Dikt om tru og trøyst
Vår trøystar
Du har høyrt om ein venn som kom til vår jord
for å frelsa og frigjera alle.
Det er Jesus, vår Herre, vår bergar og bror;
på kne framfor Han skal vi falle.
Du har høyrt mangt om Jesus frå liten du var,
og alle så vel han oss kjenner.
Når du høyrer han kallar, så gjev han ditt svar,
og han stryk deg med signande hender.
Han vil ta dine synder og kasta i hav
når du ber om tilgjeving og nåde.
Du må prisa vår Herre som livet sitt gav;
lat han over hjarta få råde.
Du har høyrt om ein stad der vi alle ein gong
som små fekk ein plass i Guds rike.
Du skal fylla det rom, lova Jesus med song
i det himmelske kor - utan like.
Di hand
Det er lidande brør i kvart einaste land.
For få rekkjer til dei si hjelpande hand,
til blødande born som i rennestein ligg,
til sjuke og gamle og arne som tigg.
Og difor er sorga så mangfeldt og stor,
det stadig vert fleire som lider på jord.
Ei oppgåve er det for oss som har råd
å ofra og trøysta og lindra og SÅ
i menneskehugar ei sanningsfylt tru;
at alle i tryggleik og fred må få bu!
Då sår vi ein sæd av det himmelske korn
som lyser opp livet for lidande born.
Solsmil
Sprei litt solskinn omkring deg
med gode og kjærlege ord.
Då rikare vert òg din livsveg,
og flokken av venner vert stor.
Gjev av din mjukmilde varme
til ukjend og kjend kvar du fer.
Kan hende du lindrar ein harme
og smeltar ein is ingen ser.
Syng inn meir glede i sinnet
til den som du ser på din veg.
Og menneskehjarte vil finne
den makt som oss oppover dreg.
Sprei du irundt deg din solsmil,
det vert takk der du lever og bur.
Oppmuntring blir skapt av din livsstil,
for kjærleik og tru riv ned mur.
Tenn du meir lys i din kvardag!
Skap helg i deg sjølv og din heim!
Og lysningen over din livsdag
ber von om den evige heim!
Av Leif Bjørn Steinar Vestad
Dikta har stått på trykk i ulike blad, og er lagde ut på
nettet 7. desember 2000.
|