| Ymseposten | Mål og middel | Bokinnsynet | Privaten | Lesarbrev |
 
Å, for kav!

Møre og Romsdal blir ikkje det same etter at Ålebyen har fått eit toppserielag i fotball. Sant nok - regnet kjem til å vere like vått, vegane like lange og svelene best med brunost. Men konsekvensane av opprykket er større enn at det nok blir både blå og raude auge å sjå når MFK og AaFK møtest blodige lokaloppgjer, som avisene kjem til å kalle det. Fylket blir kløyvt att.

Lenge har MFK vore eit slags lim i Møre og Romsdal. Alt på 1970-talet var det ferjekøar på begge sider av Romsdalsfjorden når MFK spelte heime. Også folk med eksplosiv rulle-r og god kjennskap til fiskeeksport og møbelindustri fraus på gamlestadion. Modig gjort, for den gongen var det på ein måte lov i i-land (altså Romsdal), ja, ikkje akkurat å hate, men iallfall å forakte folk som sto fram som sunnmøringar. MFK har vore med på å fjerne den psykiske sperra ferista på Ørskogfjellet var mellom nordre og søre delen av fylket. Det var jo til Molde folk måtte for å sjå ordentleg fotball! Lodve, Lidvar og Sindre vart aksepterte av Kjell-Rune, Roe og co. fordi dei heldt med rett lag. Vi fekk det betre saman. Ja, til og med frå Gudbrandsdalen reiste ein og annan for å sjå ”heimelaget” sitt! MFK gjorde oss i nordvest nesten til eitt folk. Eg veit sjølvsagt at det finst sjeler i Keikoland med hårkledd snusbul under overlippa som har det best når nokon skrålar Rosenborg-songen. Jaja.

MFK fekk altså mange til å glømme fogderigrensene. Og no?! Plutseleg kan MFK miste halve fylket til nokon som ikkje ein gong har ordentleg stadion! Og vil nordmøringane bry seg like mykje med MFK når eineveldet først er brote? Ikkje veit eg. Men det samhaldet som har fått folk frå Volda og Vigra, frå Averøya og Alnes til å fare til Molde, raknar nok. Grunnen er naboopposisjon.

Dette må eg forklare. Dersom du skulle vere så uforsiktig at du seier til nokon at dei har ein spesiell dialekt, vil dei sikkert protestere, og med rette. Dialektar er ikkje spesielle, berre ulike. Men dei du seier dette til, vil også truleg fortelje at i nabobygda, der snakkar dei spesielt, der! Rare er dei au. Det er nemleg som oftast ein sjølv som er normal, og alle andre ein slags avvikarar. Dei er det såklart om å gjere å vere ulik - det er jo snakk om opposisjon, her - og forskjellane er svært viktige. Ein stad skal det vere rømme til ballen, ein annan stad sirup. Og best fotball blir levert av…. Svaret har vore ganske klart her i fylket, men no får mange det vondt. Skal dei heie på dæmmagutta etter så mange år med blåkvitt hjerte? Svikte dei tre bokstavane MFK? Å, for kav!

 

Fotball er visst den viktigaste bagatellen i verda. Fotball er meir enn 90 minutts spel, meir enn spelartransaksjonar, sponsorpengar og supporterbrøl. Denne 22-mannsleiken er eit identitetsmerke og symbol for samhald, ja, han kløyver og legg i lad. No granskar AaFK-leiinga videoopptak frå Røkkeløkka og MFK-eliten tenkjer på kven dei skal kjøpe - dette lærte dei da dei samla fotballkort – for å møte gamle og nye motstandarar. Vi andre bør minnast den tida MFK var som ein flugefangar og lokka folk frå heile fylket til rosebyen. No har vi rundt 62 og 63 gradar nord fått fotballen å krangle om attåt alt anna, og avstandane veks att.

Sjølv er eg så lite interessert i fotball at eg glatt gratulerer Ålesund med topplaget og ønskjer AaFK alt godt. Ja, berre laget held seg unna tabelltoppen, så. Der bør nok MFK vere.

Av Jon Peder Vestad

Stykket vart trykt i MRF-magasinet Allfarveg hausten 2002. Lagt ut på nettet 13. mai 2003.   

     
 
| Ymseposten | Mål og middel | Bokinnsynet| Privaten | Lesarbrev |