| Fare for det
maltesiske språket
Det maltesiske språket står
i fare for å bli massakrert, meiner undervisningsministeren
på Malta. Den vesle øyrepublikken i Middelhavet har om lag
375 000 innbyggjarar, og det er engelsk som held på å kvele
maltesisk.
Maltesisk er eit maghreb-arabisk språk
som blir skrive med latinsk alfabet, og språket er påverka
av italiensk. Malta har vore underlagt Storbritannia, og engelsk er framleis
mye brukt i offentlegheita. I 1987 vart det avgjort at styresmaktene skulle
bruke maltesisk i svar på brev som var skrive på maltesisk,
men enno er det vanleg å nytte engelsk i slike tilfelle. Båe
språka er offisielle på Malta, men berre maltesisk er rekna
som nasjonalspråk.
Undervisningsminister Louis Galea ser på
maltesisk som sjølve "DNA-"et til innbyggjarane på Malta,
og det er sett i gang tiltak for å sikre framtida til språket.
Øyrepublikken har to organ som arbeider for språket, Akkademija
tal-Malti og Rådet for vern av det maltesiske språket.
Maltesisk er brukt i nasjonalforsamlinga,
i domstolane, kyrkjene og det offisielle skuleverket. Engelsk er mye brukt
i media, i private skular og på universitetet, attåt i den
store og viktige turistnæringa. Maltesisk engelsk er mye brukt som
andrespråk i mellom- og overklassa, og for somme er det fyrstespråket.
Engelsk er så utbreidd i dagleglivet at det er vanleg å høre
folk skifte frå det eine til det andre språket. Det var fyrst
etter frigjeringa i 1964 at bruk av maltesisk vart utbreidd i offentlegheita,
men no ser det ut til at nasjonalspråket er på vikande front.
Av Jon Peder Vestad
Kjelder:
"The massacre of the Maltese language",
The Maltese Independent 15.2. 2001
Price, Glanville (red.): Encyclopedia
of the Languages of Europe. Blackwell Publishers, Oxford 2000
(1998)
Lagt ut på nettet 8. mars 2001.
|