| |
|
Det
treng ikkje heite homeparty
Det er lett å
fleipe med fornorsking, og under slik fleip ligg det nok ei oppfatning av at
norsk ikkje passar til alt. Men det er også interessant å leggje merke til
at ikkje alle forsøk på å innføre ”internasjonale” ord (som sjølvsagt
ikkje kjem frå russisk og kinesisk), er like vellykka.
Mislykka
anglifisering
- Hei, blir du med på
barbecue? Blir du med å barbecue?
- Mor, har vi igjen
cereals? Å, eg har så lyst på cereals….
- Du må helse på
flatmaten min! (??? Ja, det betyr medbuar, bufelle)
- Har du hugsa å
presete fjernsynet?
- Eg treng noko
accessoires! (tilbehør)
Det er svært uvanleg
å høre noko slikt på norsk, men det betyr jo ikkje at folk avviser engelske
ord av den grunn. Det
er like feil å påstå at det er mislykka med fornorsking fordi ikkje alle
forsøk på å få inn norske ord slår an. Og for alt eg veit kan slike
avløysarord likevel vere nytta i somme miljø, og heilt fråverande i dei
miljøa eg kjenner. Derfor er det vanskeleg å slå fast at ord ikkje blir
brukte,
Nokre norske avløysarord
som har slått gjennom, eller som blir brukte side om side med dei engelske
uttrykka, er brettsegling, grensesnitt, handfri, heimeside, hjerneflukt,
hovudjeger, hurtigmat og gatekjøkkenmat, idedugnad, innsidehandel,
kollegavurdering, kollisjonspute, prateprogram, lenkje, lysark, nakkesleng,
nettlesar, nyheitsgruppe og diskusjonsgruppe, programvare, rullebrett, rulleskøyter,
skrapmat, snøbrett, støtteark, søppelpost, ta-med-mat, teiknrute,
terrengsykkel, tilbakemelding og underdriving.
Det ser elles ut som
om vi ønskjer å ha eit visst innslag av engelske uttrykk i språket vårt,
men færre her enn eksempelvis i Danmark. Dessutan kan eit ord som verkar rart
og fremmendt i eitt geografisk eller sosialt miljø,
vere det vanlege i andre. I delar av landet er for eksempel eit ord som
”weekend” meir eller mindre synonymt med helgesamling på ein leirstad
eller liknande, og uvanleg som synonym for ”helg”.
Homeparty og
laivkonsertar
Somme lån glir
greitt inn i språket og er nødvendige, andre ikkje. Til dei siste hører
”homeparty”, som ikkje er noko anna enn ”heimesal”, og kan omtalast
som det. Det er heller ikkje nødvendig å kalle eit plateomslag for
”cover”, som eg såg i ei omsetjing frå svensk for ei tid sia. I det
svenske programmet vart det sagt omslag, i den norske teksten stod det cover…
Før i tida hadde
band konsertar, og det var ikkje nødvendig å presisere at ein konsert var
live. Det er det eigentleg ikkje no, heller. Dersom det er at noko skjer
direkte, kan vi få det fram ved å seie nettopp det:: Konserten blir sendt
direkte. Og dei gruppene som ikkje er liveband, men studioband, kan vi
kalle studioband, og la dei andre vere band.
Dersom du er
interessert i norske avløysarord, kan du gå inn på heimesidene til Norsk
språkråd (www.sprakrad.no/paanorsk.htm),
der det finst ei lang liste over norske ord som gjerne kan brukast.
Av Jon Peder Vestad.
Lagt ut på nettet 13. mai 2003
|