| Den rette miksen
Den som les Jul på Sunnmøre,
får ikkje berre eit par timars kosestund med heftet, men også
ein god porsjon lærdom.
Julehefte er ein eigen sjanger, og i Jul på
Sunnmøre finn vi dikt av kjende og mindre kjende namn, julepreike,
forteljingar frå gamle dagar og artiklar som handlar om alt frå
iransk nyttårsfeiring til sunnmøringar i Sør-Afrika.
Eg trur utgjevaren, Sunnmøre frilynde ungdomssamlag, har fått
ein ganske ideell miks i juleheftet sitt.
Artikkelen om iransk nyttårsfeiring
av Reidun Aambø og stykket Bjarne Fowels-Landmark har skrive om
sunnmøringane som utvandra til Sør-Afrika, er lærerike
på kvar sin måte. Reidun Aambø fortel sjølvsagt
om korleis nyttårsfeiringa i Iran er lagt opp, men også om
korleis denne feiringa har oppstått og korleis ho har utvikla seg.
Interessant er det da å sjå likskapstrekk mellom læra
til Zoroaster (ca. 500 f. Kr.) og kristendommen. Utvandringa til Sør-Afrika
er det mange av oss som har høyrt om. Bjarne Fowels-Landmark veit
mykje om henne og greier å føre oss nærare på
dei som søkte lykka - og delvis fann henne - synst i verda. Når
ein ønskjer at ein artikkel skulle vere lenger, er han akkurat passe
lang… Eg håper skriftstyret syter for meir stoff av denne sorten
seinare.
Bjørn Jonson Dale har to artiklar i
juleheftet. Den eine er om Borgund som kyrkjestad og kaupstad, og den andre
om Margretekyrkja i Borgund. Særleg er artikkelen om bysamfunnet
Borgund interessant. Dale syner på ein overtydande måte kva
posisjon Borgund hadde i mellomalderen, og dette meiner forfattaren er
oversett av historikarar som ser Noreg frå andre stader enn Sunnmøre.
Borgund hadde ei tid fire kyrkjer, og det var eit knutepunkt for meir enn
Sunnmøre. Dale plasserer Sunnmøre i same bås som Nidaros,
Bjørgvin og Oslo i nasjonal samanheng.
Iallfall i min familie har vi hatt for vane
å snakke om andre verdskrig og det overnaturlege i juleselskap. I
selskap med Jul på Sunnmøre får vi denne gongen ikkje
krigshistorier, men Jarle Walseth fortel barndomsminne frå Hjørundfjorden
rundt 1950, og Matias Vatne fortel ei kattehistorie frå enda eit
par tiår attende i tid. Det overnaturlege er det Kristbjørg
Bjørndal som skriv godt og kunnskapsrikt om. Ho fortel m.a. om oskoreia,
magiske ting, varseltaking og skikkar som botnar i overtru. Ein slik skikk
er t.d. å la mat stå på bordet heile julenatta - det
gjorde dei heime hos far min da han voks opp på 1940-talet.
Lokale forfattarar som har ytt sitt til Jul
på Sunnmøre i år, er Bjarne Rabben med to fine dikt
og ein artikkel om folkehøgskulemannen Christen Kold, og Ivar Grimstad
med ei novelle. Mange vil nok også finne glede i ein artikkel av
Øyunn Kleiva om arkeologiske funn på Ytre søre. Forfattaren
forklarer kva dei tinga ein har funne vart brukt til, anten som heilage
gjenstandar eller bruksting, og korleis dei kunne "vandre" frå land
til land.
Ein siste artikkel lyt nemnast: Kvardagsmat
og fårefrikasse. Det er tittelen på stykket Jarle Sulebust
har skrive om kva ålesundarane åt til middag fyrst på
1900-talet. Eg håper nokon av dei som driv i kafé- og restaurantbransjen
på Sunnmøre kan la seg inspirere. Det er lettare å få
tradisjonsrik italiensk kvardagsmat som lasagne og pizza på våre
kantar enn prinsefisk, saltfiskball, posse og sagosuppe.
Jul på Sunnmøre inneheld
sjølvsagt ungdomslagsstoff, og det gjev oss eit interessant innblikk
i viktig kulturarbeid. Heftet er i seg sjølv eit fint bidrag til
kulturlivet på Sunnmøre, og eg må seie at eg er imponert
over kor mykje og allsidig lesestoff det er i heftet. Det held både
til to og tre lange, late ettermiddagar, om ein det vil. Dessutan
passar det å gje vekk som ei julehelsing til nokon ein vil hugse
på med noko anna enn eit kort eller ein blome.
Av Jon Peder Vestad
Lagt ut på nettet 15.12. 2000.
|