| Ymseposten | Mål og middel | Bokinnsynet | Privaten | Lesarbrev |
 

 
 
 
 

 

Digital kringkasting: Kva skjer eigentleg?

For andre år på rad blir det seminar om digital kringkasting ved Høgskulen i Volda. Omgrepet  ’digital kringkasting’ blir tolka vidt. Det dekkjer den medieverda vi lever i, og emnet for seminaret er rett og slett: Kva skjer eigentleg? Det er ikkje dei luftige vyane, svartmåling eller prat om store summar det skal handle om, men det som faktisk skjer.

Seminaret blir halde torsdag 25 og fredag 26. oktober 2001, og Avdeling for mediefag ved Høgskulen i Volda er arrangør.

MÅL: Seminaret skal vere ein møteplass for teoretikarar og praktikarar, det skal gje deltakarane ny innsikt og nye kontaktar, og det skal vere sosialt.

Torsdag 25. oktober 2001
11.15 Opning ved Ketil Jarl Halse, knutepunktansvarleg for kringkasting.
11.30 Arne H. Krumsvik: Internett frå 1995 til 2001 – observasjonar og tankar om eit multimedium med opp- og nedturar.
12.15 Sigurd Høst, IJ: Endringar i medievanane. Medieutvikling og publikumsreaksjonar frå fjernsynet kom til Internett vart allment.
14.00 Digital teknologi, grensesprenging og interaktivitet i norske fjernsyn anno 2001.
Heidrun Torbjørnson, HVO: Kva slags tv er Big Brother? BB som eksempel påsjangermiks.
Alex Iversen: Då storebror kom til Noreg. Big Brother som kulturelt fenomen.
15.00 Lasse Hallberg, Nordic Entertainment: Erfaringar med multimedialitet, interaktivitet og grenseoppgangar i den norske medieverda. Kva gjorde Big Brother med publikum og omvendt?
16.15 Ordskifte: ”Content is not king; kingdom is out”. Kva
for aktørar tener på medieutviklinga, kven taper, og kva fortel
medieutviklinga om samfunn og verdiar? Debattdeltakarar: Halse, Iversen, Hallberg, Krumsvik, Høst.
17.30-19.00 Mottaking i redaksjonslokala til Avdeling for mediefag. Enkel servering, omvisning og framsyning av studentproduksjonar. Teknisk leiar ved AMF, Reidulf Botn, gjer greie for den digitale produksjonslinja på fjernsynsutdanningane i Volda, og om sending av lydfilar frå harddisk. 
20.00 Seminarmiddag for påmelde deltakarar.
21.30 Pressepub, Volda Turisthotell (Porse) – med kåring av dei beste studentproduksjonane frå AMF hausten 2001.

Fredag 26 . oktober 2001
09.15 Jon Peder Vestad, HVO: Journalistane i etermedia: Språk og identitet hos norske journalistar.
09.45 Jan-Fredrik Hovden, HVO: Kven blir journalistar, og kva står dei for?
10.15 Hilde Espeset, UiO/HiO: ”Først og fremst for å forstå hva som skjer” – ein konstruksjon av verkelegheita. Om verkemiddel i eigenpresentasjonen (trailarar) frå NRK og TV2.
11.15 Lars Nyre, HVO: Lydlege grensesnitt på datamaskina: digital produksjon og streama lytting.
13.00 Rune Hafskjær, P4: Digital radio – hva skjer? Radiomediet i en ny virkelighet, sett fra en kommersiell allmennkringkaster.
13.45 Øyvind Vasaasen, NRK Futurum: Frå radiokanal til multimediadesk
14.45 Mariann Deila, HVO: Stofftjuveri og klypp-og-lim-journalistikk i norske redaksjonar.
15.15 Svein Brurås, HVO: Hvem er jeg? Hvor går jeg? Og hvor våkner jeg i morgen? Om journalisters selvbilde og fremtidstro.

MÅLGRUPPE: Seminaret skal vere eit kreativt møte mellom medieforskarar og bransjefolk. Det er ope for alle så lenge plassen tillet det - i fjor var ca. 120 med. Dei vi særleg ønskjer å nå er journalistar og andre praktikarar i radio, fjernsyn og Internett-verda, medieforskarar, folk som arbeider med utvikling/planlegging i mediebedrifter, og studentar som skal arbeide i og med media. Vi har behov for å møtast, for å lære og for å diskutere.

PRIS: Vi reknar med at deltakarane har store nok utlegg i og med reisa til Volda og opphaldet her, og derfor er seminaret utan ordinær deltakaravgift. Arrangørane dekkjer reise og opphald for innleiarane, og gjev eit honorar til dei innleiarane som ikkje har arbeidsgjevarar som betaler for dei.

DET SOSIALE: Vi har felleslunsjar, og steller til ein seminarmiddag med påfølgjande fest (og truleg nachspiel) torsdag 25. oktober.

INTERESSERT?: Skriv til digital@hivolda.no for å melde deg på! Fristen er sett til 15. oktober. 

PÅ INTERNETT: Fleire opplysningar om seminaret ligg på http://student.hivolda.no/digital/. Der kan ein også lese om forskarseminaret DIGI-GRUMS, som blir halde onsdag 24.10.

VELKOMMEN TIL TRIVELEGE OG NYTTIGE DAGAR  I VOLDA!

   
 
| Ymseposten | Mål og middel | Bokinnsynet | Privaten | Lesarbrev |