| Ymseposten | Mål og middel | Bokinnsynet | Privaten | Lesarbrev |
 
Heider som lærer

Andreas Bjørkum fylte 70 år i vinter og gjekk da av som professor i norsk målføregransking ved Universitetet i Oslo. Dette vart markert med heidersskriftet Målgranskaren frå Årdal. Eg håper at mange som er opptekne av dialektar og norsk språk får med seg denne boka.

Som vitskapsmann er Andreas Bjørkum mest kjend for arbeidet sitt om generasjonsskilnader i indresognsmål, som er meir enn ei skildring av språktilhøve i Indre Sogn - avhandlinga har overføringsverdi til andre dialektområde. Som målmann er Bjørkum nok mest kjend for arbeidet sitt for bruk av og respekt for talemål og nynorsk. Somme kjenner Bjørkum frå målrørsla eller nemndsmedlem i Norsk språkråd, og mange har møtt han i ungdomslags- og folkemusikkmiljøa. Sjølv lærte eg Bjørkum å kjenne da eg var sivilarbeidar ved Norsk målførearkiv, og seinare hadde eg han som rettleiar da eg skreiv hovudoppgåve.

Allsidig mann

Andreas Bjørkum kjem frå Årdal i Sogn, og tilknytinga til heimstaden og heimfylket blir det lagt stor vekt på i heidersskriftet. Kollegaen Kjell Venås har skrive ein presentasjon av Bjørkum, der han fortel om bakgrunn og livsløp, om fagleg karriere og personlege interesser. Venås skriv lett og greitt, og artikkelen gjev med rette eit sympatisk inntrykk av Bjørkum. Han greier til og med å lure inn ein aldri så liten klisjé frå sjangeren heidersskrift: Venås skriv nemleg at Bjørkum og kona Ragna Myrstad fekk ein ”uneleg heim”…  Ragna døydde dessverre for nokre år sia. Saman har dei sonen Per Sæmund, som er kjend musikar. Og folkemusikk, teater og anna kulturarbeid har vore av interessene til Bjørkum.

Andreas Bjørkum har hatt arbeidsdagen sin ved Universitetet i Oslo. Nokre år arbeidde han med Norsk Ordbok, men hovudtyngda av arbeidsinnsatsen har Bjørkum lagt ned ved Norsk målførearkiv, som mellom anna har hatt ansvar for granskinga av norske dialektar på Universitetet i Oslo. Han har også sete mange år for Noregs Mållag i fagnemnda til Norsk språkråd. Dette viser seg att i dei artiklane som er tekne med i heidersskriftet.

Både konservativ og liberal

Redaksjonen har valt ut artiklar som ikkje berre speglar dei faglege interessene til Bjørkum, men som også har eit innhald som framleis kan vere aktuelt. To artiklar tek til dømes for seg spørsmålet om talemåla døyr, og dei mest pessimistiske kan ha godt av å lese desse stykka. Bjørkum har lenge registrert regionaliseringa av talemåla, samstundes som han peikar på at denne utviklinga korkje fjernar alle særdrag eller tek strupetak på alle dialektar.

Interessant er det også å lese ein artikkel med synspunkta til Bjørkum om nynorsken. Sjølv er han av dei heller få i det vitskaplege miljøet som har halde fast på i-målet, i tråd med talemålet. Og Bjørkum er ein forsvarar for det somme vil kalle ein tradisjonell, konservativ nynorsk, samstundes som han også forsvarer at norma skal kunne vere vid. Her kjem omsynet til talemåla inn. Bjørkum er også ein talsmann for ei nynorsk uttalenorm, med rot i talemåla. Det var fint at redaksjonen  tok med eit stykke om dette, og at ein liten artikkel frå 1976 om fyrsteopplæring på dialekt i skulen kom med. For meg var dette ekstra interessant å lese om, sia dette var i vinden før eg vart vaksen. Det eg har hørt om dette, har stort sett vore negativt, og det var sunt å møte eit forsvar for lese- og skriveopplæring i dialekt, også som eit tidsbilde.

Ein artikkel om konjunktivformer av verb ser eg også som spesielt verdifull. Men ein vanske her, som ein del andre stader i skriftet, er at redaksjonen ikkje forklarer eller skriv ut dei forkortingane Bjørkum har brukt, og som kan vere vanskelege å forstå utan vidare. 

Den faglege delen av heidersskriftet inneheld elles mellom anna lengre artiklar om like drag ved indresognsmål og dølemål, om dialektinnslag i forfattarskapen til Kari Bakke, og om språkbruken til fire diktarar frå Ottadalen. Interessa for forfattarspråk er noko som har vakse seg sterk hos Bjørkum, og innsatsen hans her er verdifull for ettertida.

Kunne spandert fleire sider

Ein eigen bolk i heidersskriftet inneheld såkalla småstoff, som avisinnlegg og minneord. Eg kjenner Andreas Bjørkum fyrst og fremst som målgranskar, og ville heller ha brukt desse sidene til ein fagartikkel eller to. Det hadde heller ikkje skadd om artikkelsamlinga hadde hatt større omfang.

Heidersskriftet får lell fram det mangfeldte ved Bjørkum. Lars S. Vikør og Geirr Wiggen har utarbeidd ein bibliografi som syner breidda i produksjonen hans. Men både innleiinga til Kjell Venås og bibliografien syner at Bjørkum au har arbeidd med norsk ordtilfang, personnamn og språkbruk i litteratur, for å nemne noko. Dessutan har han vore rettleiar og medhjelpar for både kollegaer, studentar og andre som har arbeidd med målføreskildringar, dialektordbøker og andre språklege emne.

 Heilt sist i heidersskriftet er det ikkje mindre enn to sider med lag og institusjonar og ni sider med personar som helsar Andreas Bjørkum på 70-årsdagen. Det syner at han er ein mann mange set pris på, som vitskapsmann, målmann, kulturarbeidar og venn. Vi får tru at Bjørkum har makta å gje oss som har opplevd han noko av det same romslege som vi finn hos han sjølv.

Gjev godt bilde, men eitt manglar…

Det er såpass mange som sju kollegaer som har sete i redaksjonen for ”Målgranskaren frå Årdal”. Vala dei har gjort, gjev alt i alt eit godt bilde av Bjørkum, sjølv om eg har nokre innvendingar. Det verkar som om dei har tenkt at artiklane dei har valt ut og presentasjonen til Venås til saman skulle gje eit dekkjande inntrykk av både mennesket og fagpersonen Andreas Bjørkum. Men likevel eg saknar ein artikkel om Bjørkum som målføregranskar. Som vitskapsmann syner Bjørkum røter i to tradisjonar – ein eldre tradisjon som la vekt på å skildre stabile system med utgangspunkt i språkbruken til ”innfødde” språkbrukarar, og ein nyare tradisjon der endringar i språk og samfunn har vorte sett i samanheng. Slik sett er Bjørkum ein av dei fyrste i Noreg til å bruke ein sosiolingvistisk innfallsvinkel i målføregranskinga si, og desse to forskingstradisjonane har han formidla vidare til mange andre norskfilologar dei siste tiåra.

Heidersskriftet har ei vakker, enkel utforming som Alv Reidar Dale har sytt for. Joleik Øverby, mangeårig medarbeidar ved Norsk målførearkiv, har tilrettelagt stoffet. Utgjevar er  Seksjon for leksikografi og målføregransking ved Institutt for nordistikk og litteraturvitskap på Universitetet i Oslo. Ei siste, lita innvending går til utgjevarane: Eg saknar eit bilde av Bjørkum bak kontorpulten sin. Dei som besøkte han på kontoret forstår grunnen. Skrivebordet var nemleg ikkje synleg. Der låg det haugevis av bøker, aviser og tidsskrift, brev og andre papir, og stutt tid etter at Bjørkum rydda opp ein og annan gongen, såg det omtrent likeins ut. No har Bjørkum rydda pulten i fjerde etasje i Henrik Wergelands hus for siste gong, og Universitetet i Oslo har mista ein triveleg og trottig medarbeidar. Eg trur han har lesst ned eit anna skrivebord der han held fram med arbeidet sitt.

Olaf Almenningen m.fl.:

Målgranskaren frå Årdal

Heidersskrift til Andreas Bjørkum på 70-årsdagen 30. mars 2002

Institutt for nordistikk og litteraturvitskap

Universitetet i Oslo 2002

127 sider

Av Jon Peder Vestad

Meldinga er skriven for Norsk Tidend, og sto i nr. 3/2002. Lagt ut på nettet 19. september 2002 med nokre små endringar.        

     
 
| Ymseposten | Mål og middel | Bokinnsynet| Privaten | Lesarbrev |