|
|
På
kvar si side av gata – i kvart sitt land
Lengst sørvest
i Danmark ligg den vesle landsbyen Rudbøl attmed elva Vidå.
Det vil seia – på den eine sida av elva ligg Rudbøl, på
brua står det grenseskilt til Tyskland, og dermed er vi i den tyske
landsbyen Rosenkranz. Nesten. For på den tyske sida er det ein liten
flik Danmark.
I dette flate landskapet
var det kampar mellom Danmark og Tyskland på 1860-talet, og landområde
som tidlegare hadde hørt til Danmark, vart lagde under Tyskland
I 1864. Etter fyrste verdskrigen skulle ein internasjonal grensekommisjon
gå opp grensene mellom dei to landa på nytt. I denne kommisjonen
var det med folk frå Tyskland og Danmark, og frå Japan, England,
Frankrike og Italia.
Gardbrukaren Anton Nielsen
greidde å få garden sin lagd under Danmark, sjølv om
han låg på feil side av elva. Det fortel eit oppslag på
veggen til den danske grensekontrollen. Han hadde støtt drømt
om å få høre med til Danmark, og oppsøkte grensekommisjonen
for å høre om det kunne vera muleg:
"Ja, , sagde japaneren –
ham der kom lengst borte fra – "hvor mange hektar land drejer det sig om?"
Han tenkte jo nok, at det var jord, det drejede sig om og ikke, at det
var en hjertesag. "Ca 200 ha (hektar), tror jeg", lød Anton Nielsens
svar. "Nå, så småligt ser vi ikke på det i Japan;
men hvad med dine naboer og genboer?"
Jo, Anton Nielsen mente,
at de fleste på hans side af vejen ville være danske, men på
den anden side af gaden lå kroen, og selv om de var gode naboer og
talte dansk, ligesom alle her i gaden – så vidste han ikke, om de
ønskede at komme med til Danmark.
Japaneren talte med de andre
i kommisionen, som han flere gange havde gjort, og så sagde han til
Anton Nielsen: "Nu får I lov til at have en lille privat afsteemning
her i gaden, og så ser vi resultatet". Og det fik de så lov
til.
Resultatet blev syv tyske
og fem danske stemmer; men foruden dem, der havde stemt, var der to koner,
hvis mænd var faldet i krigen. De to enker ønskede at komme
med til Danmark, men af hensyn til deres krigsrente havde de ikke vovet
at skrive under.
Kommisionen forhandlede nu
igen, og så sagde japaneren: "Nu vil vi skapbe verdens mærkeligste
grænse, hvor mennesker – ja et enkelt menneske – får sit livs
store ønske opfyldt."
Dette førte til at
garden som Anton Nielsen åtte, ligg i Danmark, og på den andre
sida av gata ligg kroa, i Tyskland. Når ein kjem frå Rudbøl
og dreg over Vidå, møter ein fyrst den danske grensekontrollen,
og eit gradsbruk og nokre andre hus ligg rett attmed. Ei raud stripe markerer
grensa, og nokre tital meter lenger ned i gata kjem ein til den tyske grensekontrollen,
og der skiftar staden namn frå Rudbøl til Rosenkranz.
JPV 6.7. 1999
|
|