| Ymseposten | Mål og middel | Bokinnsynet | Privaten | Lesarbrev |
 

Ymseposten er eit magasin med artiklar om alt frå Volda til verda. 
Bokinnsynet inneheld små og store bokomtalar og anna bokstoff.
Mål og middel er ei samling fagartiklar om språk og media.
Privaten er den minst  journalistiske og faglege delen av Vestads vevstad.
Stabburetinneheld stoff som absolutt er  forelda.

- Eg er ein by!

Eg har erklært meg som by. Årsaka er at det ikkje ser ut til at det er folketal det er snakk om når vi får nye byar i Noreg. Det ser ikkje ut til å finnast noka grense for kor små tal det kan vere tale om når nye byar dukkar opp, så korfor kan ikkje eitt menneske erklære seg som by?

Som sagt, så gjort. Det skjedde på Osekjellaren mat- og vinhus i Volda 27. mai 2000, utan inntak av alkohol eller spesielle urbane inntrykk. Til stades var gode venner, som alle bur i Volda. Og somme har ymta frampå om at Volda også må få bystatus, helst før Ørsta. Volda har om lag 8300 innbyggjarar, rundt 10000 med skulelevar og studentar som bur på hybel her. Ørsta har noko over 10000 innbyggjarar, og er eit større handelssentrum enn Volda. Men det har kanskje ikkje så mye å seia? 

Viss vi held oss i Møre og Romsdal fylke, så er Åndalsnes alt by, "alpebyen", og i heile denne store Romsdals-kommunen (Rauma) bur det 7500 menneske. På Sunnmøre er det Fosnavåg som ligg lengst framme i "bykampen", og i heile Herøy kommune bur det knapt 8500 menneske. Der er det rett nok tett mellom millionærane, og det er kanskje ikkje heilt uviktig. Det same gjeld nabokommunen Ulstein, der mange av dei 6500 innbyggjarane lengtar etter at kommunesenteret Ulsteinvik skal smykke seg med bystatus. I Hareid kommune er dei 4700, og der au finn vi bydrømmar. 

No er bystatusen min eit faktum, og eg har i det minste slått Ulstein, Ørsta og Volda. Sikkert mange andre stader au! Men noka forandring har eg ikkje merka, eg har det akkurat som før. Skulle det ikkje gje litt status å få bystatus? Eg trur iallfall eg er for større pengeoverføringar frå staten til byane. 

Av Jon Peder Vestad. Lagt ut på nettet 3. juni 2000.
 
   

 
| Ymseposten | Mål og middel | Bokinnsynet | Privaten | Radioordlista | Lesarbrev |