| Ymseposten | Mål og middel | Bokinnsynet | Privaten | Lesarbrev |
 

Dei personleg nynorske

Lenge har eg hatt eit inntrykk av at det er nokon som liksom eig nynorsken meir enn andre.  Dei veit tydelegvis kva som er god og dårleg nynorsk, og har klare oppfatningar om kva ord og former som kan brukast i målforma, også av andre. Ein dag oppdaga eg at denne gruppa sjølvsagt måtte vere personleg nynorske..

Det er ikkje uvanleg å sjå at det blir skilt mellom nynorskbrukarar – dvs. alle som bruker nynorsk – og målfolk, dei organiserte nynorskbrukarane. Målfolk er inga einsarta gruppe, og somme av dei har eit merkbart ønske om at andre som har valt ”målet hennar mor” skal gå i same takt og syngje dei same songane som dei sjølve. Dei personleg nynorske framstår som førarar som gjerne vil ha ein flokk. For at det skal kunne skje, må det vere noko som kan halde flokken saman, og her er det eg trur mange personleg nynorske ikkje tek i betraktning den individualiseringa vi ser på så mange felt i samfunnet: Det som er den rette læra for somme, er det ikkje for alle.

Eg hugsar at far min, norsklæraren, fortalde ein gong på 1970-talet at elevane hans skulle få lov til å føle så mye dei ville i stilane sine. Men nokon ville ikkje gje dei lov til å gjere det, altså føle, på nynorsk. Simpelt! Dersom dei personleg nynorske prøver å setje opp strenge reglar for eksempelvis kva ord ein bør eller har lov til å bruke, kva slags former ein helst bør velje osv., kan mange bli fremmendgjorde overfor nynorsken. Nynorsken er spesiell nok som han er. Somme ser rett og slett ut til å vilje dyrke avstanden mellom språkbrukarane og språket, gjere han størst muleg. Ikkje berre gjer det nynorsk verre å lære for folk flest fordi det ikkje skal likne for mye på daglegspråket, men det gjer nynorsken au enda meir til ein eigedom for dei som har den rette læra innabords.

Mange av dei som reknar seg som målfolk, passar eigentleg ikkje inn blant dei personleg nynorske. Somme i denne gruppa er nok heller personleg høgnorske. Dei som held seg til 1917-rettskrivinga og private skrivereglar har i mine auge definert seg vekk frå nynorsken, og skulle ha lite med den målforma eg og vel ein halv million til bruker. Men dei skriftlærde høgnorskingane uttalar seg likevel om forfallet i nynorsken, mangelen på bruk av gode norske ord, og kan syne forakt for somme av dei orda som nordmenn har nytta i hundrevis av år. Likevel er eg ikkje så bekymra for denne vesle gruppa. Men også blant folk som bruker nynorsk, ikkje høgnorsk, finn vi slike haldningar. Av ein eller annan grunn er mange av dei mot for eksempel ord på –heit. Mindreverdige er dei tydelegvis, desse anbeheitelse-orda, som sikkert eit fleirtal av nynorskbrukarane, kanskje alle, går rundt og seier. Men bevares, det er sjølvsagt forskjell på liv og lære for dei personleg nynorske også. Ein ting er det folk seier og skriv, noko anna er det dei burde ha sagt og skrive – og det går an å bli tilgitt!

Dag og Tid hadde ein finurleg leiarartikkel 24. november i fjor. Under tittelen Nynorsk var det lista opp ord frå 2001-utgåva av Nynorskordboka, ord som anslå, bevegelse, følelse, spydigheit, standhaftig, og tausheitsløfte. I fem avsnitt var det lista opp ord som Norsk språkråd har godkjent for nynorsken sin del, ord som også er nytta i bokmålet. Ingen tvingar nynorskbrukarar til å bruke desse orda, dei finst i ordboka som eit tilbod, og godt er det. Dette er ord vi nynorskbrukarar skal kunne bruke utan blygsel, men tittelen på leiarartikkelen var tydelegvis ironisk meint: Dette er ikkje nynorsk. Ikkje? Det er iallfall ord som er tatt inn i Nynorskordboka, ord som nok blir nytta av nynorske munnar og skribentar kvar einaste dag, rett nok kanskje ikkje av dei personleg nynorske. Eg er nå forresten ikkje så sikker på det, da.    

For nokre år sia var eg på landsmøtet til Noregs Mållag i den byen somme personleg nynorske kallar Nidaros. Der møtte eg ordet ’saksførehaving’ for fyrste gong, iallfall etter det eg kunne komme i hug. Eg skjønte ikkje ordet. Frå dette landsmøtet hugsar eg også at ein utsending kom i skade for å bruke eit ord som også blir brukt i bokmålet, unnskyldte seg (dvs. orsaka seg), og valde eit ord som var ”meir” nynorsk. Ja, dette har eg au møtt på i andre mållagssamanhengar – det ein seier til vanleg er ikkje godt nok, ein må halde seg til det som er ”mest muleg nynorsk”, verkar det som.

Det kan ikkje vere lett å vere personleg nynorsk. Ikkje nok med at ein bruker eit mindretalsmål, men ein må lære seg ein variant av dette mindretalsmålet som held seg trufast til ein bestemt og enda mindre vanleg tradisjon. Og så har dei personleg nynorske tydelegvis også til oppgåve å passe på at andre nynorskbrukarar held seg innafor rammer som er smalare enn rettskrivinga. Det kan verke som om det er eit mål at flest mogleg skal bruke a-infinitiv og pronomenet ’me’, om dei aldri så mye har e-infinitiv og ’vi’ i talemålet. Det er sjølvsagt lov å meine at folk ikkje bør velje former og ord i nynorsken som samsvarer med talemålet dei har, men det kan sende ut signal som korkje er til fordel for nynorsken eller dialektbruken. Akkurat dette er likevel noko eg sjeldan ser uttrykt, og derfor er det også vanskeleg å bevise at nokon har eit slikt syn. Men at det blir praktisert, veit eg, etter mange år i nær kontakt med personleg nynorske målfolk. 

Er eg personleg nynorsk? Tja, eg forsvarar målforma iherdig, ønskjer at ho skal bli mest muleg brukt, og klarer meg godt utan ein del av dei orda Norsk språkråd seier at vi nynorskbrukarar skal få lov til å skrive. Somme av desse orda har eg likevel god bruk for. Endeleg slepp eg til dømes å skrive ’storleik’, og kan følgje talemålet og skrive ’størrelse’! Og så vil eg ha ei norm som flest muleg nynorskfolk kan kjenne seg heime i, ikkje noko vestlandsmål eller målform som passar for dei som er meir enn vanleg interesserte i språk. Smaken til andre går andre vegar, og greitt er det. Men eg synest det er leitt om dei personleg nynorske skal ta frå meg mulegheita for å bruke ord som eg treng, eller forkynne direkte eller indirekte at det er ”synd” å bruke visse ord. Eit poeng som kjem i tillegg, er dette: Om ein etter ”den rette læra” skal bruke færrast muleg ord og former som også er nytta i bokmålet, får bokmålet ei usynleg rolle som normeringsgrunnlag for nynorsken. Eg veit ikkje om det var framme da landsmøtet til Noregs Mållag i 2000 kom med eit vedtak som gjekk mot å ta inn nye ord i nynorsken.   

Det kan godt hende at det finst for stor valfriheit i nynorsk formverk, og for min del kunne nokre av klammeformene ha forsvunne. Men eg vil ikkje våge meg til å ta ord frå folk, heller ikkje tradisjonelle, ”gode” nynorskord. På same tid har eg heller ikkje noko ønskje om at absolutt alt av bokmålsk ordtilfang skal få rom i nynorsken. Somme vil nok kalle meg inkonsekvent, og det kan eg leve med. Dei personleg nynorske prøver nok å vere konsekvente, men det har andre konsekvensar att: Språkleg moralisme, nedvurdering av talemål, stempling av ”bokmålsord”, større avstand mellom tale og skrift. Dessutan kan nynorsk bli sett på som ei slags trussak, og dette passar ikkje alle.

Ein kjenning av meg arbeidde i mange år som journalist i NRK Finnmark. Han hadde nynorsk som arbeidsspråk, og det gjekk greitt. Men – det var eitt ord han unngjekk å bruke i sendingane til finnmarkingane, handsame... Godt for han at dei personleg nynorske ikkje har greidd å hindre folk i å behandle på nynorsk. Eg er glad for at det er Norsk språkråd som står for språknormeringa i Noreg, og ikkje dei personleg nynorske. Språket vårt er felleseige.

Av Jon Peder Vestad   

Trykt som kronikk i Dag og Tid 9. februar 2002

     
 
| Ymseposten | Mål og middel | Bokinnsynet| Privaten | Lesarbrev |