| Ymseposten | Mål og middel | Bokinnsynet | Privaten | Lesarbrev |
 

 
 
 
 

 

  Drift, drifte, drifting

Det er alt mogleg som skal driftast om dagen. I Stryn skjedde dette: Stryn kommune kan ikkje gje sitt eige selskap Stryn Engergi jobben med å drifte breiband i kommunen, utan å lyse oppdraget ut på anbod. Det fastslår Klagenemnda for offentlige anskaffelser. No må saka opp til ny behandling i kommunen, fortel ordførar Nils P. Støyva.

I samband med ei grunnstøyting i Gulen i same fylke, vart det sagt i ei nyheitsmelding at "Skipet ligg og driftar". Men eit skip driftar ikkje, det driv, eller kan vere i drift.

I båe desse tilfella er det ein ny bruk av verbet drifte som ligg bak. Ordet er så greitt å bruke både i skrift og i tale, og kanskje passe vagt? Dei ”gamle” tydingane til verbet er sysle, arbeide og fiske (!), står det i Nynorskordboka.  Verbet er mye nytta i samband med drift og vedlikehald av datasystem, og kblir no ofte brukt om å halde i gang, ha ansvar for, å halde ved like, ha tilsyn med, stå for drifta av, eller rett og slett drive… Det står altså til drift, og er eit verb som nok har ei trygg framtid i norsk. Men det vil ikkje seie at vi bruke det, iallfall ikkje så ofte.

I den siterte nyheitsmeldinga kunne ein ha uttrykt seg slik:

a) Stryn kommune kan ikkje gje sitt eige selskap Stryn Engergi jobben med å stå for drifta av breiband i kommunen

b) Stryn kommune kan ikkje gje sitt eige selskap Stryn Engergi jobben med å drive breibandstilbodet i kommunen

I same meldinga er elles Klagenemnda for offentlige anskaffelser nemnd. Ei slik offentleg nemnd skal som kjent ha namn som kan brukast både på bokmål og nynorsk. Hos denne klagenemnda får eg opplyst at det ikkje finst noko eige nynorsknamn.  Da kan vi vise til nemnda ved å bruke ei formulering som omtaler nemnda, utan å seie at dette er det faktiske namnet. Denne nemneforma kan vere "klagenemnda (liten k!) for offentlege innkjøp".

Av Jon Peder Vestad

Lagt ut på nettet 21. april 2004  

 
| Ymseposten | Mål og middel | Bokinnsynet | Privaten | Lesarbrev |