P
panorere
1 Flytte ei lydkjelde horisontalt frå høgre til
venstre el omvendt i eit stereobilde 2 Dreie, vende skifte retning
- på mikrofon som blir vendt frå ei lydkjelde mot ei
anna
panoreringspotensiometer/pan-pot
Balansekontroll som avgjer kor ei lydkjelde skal liggje i stereobildet.
Programleiar kan liggje midt i lydbildet, ein gjest til venstre og
ein til høgre
parallellsending> samsending
patos
Høgtideleg/gripande framføring, kan verke oppstylta
og uekte
pause
1 Kort tidsstrekk som ikkje er fylt av musikk el tale. Ei p.
kan bli br til å trekke pusten el la ord/bodskap synke
2 Sendetid som ikkje er fylt med program/nyttelyd
pausemusikk
Utfyllingsmusikk
pausesignal
Melodi el tonar som blir br i ei sendepause, ventesignal
peiskos
Knitring, vanlegvis på plate
personleg (stil/tone)
Eigen måte å snakke på, te seg på som
journalist - spesielt viktig i etermedia
personifiseringsintervju
Intervju med eit menneske som kan gjere eit emne nærare,
tydelegare el meir aktuelt for publikum; human touch-intervju. Eit
p. kan bli br som >oppspark til ei breiare dekking av eit emne
PFL > forlytt
pilot(sending)
Prøvesending, prøveutgåve av eit program.
Ein p. blir ikkje nødvendigvis send
pilotsignal
Tone som går ut gjennom ein kanal/ei linje; prøvesignal
pinne
Plugg
pitche
Endre avspelingsfart og dermed tonehøgd og lengde på
eit opptak el ei plate
piratradio, piratsendar piratsender
Ulovleg sendeverksemd på radio. I Noreg er p. sjeldan etter
at det vart tillate å sende nærradio, men har funnest
både på FM, mellombølgje og kortbølgje. Ein kan
lytte til p. frå m a Nederland på 227 mb (1320-1330 khz) på
mellombølgje nattestid i helgene, og på 48 mb (6200
- 6300 kHz) på kortbølgje søndags føremiddag
plate/pl
Vinyl- el cd-plate; på køyreplaner er pl. br som
forkorting
platearkiv
Platesamling
platebørste
Lita børste til å tørke støv av vinylplater
med
plateliste
Oversyn over kva melodiar som skal spelast i eit program
plateprogram
Musikkprogram
platestøy
Samleomgrep for ulyd frå plater, t d støv
playlist > plateliste
pludreradio
Stasjon el program som er prega av uhøgtideleg småprat,
uførebudde studiostikk, raritetar henta frå avisspalter
osv
pludring
Småprat, uhøgtideleg snakk
plugg
Støpsel, >pinne
plukke plater
Velje musikk
poppfilter
Liten støyskjerm, rund plate med nettingfilter - brukt
framfor mikrofonen for å hindre at ein bles ut mikrofonen;
jf >blåse ut
popping
Sterkt aspirert uttale som gjev ulyd i mikrofonen
politiradio
Sambandsnett for politivesen; p. blir br utan løyve av
ein del redaksjonar for å skaffe nyheitssaker/følgje
med i politiarbeid
powerplay
>a-låt, melodi som blir spelt ekstra ofte
prate oppå
Snakke oppå anna lyd, spesielt om å snakke medan
forspelet på eii plate blir spelt
prateprogram
Sending der samtale i studio, mellom programleiar og gjest(er),
ev innringarar osv er hovudinnhald; talkshow
presentatør
Programannonsør, hallodame/-mann
presse
Trykte medium, eig fellesnemning for (redaksjonar i) aviser og
tidsskrift, dvs trykte medium, men blir ofte br om etermedium også.
Ei setning som "I pressa har det vorte framstilt som..." kan femne
etermedia, men det mest nøyaktige er å skilje mellom
p. og etermedium/kringkasting
pri-liste
Prioriteringsliste, arbeidsliste
prime time > beste sendetid
privat dialekt > idiolekt
produsent
1 Programansvarleg, produksjonsansvarleg; ein som er ansvarleg for
planlegging av, produksjon av og etterarbeid ved eit program, oftast
ei direktesending. Ein p.har siste ordet når det er tale om avvik
frå køyreplana, og er til vanleg ikkje på lufta sjølv
2 Tilverkar, produksjonsselskap
produsere
1 Hjelpe til i programavviklinga, passe på t d at køyreplana
blir følgd, at intervju kjem inn og blir avslutta til rett
tid; ha oversyn/kontroll med (avvikling av) eit program 2 Lage
program
profil
Innhaldstype - både om emne og musikk som blir sendt
profilering
Utforming av identitet/ramme for eit program el ein kanal. Musikkvalet
er viktig i p., jf >formatering, kanalprofil
program
1 Sending, avgrensa del av sendeflate 2 Kanal, sendenett
som (stort sett) formidlar same sendingar, som t d NRK P1 3
Lydsamband mel studio og kontrollrom; mikrofonlinjer frå studio
til kontrollrom og diverselinjer som kan brukast til signal båe
vegar
programannonsør
Ein som inn- og utannonserer program, og som skal fylle >hol
i sendeskjema; hallodame/-mann, presentatør
programassistent
Redaksjonsmedhjelpar, produksjonsassistent, sekretær. Ein
p. kan t d ha til oppgåve å reinskrive køyreplan
og manus, ordne med statistikk o l
programavvikling
1 Programleiing, det å binde ihop ei sending 2 Kringkasting,
utsending
programingeniør
Ingeniør som er fagutdanna for programteknisk arbeid,
>teknikar, >medieingeniør. Ein p. arbeider med opptak, redigering
og direktesendingar. I NRK er den formelle tittelen p., men det er
vanleg - iallfall blant >programsekretærar - å snakke om
teknikar
programinspektør
Programingeniør som i tillegg til programteknisk arbeid
har ansvar for prosjekt og spesialoppgåver
programkomposisjon
Samansetjing/oppbygging av eit program
programkritikk
Gjennomgang av sending, programevaluering
programleiar
Avviklar, programvert. Somme program har fast p., andre ikkje,
alt etter kor viktig programleiarrolla er for sjølve programprofilen
og/el -innhaldet
programmal
Retningslinje for korleis eit program skal byggjast opp og/el
kva det kan/skal innehalde
programoversikt
Oversyn over program som kjem
programplanleggjar programplanlegger
Sirkel som føresteller klokkeskive, hjelpemiddel for programplanlegging.
Etter eit redaksjonsmøte kan produsent el avviklar plassere
alle faste postar og innslag som er lova på ein p., med tenkt
lengd. Dermed får ein oversyn over fordelinga mellom stutte
og lange innslag, mellom reportasjar og telefonintervju osv, og lett stokke
om på rekkjefølgja. Vha ein p. kan ein lettare skape
flyt, variasjon og rytme i sendinga
programreglar
Retningslinjer for programarbeid i radio og fjernsyn
programsekretær
Programmedarbeidar i NRK, NRK-journalist
programskjelett
Oversyn over det ein ventar eit program skal innehalde, >programmal
- før køyreplan blir skriven. I eit p. kan det t d
stå helgepraten, fredagskåseri (ca 3`30"), ønskjeplate
- og gjerne omtrentleg når i sendinga desse postane skal inn. Eit
p. er nokolunde fast, og kan førast over på >programplanleggjar
t d etter eit redaksjonsmøte, da med kven som er ansvarleg,
emne osv.
programteknikar programtekniker
Teknisk assistent, tilsett som m a arbeider med overspeling,
kopiering og gjev teknisk assistanse ved større direktesendingar
programutveksling
Programbytte mellom ulike stasjonar/kringkastingsselskap
programvert
Programleiar, studiovert, avviklar
promoeksemplar
Gratiseksemplar av plate (ev bok)
prøvesending
Prøveutgåve av eit program. >pilotsending
public service > allmennkringkasting
punchline
Slagkraftig replikk, gjerne ei førebudd formulering som
ein t d avsluttar ein debatt el ei sending med
punkt
1 Stad på harddiskopptak som ein skal redigere inn/ut på;
>inn-/utpunkt 2 Ledd på køyreplan
pust
Pustelyd på opptak/sending. Somme gonger kan p. vere ein
effekt, men oftast verkar det som kanalstøy
på (lufta)
Kringkasta, på eteren; >inne
på bordet
På miksebordet, i hus. Uttrykket blir br når utereporter
på t d >HF og folk ein skal gjere telefonintervju med, har kontakt
med kontrollrommet, men enno ikkje slepp til på lufta
påhøyr påhør
Gjennomlytting, førehandslytting
pålegg
Bruk av miljølyd; lyd som ein legg på/attåt
eit anna opptak
på teikn på tegn
På signal: det å gjere/seie noko når ein får
beskjed om det vha teikn
på øyret på øret
Det å gje meldingar vha regilinje og høyretelefon
R
radio
1 Lydoverføring vha radiomagnetiske bølgjer
2 Radioapparat 3 Radiosending, program 4 Kringkastar
som sender radioprogram; også br om stasjonar som driv nyttetrafikk,
t d skipsradio
radiobil
Bil med radiosendar, jf >OB-buss
radiobingo
Programform i og inntektskjelde for nærradio
radiobølgje radiobølge
Elektromagnetisk bølgje med lågare frekvens enn
lys; frekvensen ligg mellom 10 kHz og 3 000 000 MHz
radiodokumentar > dokumentar
radiodrama
Høyrespel, "skodespel" i radio
radioføredrag radioforedrag
Førelesing, sakleg og fagleg tung utgreiing om eit emne. Eit
r. kan vare mellom 15 og 25 minutt; ei kortare utgåve
blir kalla >kronikk
radiokabinett
Stuemøbel - ein slags kommode - med innebygd radio og
ofte også platespelar
radiolinje
Kjede av >omformarar/stasjonar som formidlar same signal/sending
radiolink
Del av radiolinje, programsamband mellom to punkt
radiorøyr radiorør
Elektronrøyr som blir br i gamle radioapparat
radiosatire
Sjanger som sett kritisk søkelys på samtida vha
kvass humor og spissformuleringar, gjerne framført i form
av høyrebilde og liksom-intervju. R. skal provosere
radiosketsj
Lite radiodrama, høyrebilde med humor
radiospråk
Språkbruk i radio. R. ber med seg fullstendige setningar
og eit planlagd/bevisst ordval frå skriftspråket. I den
språklege utforminga av r. blir det m a lagt vekt på
oppattaking av kjerneinnhald for å gjere det muleg for lyttarane
å få med seg emne og aktørar. Dette er berre eitt
av tiltaka som er nødvendige sia formidling i radio støttar
seg på lyd åleine, og det er lyd som forsvinn. I r. avgrensar
ein også bruken av tal, og i manus blir tal ofte skrivne med
bokstavar. R. blir oftast framført med ledig uttale og naturleg
tonefall frå talespråket - utan >lesetone. R. kan vere
framført både som normalisert (bm, nn) eller dialektprega
tale
radiostemme
1 Radiorøyst, studiostemme, stemme som ein radiomedarbeidar
legg seg til å bruke på lufta. Ei r. er ei rolle-/yrkesstemme,
med bruk og preg som ikkje nødvendigvis er heilt lik den stemma
ein bruker privat - ofte ligg r. litt lågare, og ord blir uttalt
tydelegare 2 Stemme som allment blir oppfatta som god å høyre
på i radio
radiot
Radio-idiot, radiointeressert ut over det vanlege
radioteater
Radiodrama, høyrespel
rapport
1 Stutt innslag frå utereporter el andre som er til stades
der det hender noko, direkteblokk, direkterapport. Ein r. kan gå
i opptak. 2 Lyttrarrapport, brev til radiostasjon om lytteforhold
og programinnhald
rating > lyttaroppslutning
raudlys/raudt lys rødlys/rødt lys
Teikn på at ein er på lufta el at opptak går.
I nokre studio tyder >grønt lys det same...
RDS
Kringkastingsteknologi som gjer det muleg å sende annan
informasjon attåt radiosignala. RDS-mottakarar kan stille seg
automatisk inn på den omformaren som har sterkast signal, el
på ein stasjon med ein bestemd programtype, f eks Petre
reallyd
Verkeleg lyd, den lyden som finst på ein opptaksstad, uredigert/umiksa
lyd
real time > sann tid
redigere (inn/ut)
Plassere, ordne, sy saman delar av eit innslag som blir sendt
i opptak. Å r. inn el ut vil seie å leggje til el fjerne
under redigering
redigeringseinheit redigeringsenhet
>Minikontroll, kontrollrom utan studio som høyrer til
redigeringsplan
Oversyn over rekkjefølgje ved redigering, plan for korleis ein
skal >sy eit innslag/tittelprogram. I ei r. set ein opp punkt for punkt
kor ulike kjelder skal inn på opptaksmaskina, kor på
råopptaka desse lydstrekka finst, kva slags replikk/lyd desse opptaka
begynner med, osv
reentry > gjenferd
referat
Gjengjeving av noko som er sagt el hendt, f eks i form av ei
>blokk. Eit r. treng ikkje vere >ordrett sitat, men må gjengje
innhaldet riktig
regi
1 Styring, varsling; det å få ein avviklar el reporter
til å seie/gjere noko bestemt, ta omsyn til noko ved å
varsle t d >på øyret 2 Lydsamband mel studio og
kontrollrom
regilyd
Lyd som ikkje går på lufta, men som utgjer samband
mellom kontrollrom og studio el kontrollrom og >HF-reporter; regilinje,
returlinje
regimikrofon
Mikrofon som blir br for å gje meldingar frå studio
til kontrollrom. Lyden frå r. kjem anten via studiohøgtalar
el øyretelefonar
regisendar regisender
Sendar som berre formidlar regilyd, retursendar
reklameblokk
Reklamebolk, samling reklameinnslag; block, break
reklamepause
Avbrot i det redaksjonelle innhaldet i eit radioprogram for å
sende reklame. R. er eit uklart ord, sia det like gjerne kan bety
`pause frå reklame`, jf >sendepause som tyder `pause frå sending`
reklameradio
Kommersiell stasjon/programverksemd. I Noreg har vi i nyare tid
hatt r. sia 1988
reklamesnutt, reklamespot
Reklameinnslag. I Noreg kan det vere maks seks minutt med reklamesnuttar
per sendetime, det kan ikkje sendast reklame på religiøse
høgtidsdagar (som 1. og 2. juledag, skjærtorsdag, langfredag
og 1. og 2. påskedag) og i tilknyting til barneprogram
relésendar/-stasjon relésender/-stasjon >omformar
remaining time
Tid igjen, ledig lengd; funskjon som viser t d kor mykje harddiskplass
som finst, kor lang tid det er att på eit harddiskinnslag,
på eit DAT-band, ei CD-plate o l
reportasje
Innslag som er laga heilt el delvis utanfor studio. I ein r. legg ein
vekt på å skildre ei hending el eit emne, og br bevisst
lyd på staden
reporter
Utearbeidande journalist, programmedarbeidar som lagar/leverer
reportasje frå felten, ikkje frå studio. Ein HF-reporter
kjem direkte inn i sending
reportofon
Apparat for formidling av programlyd via telefonlinje; jf >telefonoverspelingsboks
reserveinnslag/-sak
Programdel som ligg ferdiglaga, musikk som ligg klar til bruk
- i tilfelle ein får for god tid. Ei r.-sak kan også
vere ei intervjuavtale som ein har gjort med den føresetnaden
at det ikkje er sikkert at det blir noko intervju i den aktuelle sendinga.
Eit slikt intervju kan vere ferdig produsert, dvs at intro og spørsmål
er ferdigskrivne
retningsstyrt
Vâr, dreidd; - om mikrofon som verkar (best) i ei bestemd
lei
retur(-linje)
Lukka linje som overfører lyd. Vha r. kan ein reporter
ute høyrer sendinga før han/ho slepp til. R .-lyden
er ikkje fullverdig programlyd og blir ikkje send på lufta.
retursignal
Lyd(kvalitet, -nivå) frå kjelde til miksebord
ring og spring
Billigprogram, lågbudsjettsending - om program der lyttarane
ringjer inn og ønskjer seg plater
riksnett
Landsdekkjande kringkasting - br om riksprogram i NRK
riksprogram
Landsdekkjande program(kanal), i motsetning til distriktssendingar
rikssak
Emne som er interessant/blir sendt i heile landet, ikkje lokalsak
romklang
Etterklang som døyr ut. R. kan lagast elektronisk, og
kan fortelje oss om ei handling el eit opptak er lagt til eit
stort el lite rom, jf >etterklang
rull
Band på spole
rundgang
>Tilbakekopling, akustisk feedback. R. kan komme av at ein innringar
har på radioen i det rommet han/ho ringjer frå. Lyd frå
radioen kjem frå telefonen til miksaren og blir sendt ut til
rommet med radioen og innringaren osv, og skaper hylelyd
rundspørjing rundspørring
Telefonrunde, spørjerunde. Ei r. blir oftast gjenfortalt
av reporter, men kan også lagast som innslag med småintervju
(føydde saman av blokker/bruer), som ein slags >enkét
rytme
Gang, oppbygging i ei sending el eit tittelprogram; tempo. Dersom
programmet har plate-studio-plate-studio som
rytme, kan ein seie at rytmen er einsformig
Rådet > Kringkastingsrådet
råopptak
Ubehandla innspeling, lydopptak som ikkje er redigert
råredigering
Det å redigere ut delar av eit opptak før ein begynner
å setje ihop eit innslag