 |
Å
tute med ulvane
I
journalistkretsar blir det av og til snakka om ei blodtåke. Med det er det
meint at ei hending blir sett på som så viktig at ein glømmer å ta omsyn,
ein gjer det ein kan for å få intervju og bilde. Men det finst også ei
slags journalistisk meiningshinne som kan vere verre å oppdage, og
kanskje er ho også viktigare.
Dei som fer rundt i
blodtåka meiner nok at konkurransen om stoffet på ein måte krev ”krev”
at ein tek nokre snarvegar og sjansar. I ettertid kan det vere lett å sjå
kva etiske feiltrinn som er gjorde, og lære av det. Mange lærer, iallfall.
Den journalistiske meiningshinna er ikkje så lett å sjå, for ho er der meir
eller mindre heile tida, og pregar det og dei vi ser. Nokon er heltar, andre
er skurkar, nokon er fanatikarar, andre er tolerante. Somme liker vi, andre
kunne vi ha vore spart for. Enkelte meiningar er greie, og andre er det ikkje.
I seg sjølv er det ikkje noko gale i dette, vi har alle saklege oppfatningar,
personlege erfaringar og private fordommar. Og her er det nokre men.
Fordommar hindrar
nyansar
Dersom det er slik
at ein journalist har gjort seg opp ei meining om ei sak eller ein person, kan
meiningshinna lett gjere at denne personen ikkje så lett får auge på
nyansar og andre, like rette eller gyldige oppfatningar. Dersom mange
journalistar ser på samfunnet rundt seg med omtrent same blikket, kan
mangfaldet som blir formidla gjennom media bli mindre enn det er grunn til. Og
dersom meiningshinna fører til at ein er mindre kritisk mot dei journalistane
er einige med og liker, blir formidlinga lett for unyansert. Slik var det
eksempelvis i EU-debatten frå 1994, kanskje no au. Nyansane må ein i slike
tilfelle leite etter i utkanten av mediebildet, i nisjeaviser,
organisasjonsblad og andre mindre tilgjengelege kjelder.
Etter mitt syn er
det ei slags journalistisk meiningshinne som gjer at kanskje dei fleste i
Noreg no går rundt og trur at bønder er omtrent åleine blant norske
arbeidstakarar om å få økonomisk støtte, og at dei er bortskjemde og
kravstore mottakarar av skattepengar. Eg kan også bruke eit anna omgrep for
dette, nemleg å vere ”politisk korrekt”. Når ein er politisk korrekt, er
det ein meiner stort sett allment godtatt, iallfall i offentlegheita. Kva som
er politisk korrekt å meine, kan variere, og i dag ser det ut til å vere
politisk korrekt å meine at homofile par bør få adoptere born, og det er
intolerant å meine noko anna. Det er politisk korrekt å meine at avgiftsnivået
i Noreg er for høgt, det er politisk korrekt å vere mot fylkeskommunen, og
meine at KrF er eit intolerant parti. I Midtausten-konflikta skal ein halde
med Palestina.
Er
”tolerante” intolerante?
No har eg ikkje sagt
noko om kva eg sjølv meiner i desse sakene. Eg nemner dette for at ingen utan
vidare skal kunne stemple meg som politisk ukorrekt. Og kva eg meiner om desse
sakene, er uinteressant i denne samanhengen. Det som er ærendet mitt, er å
peike på at slike oppfatningar ”alle” har eller ”bør” ha, kan vere
ei ulempe både for journalistikken og den offentlege debatten. Meiningshinna
eller fasttømra politisk korrekte meiningar kan hindre at ein oppdagar at
sanninga sjeldan er ei og nesten aldri kan skrivast med stor S. Det må vere
rom for å tvile, vere undervegs og komme med motargument utan å bli stempla
som reaksjonær eller intolerant. Ja, kan det ikkje vere slik at dei som påstår
høglydt at andre er intolerante, er intolerante sjølve? Og at det liksom
eigentleg er enkelte temmeleg utbreidde meiningar det ikkje er ”lov” å
ha?
Eg trur at ein del
av det vi har sett i debatten om kriminalitet og undertrykking knytt til miljø
med rot i andre kulturar, kan komme av at somme ikkje greier å vere
”politisk korrekte” lenger. Frykta for å vere politisk ukorrekt kan ha
lagt lokk på ein debatt, og når lokket blir fjerna, kan debatten svinge vel
langt andre vegen. Ei ny meiningshinne kan bli danna.
Sjølvkritikk og
kunnskap
Det er slett ikkje
uråd å gjere noko med den journalistiske meiningshinna. Aller fyrst må vi
innsjå at vi alle har sympatiar og antipatiar, og at dette kan prege det vi
formidlar utan at det bør gjere det. Ein må vere sjølvkritisk. Vi må også
ta omsyn til at enkelte redaksjonar har eit politisk grunnsyn som sjølvsagt må
kunne formidlast. Det betyr likevel ikkje at ein ut frå eit klart
verdistandpunkt kan formidle usann informasjon eller halde tilbake informasjon
som nyanserer det ein legg fram. Og dei som gjerne vil utrope ein eller annan
til hat-objekt, slik Anne Enger Lahnstein var det for nokre år sia og Valgerd
Svarstad Haugland ser ut til å vere det no, dei bør få kritiske spørsmål
attende.
Av og til ser vi
forresten både at debattdeltakarar og journalistar i media seier at dei som
tek offentlege verv eller har viktige roller i samfunnet, må tole meir
enn andre. Det er lett å bite på dette argumentet. Men det å vere synleg i
samfunnet betyr ikkje at ein skal tole æreskjelling frå
meiningsmotstandarar, ølsprut i fjeset eller stempling. Slett ikkje. Ein må
nok rekne med meir pågang frå media og kritiske spørsmål, men ein treng
absolutt ikkje finne seg i kjeft og usaklegheit. Det kan finnast godt stoff i
å av og til rette søkjelyset mot dei som skyt hardast, og da er media heller
ikkje med på forsimplinga av den offentlege debatten.
Kunnskap kan også
gjere at denne meiningshinna ikkje gjer oss nærsynte. For nokre år sia vart
biskopen i Møre, Odd Bondevik, i somme medium plassert langt ute til høgre i
den norske kyrkjelandskapet, som ein mørkemann. Bondevik er ein temmeleg
radikal og vidsynt mann, og dessutan ein kar som er i stand til å endre
standpunkt. Det gjorde han i spørsmålet om kvinner bør få vere prestar.
Men akkurat i homofilispørsmålet var og er han ikkje ”politisk korrekt”,
men står nok her plassert i sentrum av kyrkja reint teologisk. Med
meir kunnskap innabords, bør det vere mogleg å sjå at Bondevik ikkje er
nokon mørkemann på ei ytterfløy. Ein som søkjer kunnskap, ville lett
oppdage dette.
Motekspertise må
til
Det å vere sjølvkritisk
og byggje på kunnskap bør parast med ei nysgjerrig, kritisk haldning. Når
nokon for ørtande gong snakkar om oversubsidierte bønder, kunne det kanskje
vere greitt å a) sjå på støtteordningar for landbruket i andre land og b)
undersøkje kva interesser dei som hetsar bøndene har. Vi finn ikkje bønder
blant dei rikaste i Noreg, men fleire som driv butikkar…
Motekspertise
er eit omgrep eg vil hente fram til sist. Det vil seie at ein finn fram til
andre kjelder med andre standpunkt, andre debattdeltakarar enn gjengangarane
for å få fram nyansar og motargument. Det er ikkje verre enn at ein ringjer
eit anna telefonnummer enn det ein fyrst tenkte på, eller skaffar informasjon
frå andre kjelder. Da blir det fleire stemmer, og det blir verre å tute med
ulvane, iallfall i same tone.
Av Jon Peder
Vestad
Artikkelen er
skriven for nettstaden magasinett.no, og lagt ut på Vestads vevstad 8.
november 2002.
|
|