Til Vestads vevstad     Til Radioordlista A-D  E-H  I-L  M-O  P-R  T-Å  tillegg


Radioordlista S

S

sak
 1 Innslag, del av sending - som intervju og reportasje. Ei s. kan både gå direkte og  i opptak. Ordet dekkjer ikkje musikkbruk  2 Emne, noko ein må/bør lage stoff om;  godt stoff: Dette er jo sak!

saks
 Kniv på studiobandspelar, brukt til å klippe i lydband med

samandrag  sammendrag
 Oppsummering, kort gjennomgang av t d dei viktigaste nyheitene

samansett innslag/program  sammensatt innslag/program
 Radioformat der ein kan finne intervju, blokkar, opplesing , miljølyd, musikk og  andre lydkjelder og verkemiddel, dvs eit stort spenn i tillagingsmåtar

sampler
 Maskin som tek opp alle slags lydar, som så kan spelast av på eit klaviatur

samplingshastigheit  samplingshastighet
Fart på opptak av lyd til datamaskin. S. blir målt i kHz, og vanleg s. er 11, 22 og 44 kHz

samsending
 1 Parallellsending, det at to el fleire sendenett/kanalar sender det same  2  Direktesending frå fleire sendestader, t d ulike idrettsarenaer

samtale
 Dialog, intervju der journalistrolla er nedtona/lite synleg (bortsett frå t d i >opninga  og avslutninga). Ordet s. kan au brukast om eit intervju som manglar ordentlege  spørsmål, der ein legg orda i munnen på intervjuobjektet og/el er ukritisk

sann tid, sanntid
 Riktig lengde, nøyaktig varigheit; eng `real time`. S.  blir brukt m a om teljeverk  som viser faktisk tid og ikkje ein tilfeldig talkode

s-begrensar  s-begrenser
 Filter som blir brukt for å ta vekk el minke altfor tydeleg s- og sj-lyd

segment
 1 Område som er merka av i harddiskredigering  2 Spesiell del av (muleg)  publikum

sendar  sender
 Kringkastar, stasjon; omformar

sendarnett  sendernett
 Samanlenking av omformarar/kringkastarar

sendeflate
 Del av sendetid, del av kringkastingsdøgn, program i ein del av dagen. Ei s.  dekkjer meir enn enkeltprogram, og ein snakkar t d om morgonflate, kveldsflate

sendefri
 Utan program, stille. Det kan vere s. fordi ein programpost/eit program ikkje skal  sendast den dagen, el at det ikkje er eigne sendingar i det heile på kanalen på eit  tidspunkt. Petre har s. om natta, og går i >samsending med P1.

sendeleiar  sendeleder
 Ansvarleg for avvikling og utsending, øvste ansvarlege på vakt, ofte ein  >programannonsør. S. har rapporteringsplikt til kanalsjef dersom noko uføresett  skulle hende

sendeløyve/-tillatelse
 Konsesjon gitt av Stortinget gjennom Statens medieforvaltning; er avgrensa i tid

sendesignal
1 Tone som fortel at ein sendar er på  2 Tonar som identifiserer/kjenningsmelodi  for ein radiostasjon

sendeskjema
 Programoversyn, sendeplan for tida som kjem. No er det mest faste program å  finne på s., medan det tidlegare var fleire enkeltståande >tittelprogram

sendestart
 Tidspunkt da ein stasjon/eit program går på lufta

sendestopp
 Tidspunkt da ein stasjon/eit program går av lufta

serviceradio > sørvisradio

setje over/inn  sette over/inn
 1 Leggje linje frå innringar el utereporter inn >på bordet el >på lufta  2 Gje  reporter ein annan stad ordet, t d i
sportssendingar

side/s.
 Plateside, forkortinga s. blir br i køyreplaner

sidekommentator
 >Bisitter, medprogramleiar, ein som har ei bestemd oppgåve i eit program, og som  ikkje har programleiaransvar. Ofte er ein s. ein innbeden ekspert, t d ii val- el  sportssendingar

singel/sg
 Lita grammofonplate, til vanleg med eitt spor på kvar side. Sg er forkortinga br i  køyreplaner

sistesak
 Innslag som pga emne el aktualitet blir sett sist på ei køyreplan/sendt sist i eit  program. Ei s. er gjerne ei >mjuksak.

sending
 1 Utsending av program  2 Program

sitat
 Ord for ord, nøyaktig attgjeving av noko som er sagt, i motsetning til >referat/  innhaldsreferat. I radio har ein mulegheit til å spele av oppsiktsvekkande "sitat",  og når ein likevel vil >blokke, må ein få fram at dette er ordrett sitat ("Eg siterer",  "ord for ord sa ho...")

situasjonsrapport
 Innslag som fortel ganske stutt om ein no-situasjon (ei hending/ei tilstelling), ei  slags >direkteblokk. Ein s. går sjeldan i opptak

sjølvkøyr  sjølkjør
 Det at programleiar står for både programleiing og teknisk avvikling

sjølvkøyrssending  sjølkjørssending
 Sending som programleiar også har det tekniske ansvaret for, egosending

sjølvkøyrsstudio  sjølkjørsstudio
 Studio som er bygd med tanke på sjølvkøyr

sjølvretting  sjølretting
 Sjølvkorrigering, det at ein rettar feil og forsnakkingar

skildring
Forteljing, utgreiing - gjerne om korleis det ser ut ein stad, kva som skjer der osv.  Ei s. kan vere del både av ein reportasje og ei direkteblokk

skilje  skille
 Lydsignal, lydbru brukt inne i ei sending for å skilje mellom emne, skape liv o l

skiljeband  skillebånd
Band som skil mellom ulike kutt på eit lydband. Eit s. er det uråd å gjere opptak  på og er ofte gult av farge, jf også >sluttband

skjult mikrofon
 Mikrofon som ikkje er synleg og som det ikkje er opplyst om er i bruk ved skjult  opptak

skolekringkasting, skoleradio
 Undervisningsprogram i radio. (I Australia har ein hatt interaktiv s., der skuleelevar  i grisgrendte strøk har brukt radioamatørutstyr for å prate med lærar og medelevar,  og eteren har vore klasserom. Vha internett kan ein gjere det same)

skru
 Stille inn, søkje på frekvensband

skulderantenne
 Antenne ein har over skulderen; blir br på berbart sendeutstyr (>HF)

skurr
 Ulyd, støy på opptak og radiomottaking

skøyte  skjøte
 Setje i hop opptaksdelar ved å feste to bandendar mot kvarandre, teipe

skøyteskinne  skjøteskinne
 Spor som ein legg bandendar på når ein skal skøyte

skøyteteip  skjøteteip
Limband som ein legg på bandenda når ein klipper. Ein bit s. er på eit par cm, og  er like brei som lydbandet

slager
 Populær melodi, landeplage - om musikk som gjerne er nokre år gammal og har  vore (litt for) mye spelt

slepbar
 Berbar, men tung - t d om Nagra

slette
 Spele over, fjerne eldre opptak

sluttband  sluttbånd
Bandteip som ligg til sist på eit lydband. Det er ikkje muleg å gjere opptak på eit  s., som ofte er gulfarga

slutt-id
 Program identifikasjon ved sendingsslutt. Ein s. kan vere ein stutt jingle, >ID, >  sluttkjenning, el vere få, (nærast) faste avrundingsord framført av programleiar

sluttord
 Avrunding, det ein seier til sist

sluttkjenning
 Stutt melodi sendt til sist i ei sending. Eit instrumentalparti på ein  s. kan liggje  som eit >lydteppe under programleiar først, og så bli feida opp når han/ho er ferdig  med å snakke

sluttpoeng
 Slagkraftig faktum el formulering som ein avrundar t d eit ordskifte el ein debatt  med. Det er ikkje særleg lurt å vente at s. skal komme til ein undervegs i ei  sending, - det kan t d vere eit ordtak ein har skrive ned på førehand

sluttstikkord
1 Avtalt formulering ein vil avrunde med. Når ein kjem til s., kan det vere teikn til teknikar om at ny kjelde skal koplast inn  2 Siste to-tre ord på eit opptak (for både  1 og 2 sin del er s. så særmerkt/lett gjenkjenneleg at det ikkje kan bli forveksla med andre vendingar)

sløyfe
 Kort lydband som er limt saman og ikkje har fysisk start el slutt

sløyfefangar  sløyfefanger
Del av bandspelar som lydband går rundt og som dempar ev uregelmessig  avspeling av band, særleg ved start og stopp

smatting
 Det å smelle med munn el tunge. S. blir redigert vekk, men kan også bli br for å  maskere at to lydstrekk er sette ihop

smelling
 Kort melding med >snutt

smøreeksemplar, smøretur
 Tiltak frå plateselskap, forlag o a for å skape velvilje hos medarbeidarar og få blest  på lufta. Jf >tekstreklame

snappusta
 Andpusten, kortpusta

snikreklame
 Omtale av noko som kan bli oppfatta som (utilsikta) reklame

snu
 Vende, skifte linje, >setje over

snutt
 1 Stutt lydstrekk, t d i >opning: Ein ønskjer velkommen, fortel kva sendinga skal  innehalde el let ein s. med ein replikk, stemma til ein gjest el l  fortelje det same  2  Humorinnslag som er stuttare enn ein sketsj, kanskje 20-60 sekund, maks to minutt,  og som kan vise til noko som kjem seinare i ei sending

solo
Åleine, einaste - om kjelde. Når ein sender solo HF vil det seie at ein sender berre  HF-lyd, og ikkje lyd frå andre kjelder, t d studio. På eit miksebord vil s. seie at ein lyttar til den kanalen som solo-knappen har aktivisert. Det motsette av s. er  >mute, dempe, kople ut ei kjelde

Sonoton
 Plateserie med illustrasjonsmusikk

sorl
 Miljølyd, bakgrunnslyd med menneske(mengde)

spak(e)
 Lite handtak, skyveregulator som regulerer lydstyrke på eit miksebord,. Ein s. blir  kopla saman med ein vendar som startar ei maskin el ein funksjon, t d eit signallys

spakstart
 >Fjernstart, igangsetjing vha spake på kontrollbord. Ved s. opnar ein lydspaken til  ei kjelde på kontrollbordet, og dette set i gang t d ein bandspelar som ein har valt  funksjonen s. på

speaker
Framførar, programleiar som har til oppgåve å framføre tekst, skriven av  andre. Ein s. kan vere t d ein skodespelar

speleliste  spilleliste
 Plateliste, oversyn over musikk som skal spelast

spele inn  spille inn
 Gjere opptak, ta opp

spele over  spille over
1 Overføre/kopiere frå ein stad i eit nettverk til annan, jf >overspeling  2 Slette, ta  opp noko over eit anna opptak

spise lyd
 Gøyme, rote vekk - om lyd som blir borte pga tekniske manglar ved mikrofon,  opptaks- el avspelingsutstyr

spole
1 (v) Vinde, leite tak i, finne - om å føre band fram el tilbake til ein bestemd stad   2 (s) Hylse, kjerne som ein snurrar/spoler band inn på, oppsamlingsspole

spoleband
 Lydband på spole, ikkje kassett- el cartridge-band

spot > reklamesnutt

språknorm
 Samling språkreglar, t d har bm sine språkreglar som til saman utgjer språknorma i  bokmål. Jf >normalisering, idiolekt

stakkato
 Hakkete, ujamn - om framføringsmåte

stand-up > direkterapport

stasjonær
 Stadbunden, ikkje flyttbar

statement
Utsegn, ytring; kutt/snutt med replikk. Eit s. kan bli redigert ut frå eit intervju og  bli hengt på ei melding (melding med snutt, >smelling)

statistikk
 Programopplysningar; oversyn over programinnhald. På ein s. blir det eksempelvis  ført opp kor mye ein speler av kva for plater (med namn, platenummer osv),  fordelinga av bm/nn/dialekt, fordelinga menn/kvinner i eit program

steinkake
 Tung, lettknust langspel-plate laga av skjellakk som blir spelt med 78 omdreiingar  (78-plate)

stemmeleie
 Stemmenivå, kva høgd ein legg stemmebruken på. S. kan vere høgt el lågt og  verke naturleg el unaturleg

stemmepreg
Stemmebruk bestemd av programtype. Eit s. skil seg frå program til program, og  ein og same radiojournalist kan skifte mellom ulike måtar å bruke stemma på etter kva s. programmet krev

stemmeprøve
 Prøve av stemmestyrke/lydnivå før ein gjer opptak el går på lufta. Ei s. kan bli  brukt til småprat for å roe ned eit intervjuobjekt før intervjuet tek til.  Stemmebruken i ei s. må vere lik den som skal nyttast i opptaket/sendinga

stemningsmusikk
 Musikkval som samsvarar med el forsterkar stemninga ein vil formidle. Jf  >aproposmusikk

stemningsrapport
 Innslag frå ei tilstelling/hending t d for å formidle el byggje opp forventning til  noko som skal skje

stempelavgift
 Avgift på radio- og fjernsynsapparat til inntekt for NRK. S. er avskaffa no

stereo
 1 Lydkvalitet med overføring av lydbølgjer som gjev romkjensle  2 Opptak  på/avspeling frå band med to halvspor, jf også >mono

stereomikrofon
 Mikrofon som tek opp i stereo

stikk
 Studiostikk, mellomstikk, overgang frå eit emne/innslag til eit anna, el mellom  plate og reportasje. Eit s. kan vere utannonsering av eitt innslag, innannonsering   av eit anna

stikkord
 1Hjelpeord, enkeltord br til framføring av studiostikk, spørsmål o l  2 Ord som  varslar teknikar el avviklar om at noko skal skje, t d at plateforspel el jingle skal  inn,; sluttstikkord

stille inn
 1Skru søkjaren på eit apparat inn på rett kanal/frekvens  2 Klargjere mikrofon,  miksebord, opptaksutstyr osv

stiv
 Unaturleg, ufri, keitete - om framføring og/el måte å te seg på på lufta

stolpe
 Fast programinnslag, >knagg 2

strekk
 Lydstrekk, samanhengande del av opptak el innslag

strekke
 1 Dra ut, tøye - om å bruke meir tid på eksempelvis eit intervju enn strengt tatt  nødvendig, t d for å vinne tid medan ein ventar på at neste kjelde blir klar  2 Tøye  innhald i ei sak, spisse emne (vel langt)

stryke
 1 Fjerne frå arbeidsliste el køyreplan  2 Skrible over det som står på >frakk på  band, slik at ein skjønner at bandet fritt kan brukast på nytt

Studer
 Bandspelar i kontrollrom, eig fabrikkmerke

studio/st./s.
 Avviklingsrom, lokale der programmedarbeidarar sit i når han/ho t d  les inn  blokker el programleiar avviklar sending.  S. er ikkje dss >kontrollrom, men  overfor lyttarane skil ein ofte ikkje mellom desse to romma. St. og s. er  forkortingar br i køyreplaner

studiogjest
 Intervjuobjekt som møter og blir intervjua i studio

studiokvalitet
 God lyd

studiolampe
Lampe som lyser raudt (ev grønt) når ein gjer opptak el sender, grønt (raudt) når  det ikkje blir teke opp/sendt noko derifrå. S.  blir slått på når studiomikrofonen er open

studiolyd
 Lyd med studiokvalitet. S. kan vere upassande dersom ein skal late som om  sendinga går frå t d ei badestrand, men ein likevel høyrer romakustikk

studiopublikum
 Folk som er til stades ved opptak el avvikling av program

studioradio
 Sending el program som berre held seg "innomhus", dvs som er utan innslag som  reportasjar el rapportar utanfrå

studiostemme > radiostemme

studiostikk
 Prat frå studio mellom andre programinnslag; >stikk, >mellomstikk

studiovert
 Programleiar, avviklar

stup- og skyt-journalistikk
 Lite førebudd sending/innslag

støy
 Uro, ulyd, lyd som forstyrrar det ein vil formidle; ikkje nyttelyd

støykjelde
 Opphav til uønskt lyd

støysendar
 Stasjon som sender ut signal/lydar som forstyrrar anna kringkasting; jf >jamme

summar  summer
Summelyd, lydvarsel. Ein s. gjer det muleg for folk i studio å få oppmerksamheit  frå teknikar i kontrollrom

sur start
Treg, urein, forseinka i forhold til riktig avspelingsfart - om plater og band som ikkje kjem i gang med riktig hastigheit og dermed har urein lyd. Ein sur start kan komme av unøyaktig cuing, som at ein ikkje har dreia platettallerken nok tilbake for at platespelaren skal rekke å få riktig fart til musikken begynner. Jf  >momentanstart

sus
 Susande lyd, (høgfrekvent) brusing

susar  suser
 Melodi som raskt kjem høgt på musikkliste

sviske
 Landeplage, slager, vellydande musikkstykke av det lett tilgjengelege slaget, t d ein  klassisk "lettvektar" (som også folk utan innsikt i klassisk musikk kjenner og kan  like. Verkelege kjennarar liker ofte ikkje svisker)

svitsje
 Skifte innstilling, velje (annan) kanal

svitsjar  svitsjer
 Linjevekslar, sentraleining som gjer det muleg å skifte frå ei lydkjelde el eit  kontrollrom til ei/eit anna når ein sender

svupp
 Lydhopp, brått sprang i lydstyrke, >hol el annan feil i eit lydstrekk (t d pga dårleg  redigering)

sy
 Setje i hop, redigere saman - om samanføying av delar i eit innslag el program

syndikalisert
 I kjede, i same organisasjon - om stasjonar som er eigde av same selskap og/el som  delvis sender same program

synkronisert
 Samsvarande i tid, stilt likt

synopsis
 Ideskisse, utkast til utforming av program/lengre innslag, t d >montasje

særradio
 Stasjon el sending for >smal lyttargruppe

særsending
 Program som ikkje blir sendt til vanleg, ekstraordinær sending

sørgjemusikk  sørgemusikk
 Musikk br ved store ulykker og nasjonal sorg

sørvisradio, serviceradio
 Stasjon el program med meldingsteneste el anna tenesteyting for lyttarar, t d  trafikkradio, turistradio



Til Vestads vevstad     Til Radioordlista A-D  E-H  I-L  M-O  P-R  T-Å  tillegg