Vestads vevstad   Ymseposten   Mål og middel   Bokinnsynet   Privaten   Lesarbrev

 Varierande Bjørnsonfestival

Litteraturfestivalen som ber namnet åt Bjørnson greidde ikkje å prege bybildet i Molde. Men det kan hende at nokre av dei som besøkte festivalen vart prega av det dei opplevde - av Anne Holt, for eksempel.

Bjørnsonfestivalen har vorte arrangert sia 1992, og er ei årleg litterær storhending som alle litteraturinteresserte ha med seg. Slik skulle det ha vore, iallfall. Men bak rutene på Hotell Alexandra, Hotell Molde og dei andre overnattingsstadene i Rosenes by ser eg ikkje bokglade gjester og kikkar ut, det er ingen som har sett det nødvendig å laga til eit billig overnattingstilbod for festivaldeltakarane, og dei som sel festival-t-skjorter, sit att med mange. Slik sett liknar ikkje Bjørnsonfestivalen mye på den jazza festivalkollegaen sin.

Store namn - få gjester
Bjørnsonfestivalen 1998 vart halde frå 9. til 16. august, og hadde nokre tilstelningar i Nesset, men dei fleste vart haldne i Molde. Vigdis Finnbogadottir var eit av trekkplastra i år, og nobelprisvinnar Seamus Heaney var det største litterære namnet, kanskje tangert av Ruth Rendell. Av norske storheiter kan eg nemne Erik Fosnes Hansen, Erlend Loe, Herbjørg Wassmo og Anne Karin Elstad. Vi kan au leggje til krimnamn som Kim Småge og Jo Nesbø, lyrikarane Kolbein Falkeid og Åse Marie Nesse, og ikkje minst Göran Tunström. Det er ikkje småtteri festivalpresident Knut Ødegård og medhjelparane hans har fått til Molde. Men det litterære publikum greier dei ikkje å dra.

"Paternalsk" skrivekunst
Onsdag 12. august les Kjell-Arild Pollestad frå dagboka si på festivalen. I vel ein time, for ca ei krone minuttet, får vi høre kva pater Pollestad får ut av små og store tildragelsar i livet sitt. I utgangspunktet var eg skeptisk, men dette var bra! Pollestad grip fatt i ei hending, spinn litt rundt hendinga, viser til andre hendingar og leikar seg med språket. Og sjølvsagt let vi oss forføre når pateren koketterer med smågrovheiter, eller kanskje berre antydningar til noko grovt. (Måten Dag Solstad etter Pollestad uttalar epikk på, er døme på noko i den leia). Og er ikkje poenga hans vittige, så er dei kanskje vettuge - og nesten utan unntak velskrivne.

Nordisk, sprikande forfattarkveld
Seinare på dag var det forfattarkveld. Göran Tunström hadde selskap av lyrikaren Søren Ulrik Thomsen, romanforfattaren Steinunn Sigurdardottir og den norske mangsyslaren Kjartan Fløgstad. Dette er eit ganske ujamt lag, men Norden har dei felles - eller? Vert Knut Ødegård innleidde med nokre tankar kring det nordiske etter at dei ulike landa i Norden har valt ulike vegar i storpolitikken. Var den nordiske samkjensla som vi vaks opp med berre eit byråkratprodukt? Denne interessante problemstillinga følgte han dessverre ikkje opp når han skulle introdusere dei fire forfattarane. Kvar av dei hadde fått tildelt eit kvarter til å lesa frå sine eigne tekstar, og tilknytinga til og opplevinga av det nordiske kunne ha vore noko som batt kvelden saman. Slik vart det ikkje.
        Göran Tunström las frå ein ny roman om "berömda personer som varit i Sunne". Tunstrøm skirv underhaldande og naivt undrande, og på ein måte overraskar han, på ein annan måte er det nettopp det han ikkje gjer når hans leiker seg med språk og tankar. Tunström av kjent merke, med andre ord. Søren Ulrik Thomsen las dikt i ei fart som ikkje er tilpassa vestnorske øyre som ikkje er van med stød og andre danske særheiter. Somme av dikta hørtest artige ut, andre meir til ettertanke, og atter andre kan eg ikkje seia anna om at dei var skrivne på dansk. Kjartan Fløgstad las eit essay om eit besøk til Røst for å sjå på eit kunstverk som er ein del av prosjektet kulturlandskap Nordland. Det var ikkje så lett å få sett kunstverket, for det var plassert utafor allfarveg, så avbaksleg at han måtte ro siste stykket. Og dette fekk Fløgstad til å sjå ei linje til kor kunsten er plassert i Noreg i dag. Og for å ha sagt det: essayet er i tillegg vittig.

Morosam islending
Steinunn Sigurdardottir hadde eg ikkje venta skulle få meg til å flire, men det klarte ho til gagns. Sigurdardottir har skrivi "Tidstyven" (Timatjofurinn), som er ein trist og svært velskriven roman om ei kvinne med eit stivna kjærleiksliv og eit vanskeleg liv på andre måtar, au. Det er det einaste eg har lese av henne, og denne kvelden las ho frå ulike bøker. Innimellom underheldt ho publikum med digresjonar, anekdotar og bakgrunnsopplysningar for det ho las, og ho sjarmerte publikum storleg.
        Eg vart underhalde, men ikkje provosert eller utfordra av denne forfattarkvelden. Problemet med kvelden var at vi fekk tekstar som gjekk i så ulike retningar både i innhald og sjanger, og at vi ikkje fekk noko heile. Vi vart heller ikkje kjende med dei fire gjestene, og det var nok nokre som kjende seg snytte over å ha betalt 130 kroner for 4 x 15 minutt høgtlesing (nå ja, Steinunn Sigurdardottir gjekk over tida).

For ei dame....
Kvelden etter, torsdag 13. august,  var det krimdamene sin tur. Nils Nordberg leia programmet elegant og kunnskapsrikt. Om ein ikkje fekk noko ut av forfattarbidraga, var det iallfall lett å hente lærdom av Nordberg. Kim Småge, Anne Holt og Ruth Rendell las frå bøkene sine, og her var det Kim Småge som hadde mest å fare med. På grunn av måten Rendell snakkar på, var det vanskeleg å få med seg det ho sa. Anne Holt var det derimot uråd å unngå. Ho las ikkje krim, men noko frå ei bok om fotball-VM 1998. Det vil seia, fotball-VM var det ikkje om, men eit slags forsvar for at ho skulle skrive ei fotballbok. Unnskyld, er det nødvendig? Det vi fekk høre var ei barndomsskildring frå Tromsø i 1960-åra, sikkert interessant for somme. Forteljinga til Kim Småge frå trønderskogen var i det minste krim - og meiningsfylt for andre enn forfattaren. Anne Holt makta ikkje å gjera det personlege interessant for andre, slik pater Pollestad gjorde. Og på ein krimkveld er det temmeleg arrogant å bruke tida på eit barndomsminne som skal inn i ei fotballbok, ei "litterær" døgnflue av det mest stuttliva slaget. På ei anna tilstelning på festivalen gjorde Holt nøyaktig det same.

Byvandring og boktorg
Bjørnsonfestivalen baud på mange fleire tilstelningar enn dei som er trekt fram her, og i Nesset sto Bjørnson sjølv meir i sentrum. Kanskje den største publikumssuksessen av alle var den litterære byvandringa onsdagskvelden. Ho begynte ved den flotte våningsbygningen til Moldegård, og slutta i parken nedafor Hotell Alexandra. Ibsen har brukt Moldegård mellom anna i Rosmersholm (og Reknesparken finn vi att i Fruen fra havet, men det er ei anna historie), Bjørnson var gjest der, og Kielland gjekk tur forbi. Som skuleelev budde Bjørnson omtrent der Alexandra ligg i dag. Nini Roll Anker var også av dei forfattarane som vart nemnt på byvandringa, medan Alf A. Sæter kunne snakke for seg sjølv.
        Også Boktorget kunne ha vorte ein publikumssuksess. Av ein eller annan grunn var det ikkje med i programheftet, og det var svært dårleg annonsert. Boktorget baud på lokalhistoriske skrifter og bøker skrivne av lokale forfattarar, bokauksjon, og mulegheit til å rote i eit traktorlass med gamle bøker som Romsdalsmuseet hadde med seg. Her kunne ein få kjøpt Nye Digte av Andreas Munch frå 1862 for tjue kroner, ein roman av Maxim Gorkij frå 1904 for fem kroner, nye romanar for ti-tjue kroner osv. Få fekk med seg Boktorget, men tiltaket er ikkje mislykka av den grunn.

Og etterpå var det jazz
Bjørnsonfestivalen har festivalkro, som seg hør og bør. Den kvelden eg besøkte kroa, var det rommeleg i lokala, og av ein eller annan grunn måtte ein betale for å komma inn, kanskje for å betale dei moldemusikarane som dei færraste hørte på likevel. Som bakgrunnsmusikk var jazzen deira veleigna, og stemninga på kroa var avslappa og god. Men kor var forfattarane?
        Neste spørsmål: Kor var dei tilreisande? Bjørnsonfestivalen selde i år fleire billettar enn nokon gong før. Samstundes var det mange arrangement som godt ha kunna romma nokre fleire. Spennet i programmet og tiltaket i det heile er slik at Bjørnsonfestivalen lett kunne samle fleire enn bokklubbmedlemmer frå Molde og nabokommunane, pluss ei og anna hovudstadssjel som får betalt for å vera der.

Jon Peder Vestad, august 1998


Vestads vevstad   Ymseposten   Mål og middel   Bokinnsynet   Privaten   Lesarbrev