| Digital kringkasting
- seminar i Volda 2. – 3. november 2000
Dette seminaret tek for
seg kringkastingsjournalistikk i den digitale medieverda. Internettet er
både ein konkurrent til tradisjonell kringkasting, og eit nytt medium
som etablerte medieaktørar kan kringkaste i. Både forskarar
og bransjefolk treng meir forståing av dei hybridane som vert kalla
’webradio’, ’web-tv’ eller ’nettkasting’.
Nye produksjonsmåtar
fører til endring i både retoriske og estetiske trekk ved
utsendinga. I radio og fjernsyn erstattar digitaliseringa sakte men sikkert
analoge produksjonsmåtar, medan nettkastinga er eit medium skapt
fullstendig innafor digitale logikkar. Kva hender med journalistikken
når radio og fjernsyn flyttar inn på Internettet og blandar
seg med nettavisene? Kjem det nye retoriske og estetiske verkemiddel som
følgje av digitaliseringa? Kva problem møter lovgjevarane
og normsetjarane? Er auken i bandbreidde byrjinga på ein ny medierevolusjon?
Dette er nokre av emna deltakarane
på haustseminaret i Volda får høve til å setje
seg betre inn i, og drøfte. Håpet er at seminaret kan verte
eit kreativt møte mellom medieforskarar og bransjefolk som deler
interessa for å forstå den nye medieverkelegheita betre.
Seminaret er lagt frå
torsdag til fredag, og er tilpassa flytidene frå Oslo, Trondheim
og Bergen. Innkvarteringa er på Volda Turisthotell. Heidrun Torbjørnson
er ansvarleg for praktiske forhold (epost: Heidrun.Torbjornson@hivolda.no,
tlf. 7007 5083). Tilskiparar er Lars Nyre og Jon Peder Vestad.
Torsdag 2. november:
Fly kjem ca. klokka 11.til
Ørstya/Volda lufthamn Hovden.
11.30. Kaffi.
12.00. Opning ved Jon Peder
Vestad og Lars Nyre.
12.15. Lars Nyre, stipendiat
HVO: ”Frå analog til digital kultur. Kva betyr metaforane?”.
13.00. Jan Zahl, Intercity-urbanist
og journalist i TV2 Interaktiv: ”Framtida er så ljos at eg må
ta på skylappane”.
13.45. Lunch.
14.45. Anders Fagerjord,
stipendiat UiO: ”Retoriske strategier i digitale medier”.
15.30. Jon Peder Vestad,
stipendiat HVO: ”Presentasjonsformer og språk i den ”streama” samtida”.
16.45. Pause.
17.15. Nils Heldal, kanalsjef
NRK P3: ”Programmering i P3”.
18.00. Slutt
20.00. Middag.
Fredag 3. november:
9.00. Kaffi.
9.30. Alex Iversen,
medieforskar: ”Big brother is watching you. Reality-tv på nettet”.
10.15. Clifford Rowe, professor
of communications, Pacific Lutheran University, Tacoma USA: ”Geeks. New
voices, old values”.
11.00. Svein Brurås,
amanuensis ved HVO: ”Journalistiske ideal under press”.
11.45. Lunch.
12.45. Arne Krumsvik, nettredaktør
i Dagbladet: ”Strategi og struktur i omstillinga til digital røyndom".
13.30. Tanja Storsul, stipendiat
UiO: ”Konvergens, konsentrasjon og konkurranse. Mediepolitiske utfordringer”.
14.15. Rolf Brandrud, NRK:
”Digitalisering og mediesammensmeltning. Hvordan forandrer dette kringkastingsmediet
– og hvordan vil NRK utnytte de nye mulighetene?”.
15.00. Paneldebatt med Arne
Krumsvik, Tanja Storsul, Jan Zahl og Rolf Brandrud: ”Breiband – ein medierevolusjon?”
16.00. Slutt.
Fly til Bergen og Oslo frå
Ørsta/Volda lufthamn Hovden går kl. 17.30. Programmet er lagt
ut 4. 10. 2000, og kan endrast noko.
|