanst det au estlandssvenskar
på Saaremaa, sør på Läänemaa ("Vestlandet"),
aust på Harjumaa og i dei vestlege delane av Virumaa.
Rik historie
Dei få hundre estlandssvenskane
som framleis beherskar det gamle talemålet, har ei rik kulturhistorie
å sjå attende på. For å ta den næraste historia,
så hadde estlandssvenskane eigne meinigheiter og kyrkjer, eigne skular,
eit gymnas og ein folkehøgskule. Svenska Folkförbundet samla
folkegruppa, og avisa Kustbon (kystbuaren) vart gitt ut på svensk.
Estlandssvenskane var vende mot Norden.
Korleis kom dei dit?'Estlandssvenskane
er ikkje etterkommarar av vikingar som drog i austerveg, men mest sannsynleg
svensktalande som flytta til landet frå Finland. Dei busette seg
også langs estlandskysten omtrent på same tid som dei svensktalande
for alvor slo rot i Finland, frå 1200-1400-talet. Stadnamn, dialektdrag
og andre kulturminne tyder på det same. Fyrste gong svenskar er nemnde
på estisk jord, er i ei bylov frå Haapsalu i 1294. Dei fyrste
områda dei svensktalande busette seg i, var åtte av kyrkja.
Skiftande levekår
I fleire hundre år
var estlandssvenskane underlagde svensk lov, og hadde andre rettar enn
dei estiske naboane sine. Estarane vart gjort liveigne, medan estlandssvenskane
fekk halde på nokre rettar og ei viss friheit. Kyrkjelege eigedommar
som estlandssvenskane budde på og dreiv vart tekne over av tysk-baltisk
adel da Den tyske orden fekk herredømmet i Estland. Landherrane
behandla dei svensktalande like dårleg som dei behandla estarane.
Heller ikkje da Estland vart lagt under russisk styre, fekk estlandssvenskane
det betre. Dei forverra levekåra førte til mye ufred mellom
estlandssvenskane og dei skiftande makthavarane og adelen, og der estlandssvenskane
ikkje greidde å halde ei nokolunde sterk stilling, sklei dei raskt
inn i den estiske befolkninga. Svenskane på Hiumaa utvandra på
grunn av forfølgjinga.
I 1816 gav ein landreform
estarane visse rettar, men estlandssvenskane fekk framleis ikkje mulegheit
til noka form for sjølvstyre, skuledrift og liknande. Ei viss oppmjuking
skjedde midt på 1800-talet, men det var fyrst i dette hundreåret
at estlandssvenskane fekk betre levekår att. Da den frie estiske
republikken vart oppretta etter at tsarveldet fall i 1917, var det ein
estlandssvensk minister i regjeringa.
Kulturell friheit før
krigen
I 1925 tok ei lov om kulturelt
sjølvstyre til å gjelde, ei lov som var eineståande
i Europa på den tida. Dei svensk- og russiskspråklege minoritetane
hadde for dårleg råd til å kunna utnytte dei mulegheitene
denne lova gav. Likevel hadde den vesle folkegruppa tjue grunnskular, vaksenopplæringskurs
og eitt gymnas da den andre verdskrigen braut ut.
I 1939 vart Estland
tvunge av Sovjetsamveldet til å la sovjetstyrker ha militære
basar på nokre av dei øyane som dei svenskspråklege
budde på. Innbyggjarane laut flytta, og i 1940 vart Estland innlemma
i Sovjetsamveldet og forfølgjinga av statstilsette, lærarar
og andre i viktige stillingar tok til. Også dette tappa det vesle
svenskspråklege samfunnet. Da krigen mellom sovjet og nazi-Tyskland
tok til i 1941, vart estlandssvenskar skrivne inn i sovjethæren.
Da tyskarane okkuperte Estland, flykta mange til Sverige for å sleppe
å kjempe på tysk side. I 1943-44 rømte fleire tusen
estlandssvenskar til Sverige, og i alt flykta 7000 svenskspråklege
frå heimlandet til Sverige i krigsåra.
Hard etterkrigstid
Da den andre verdskrigen
var omme, budde det att om lag 1000 estlandssvenskar i Estland. Skulane
deira var stengde, og mange hadde mista heimane sine. Dei kunne heller
ikkje drive med dei yrka som hadde vore vanlege i "svenskebygdene", sjøfart
og kystfiske. Det vart forbode, og gardbruka deira vart lemma inn i digre
kollektivbruk. Det vart au uråd å halde kontakt med slektningar
i Sverige. Men som ein gest - kanskje - for dei svenskspråklege estarane
i Sverige og Estland, hadde Radio Tallinn i mange år sendingar på
svensk. I folketeljinga i 1959 var det 435 som gav opp at dei var estlandssvenskar,
i 1970 254 og i 1979 297. Ved folketeljinga i 1989 var estlandssvenskane
den 27. største folkegruppa i Estland - det vil seia ei av dei minste.
Lysning
I dag lysnar det for det
svenske språket att i Estland. Svenske handelsinteresser er aktive
i landet, og det er behov for folk som snakkar svensk. Også menneske
som har måtta skjule det estlandssvenske opphavet sitt, har teke
fram i lyset att den svenske kulturarven sin.
I 1993 gjeninnførte
Estland lova om kulturelt sjølvstyre, og estlandssvenskar, jødar,
latviarar, Baltikum-tyskarar og russarar står i ei særstilling
blant minoritetane i landet. Ved universitetet i Tartu blir det undervist
i svensk, og det blir forska på estlandssvensk språk og kultur.
Dessutan har estlandssvenskane fått sitt eige kultursentrum, kyrkja
på Ormsö er restaurert og i Tallinn er ei svenskspråkleg
meinigheit verksam att. Talet på menneske som snakkar svensk i Estland
ligg på slutten av 1990-talet om lag der det var rundt krigsutbrottet,
på 8000.
Av Jon Peder Vestad, 12.10.
1999.
Artikkelen byggjer for det
meste på artiklar skrivne av Jüri Viikberg og Ain Sarv, Estisk
institutt i Pärnu. Meir om estlandssvenskane kan ein finne på
http://www.einst.ee.
|
|