| Ymseposten | Mål og middel | Bokinnsynet | Privaten | Lesarbrev |
 

Les også:
To barnedikt
Dikt om tru og trøyst
 

Dikt om ro og vind
 

Havlengt -

Ein lengt stig mot havet, mot fjordvikar blå
der solvinden leikar med krusbylgjer små
og småbåtar duvar ved strender og sund
med blafrande segl i ei kveldsfreda stund.

Der midt mellom strandnelliktuver og skjell
det tonar frå sjøvaska terner og tjeld
som lokkar på ungar på inntørka tang
og hyller sin skapar med jublande sang.

Langt ute bryt havet med brenning mot land.
Lengst inne det skvulpar så stille mot strand
og speglar ein himmel i blærer som brest,
mens solgullet blør seg i hav i utvest.

Dei skimrande skyer som haustfarga blad
sviv ør over djupet så svimrande glad,
snøgt skiftar og braglar i former som svinn
til nyskapt dei sviv bort med morgonyr vind.

  
 

Ved vår

No blæs ein vårleg løysingsvind
i gjennom sinn
og over snødekt mo.
Blå isbre brånar sakte bort,
små bekker brusar stilt og fort
og løyser opp og bryt den frosne ro.

Slik svinn då snøen dag for dag
med løynde lag
til nakne grunnen ned.
No smeltar framatt mangt frå før
og urofuglar flyg si bør,
men mange minne skaper vårsår fred.

Det stig ein eim mot himmelkvelv,
sjå lufta skjelv
i blankt og blått og raudt!
Brått blæs eit vårvarmt andedrag
som fyller mildt ein solvendt dag
og blomar blør der før
det var så audt. 

   
 

Stavstill ro

Stilla talar tidt om kvelden
til ein einsleg vandrars hug
og eit einsemdsekko svarar ljuvt der inne.
Stilla, - gnagande og bårande
ho spør ein med sitt sug:
Kvar kan vandringsmann vel liv og lukke finne?

Skuggen talar gjennom Rommet
med si mørke æverøyst.
Stumme stjerner blinkar sorgsamt gjennom disen
- spør om vandringsmann og vegvill
her nokon stad fann trøyst.
Æva svarar med sitt spel av morgonbrisen - . 

   
 

Kveldssete

Dagen god til endes er,
kvelden fyller stova.
Sælebot å kvila her,
hjartegodt å sova.

Alle puslar stilt med sitt,
mor ho sit og strikkar.
Veslebror han drøymer blidt,
roleg klokka tikkar.

Far han sit der god og lun,
dyr og folk seg roar.
Kveldsfred fyller hus og tun,
stille elva sjoar.

Det er godversmerke det,
nordleg drag i lufta.
Heimsleg ro og stovefred
kviler over tufta.

Mor og born til sengs nå går,
far han låser døra.
Morgon tidleg opp han står,
tek på arbeidsbøra.

----

Minnest gjer eg mor og far,
hugsar augo milde.
Minnest òg min heimegard,
alle dagar gilde.

Av Leif Bjørn Steinar Vestad

Dikta har stått på trykk i ulike aviser og blad, og er lagde ut på nettet 7. desember 2000. 
   

 
| Ymseposten | Mål og middel | Bokinnsynet| Privaten | Lesarbrev |