T
tabbeband tabbebånd
Band med opptak av flausar, feilsnakking osv som har gått
på lufta - eller kunne ha vorte sendt. (T. blir gjerne br som
underhaldning i romjulssendingar, og er populært på redaksjonsfestar...)
taime, time
Måle tidslengd, ta tid på
takning tagning
1 Opptak, innspeling 2 Opptaksomgang, eitt av fleire opptak
av det same
talestudio
Studio - helst lite - tillaga for tale, jf >bullebur
talestyring
1 Det at musikk el innringar blir dempa i >telefonoverdrag når
programleiar snakkar 2 Det å gje ordet, fordele
taletur
taletempo
Fart på framføring
talkback
1 Det å høyre seg sjølv på øyret
2 Snakke tilbake, t d til studio 3 Del av regianlegg
talkshow > prateprogram
tappe
Opne for lyd, gjere opptak frå kjelde
tapning
Ekstra signaluttak i lydkanal, >aux. Ein miksar har ein el fleire tapningar
på kvar kanal. Ein har t. både før og etter kanalregulator;
t. før gjev lyd til forlytt/regi , t. etter gjev same lyd som går
til programutgangen (programlyd), og kan bli br f eks til programretur
til HF-reporter
Tavla
Meldingsplate, oppslagstavle med plass for vekeplan, oversyn
over (framlegg til) emne, gjester, reportasjar o l
tease
Gje omtale, reklamere (for) på førehand; tirre,
eggje
teaser
1 Tirrar, eggjar; stutt, ferdiginnspelt lydsnutt som fortel om
noko som kjem 2 Anslag, opning - m a brukt om fyrste del av
dokumentar- og featureprogram og som skal vekkje interesse og dra
lyttaren inn i programmet
teip, tape
Lyd- el videoband
teipe, tape
Spele inn, ta opp, bande
teiknrute tegnrute
Meldingsfelt, display; felt der ein kan skrive og/eller lese
teikn, t d telefonnummer el beskjedar
teknikar
Fellesnemning for ein som er utdanna programingeniør/medieingeniør
og andre som arbeider med teknisk avvikling og drift i kringkasting
telefonhybrid > telefonoverdrag
telefonlyd
Lyd med (tilgjord) telefonkvalitet
telefonoverdrag
Teknisk eining som koplar telefonlinje til miksebordet, telefonhybrid
telefonoverspelingsboks telefonoverpillingsboks
Apparat som gjer det muleg å overføre lyd via telefonlinje
telefonrapport
Kort monolog levert (direkte) over telefon
telefonsluse
Siling av deltakarar til innringingsprogram, før dei blir
sleppte på lufta
telefonvakt
Programassistent som tek mot telefonar til innringingsprogram,
skriv ned namn, bustad, kva innringar vil snakke om og ev vurderer
om han/ho "må" el kan sleppast til på lufta. Ei t.ringer
ofte opp innringar før dei skal delta i eit program for å
sikre seg mot namnejuks o l
teljeverk telleverk
Talvisar, teljeapparat, nummerfelt - ei innretning som startar
på null (>nulle, nullstille), der tala "veks" el "minkar" etter
kvart som ein spolar fram el tilbake, spelar eit band o l. Eit t.
oppgjev ikkje sann tid, men er eit uttrykk for avstand/lengd. Jf
>sann tid
temasending
Program som handlar om eitt el eit par emne, og gjerne vinklar
emnet vha ulike verkemiddel (høyrebilde, personifiseringsintervju,
ekspertintervju, innringing osv)
temperatur
Stemning, tone, atmosfære, >trøkk - om kor engasjerande
el heitt t d eit ordskifte/program verkar
tett
Lekkasjefri, som ikkje lek - om både lyd- og informasjonskjelder
tidskode
Tidsinformasjon som følgjer programlyd på harddiskopptak
tidssignal
Tone, lyd som fortel at klokka har nådd ein ny (halv-)time
tilbakekopling
>Rundgang, >feedback, lydsignal som går i ring. Ei t. skjer f
eks ved at mikrofonen tek opp lyd frå høgttalaren som sender
ut lyd som mikrofonen tek opp frå høgttalaren (og som blir
sendt ut att med enda høgare styrke osv osv) og fører
til >hyl
tittelprogram
Frittståande program, sending som står under eigen
tittel. Eit t. er gjerne eit >temaprogram el samansett program. T.
er sjeldhøyrde i norsk radio i dag
tomgang
Tomprat, småprat utan særleg innhald
tomspole
Bandspole utan lydband på
tone
1 (s) Lydsignal, test 2 (s) Stemning, atmosfære
3 (v) Feide, dra inn el ut lyd
tonefall
Talemusikk, aksent
tonegang
Skifte i tonehøgd gjennom eit ord/ei ytring, intonasjon
tonelag
Ordtone, tonem. Norsk har to t., som i bønder (tonelag
1) og bønner (tonelag 2)
toning
Opp- el nedfeiding av lyd
tone over
Feide inn ei lydkjelde gradvis, medan ei anna lydkjelde blir
utfeida
topp
Overskrift; hovudinnhald i ei sak; head. Alle innspelte innslag skal
leverast med t., >intro og >utro. I ein t. kan ein br ufullstendige setningar:
"Storflaumen spreidd til Austerrike - fleire tusen på flukt"; jf
>topp. Ei nyheitssending startar gjerne med tre-fire toppar, også
kalla headlines
toppe
Opne med, nemne el sende først
toppsak
Førstesak, oppslag, emne som blir sett på som viktigast
og sendt først
tps
Tomme per sekund, måleeining for >bandhastigheit. Den engelske
nemninga ips står for inch per second. Bandhastigheita på
Nagra-band er 7 1/2 tps, dvs 19 cm i sekundet, på store spoleband
er det vanlegaste 15 tps, 39 cm i sekundet
trafikkradio
Korte innslag el eigne program med trafikkopplysningar; NRK P1
sender t.
traile
Førehandsreklamere for eit program, jf >tease
trailer
Ferdiginnspelt utdrag el omtale av program, eigenreklame. Ein
t. er på ca 15 - 50 sekund
transistorradio
Radioapparat med elektrisk forsterkarelement. Ein t. er bygd
opp av halvleiarkomponentar (transistorar) som krev lite straum,
og apparatet kan derfor gå på batteri og bli br som reiseradio
transmisjon
Kringkasting, utsending av kringkastingsprogram
transponder
Del av satellitt som sender mottekne signal til mottakarar (sendarar/omformarar)
på jorda
trollauge trolløye
Lampe på radiomottakar som lyser når søkjaren
er innstilt på ein stasjon
trong trang
Ikkje brei, ikkje vid - om retningsstyrt mikrofon
trudelutt
Musikksnutt, liten jingle el kjenning
trykk
Framheving av ei staving/ord, aksent. Ein setningsdel som får
t., framstår som viktigare enn andre delar - sjølv om
det ikkje stemmer
trykkvalse
Del av bandspelar som pressar lydbandet inn mot >capstan når
bandspelaren blir sett i gang
trøkk
Snert, sting, >temperatur, (høg) stemning
trådlaus trådløs
Overført vha radiobølgjer, etersend, som gjev samband
utan bruk av leidningar
TS
Teknisk sentral
tuner
1 Innstillingsmekanisme for elektronisk utstyr 2 Radiomottakar
utan forsterkar
turboradio
Sending el stasjon prega av høgt tempo. Ei sportssending der
ein set over frå stad til stad på direkten, er eit godt
døme på t.
turistradio
Program med lokalinformasjon for tilreisande; sørvissendingar
sende i feriane
tørrprat
Tomprat, tomgang
U
UHF
1 Ultra High Frequency; frekvensområde mellom 300 og 3000 Mhz.
UHF blir br til å sende lyd frå felten til kontrollrom,
t d direkterapportar; jf >HF, VHF 2 Reportasjesendar som br UHF-bandet
underkontor/UK > lokalkontor/LK
underkontroll
Lite >kontrollrom, >minikontroll
underredaksjon
Delredaksjon, redaksjonell gruppe som arbeider på ein bestemd
stad, el med eit avgrensa fagfelt
undervisningsprogram, undervisningsradio
Program brukt i opplæring, >skolekringkasting, skoleradio
utannonsering/utann.
Studiostikk som avrundar eit (bandlagt) innslag, >utro. I ei u. fortel
ein t d kven ein høyrde til sist i innslaget og kven som var
reporter, og det er siste sjanse til å smette inn opplysningar om
eit emne. Jf >innannonsering, intro
utbrett
Fordjuping, større utgreiing, brei innføring i
eit emne
utbrettssak
Emne som får god plass i ei sending
ute
1 I felten, ikkje i studio 2 Av lufta, ikkje >på
el >inne 3 Ikkje på (plate-)liste lenger
utereporter
Journalist som rapporterer utanfrå til studio/på
lufta
utfeiding, utfading
Tone ut, dra gradvis ned og etter kvart fjerne lyd frå
lydbilde
utgang
1 Avslutning på sak/sending 2 Tapning
utpunkt
Sluttstad, sistelyd - om stad på harddiskopptak der eit
bestemt lydstrekk ender
utpust
Anding ut, andedrag der pusten går ut. Til vanleg snakkar vi
på u., men når ordet blir br, er det fordi vi har for
lite luft så pustinga høyrest. Jf >innpust
utro
>Utannonsering. Internt omgrep som er laga etter mønster
frå >introduksjon/intro, og står altså for `utroduksjon`
utspørjing utspørring
Intervju, helst med eitt intervjuobjekt. Ei u. går rett
på sak og skal vere nådelaus overfor intervjuobjektet
ut-stikkord
>Sluttstikkord som er avtalt på førehand, siste
orda i eit (banda) innslag
uttaleregel
Retningslinje el vedtak om korleis eit namn el ord skal uttalast
uttaletydelegheit uttaletydelighet
Måte å uttale tekst på, diksjon
uttoning
1 Utfeiding, gradvis lågare lydstyrke 2 Etterklang,
måte lyd ender el forsvinn på
V
vakl
Kontaktfeil i elektronisk signalveg som kabel el kontakt
vari(o)speed
Trinnlaus endring av inn- og avspelingsfart. Dersom ein br v.
på ei lydkjelde, vil tonehøgda gå opp samstundes
med at farten blir auka, og det motsette skjer ved saktare fart.
Jf også >forvrengje 1
vendar vender
Innstillingsknapp, funksjonsveljar m a for val av stereo el mono
på bandspelarar
verbal
1 Med tale/song 2 Talefør, snakkesalig - t d om
intervjuobjekt
verbalinnslag/-program
Programinnhald el sending berre med tale
verbalmonster
Taleført/snakkesalig intervjuobjekt
VHF
1 Very High Frequency; frekvensområde mellom 30-300 MHz.
VHF-signal rekk lenger enn UHF-signal, jf >HF, >UHF 2 Reportasjesendar
som br VHF-bandet
vifte igang
Gje teikn med arm om at plate el innslag skal på lufta
vignett
Kjenning, trudelutt
vindhette
Mikrofonbeskyttar, omslag av skumplast kring mikrofonhovud for
å verne mikrofonmembranen mot blokkering frå vindkast
el mot støyt og støy. Ein vott kan godt brukast som
v.
viskehovud viskehode
Del av bandspelar som slettar opptak
viskesikring
Plastdel på kassett som gjer det muleg å spele inn om att
og om att på bandet. Når v. blir fjerna, er det umuleg
å spele over opptak som alt finst på bandet
voice-over
Det å ha prat oppå musikk el miljølyd, jf
også >kommentar 2
WYZ
whiskystemme
Grov, gruggen stemme, >dagen derpå-stemme
yagi
Antennetype brukt på HF-sett
zoome inn/ut
1 Utviding el innsnevring av lydområde; demping el framheving
av lyd 2 Forstørre el forminske grafisk utsnitt av lydbilde
på dataskjerm
zoom-mikrofon
Mikrofon som kan ta inn frå trongt el breitt område,
mikrofon ein kan skifte verkeområde/retningsbreidd på
Ø
ønskjeprogram ønskeprogram
Sending med ønskeplater
øvingsradio
Radiosending brukt i opplæring, t d sendt som >husradio
øyreklokke øreklokke
Lydkjelde, "høgttalar" på eit øyretelefon-sett
øyrepropp ørepropp
Liten "høgttalar" til å feste i øyret; "lydmygg"
øyretelefon øretelefon
Hovudtelefon/headset utan mikrofon
Å
åpning > opning
åttetalskarakteristikk åttetallskarakteristikk
Mikrofon som tek opp frå lydkjelder framfor og bak seg,
og er skjerma for lyd frå sidene