I
i bakhand i bakhånd
I reserve, på lur; om emne/innslag/plate ein har tilgjengeleg
dersom ein treng fylle ut sendetida med noko meir enn det ein har
på køyreplana
ID
1 Identifikasjonssnutt; lydstrekk som er stuttare enn ein >topp, t
d to til fem sekund. I ein ID seier eksempelvis ein kjendis noko slikt
som "Hello, I`m Bowie and you are listening to NRQ" 2 Punkt ein kan
leggje inn på (DAT-)opptak slik at ein lett kan spole fram/tilbake
til punktet
idealtid
1 Rett tid, på sekundet riktig tid - om t d avslutning av eit
program på sekundet før nyheiter skal inn 2 "Ta ei plate
på i." - det at ei plate blir sett i gang før studiostikk
el innslag er ferdig. Musikken blir lagt ut på lufta slik at han
tonar ut på idealtid/når sendetida er ute
identifikasjon
Stasjonsidentifikasjon, signal, kjenningsmelodi følgt
av stutt annonsering
idiolekt
Personleg språk, eigen måte å snakke på;
ei i. kan vere ei blanding av fleire dialektar og/el innslag av normaltalemål,
og kan i somme tilfelle ergre folk og dermed vere >kanalstøy.
Når mange har same i., br dei same dialekt
improvisere
Finne på undervegs, ta på sparket, ikkje vere førebudd
infotainment
Underhaldningsnyheiter, sjanger der "lette" emne blir tillaga
på same måte som andre nyheiter
indre monolog
Høyrbar tanke, attgjeving av det hovudpersonen i ei forteljing
el høyrespel tenkjer
innannonsering
Innleiing til program el programinnslag, som eit innslag, ein melodi
el ei nyheitssak. I i. skal ein gje nok opplysningar til at det som
kjem etter blir forstått, emnet fenger og/el blir plassert tematisk.
Dersom eit innslag begynner med eit intervjuobjekt, skal som regel namnet
på den som talar med. Også reporter kan nemnast i i., men om
ikkje skal namnet med i >utannonseringa. I. bli skriven av den som har
laga det som kjem etter annonseringa. Når ein skriv må ein
unngå >dobbelannonsering, tilpasse ordval og opplysningar til det
som kjem - slik at det stemmer. Jf også >intro, annonsere 1
inne
På lufta, går ut, blir sendt
innfeiding, innfading
Dra lyd som musikk og miljølyd inn i lydbildet; ved i.
begynner ein med låg lydstyrke som gradvis aukar. Ei i. er
til vanleg raskare enn ei utfeiding
innpunkt
Stad der eit lydstrekk skal inn ved dataredigering
innpust
Innanding, innpusting; det er ikkje mye ein får sagt på
innpust (Ja!). >Utpust
innringingsprogram
Sending der lyttarane kan ringje inn og f eks få svar på
spørsmål el seie meininga si om eit stridsspørsmål
innslag
Programdel, >sak 1, post på køyreplan; som regel br om
noko som er spelt inn på førehand - ei nyheitssak, ein reportasje,
eit høyrebilde osv. Omgrepet er vidt, men blir aldri br om
t d direkteintervju gjort av avviklar, om musikk henta frå plater
- og sjeldan om musikk i det heile. Ein kan også kalle noko ein får
inn på direkten (ein direkterapport) i., men det er uvanleg
innspelingshovud innspillingshode
Opptakspunkt, stad på opptaksmaskin der lydsignal blir
overført til band
inn-stikkord
1 Nokre ord, gjerne avtalt, som varslar at ei anna lydkjelde
skal inn 2 Første ord som blir sagt på eit innslag,
dei orda ei sak opnar med
instruere intervjuobjekt
Rettleie, be intervjuobjekt om å svare på ein bestemd
måte, t d ikkje opne svar med eh, ja, som eg sa i stad el l
instrumental
1 Del av melodi som er utan song; i. blir ofte brukt til å
feide på 2 Melodi som er heilt utan song
internradio > husradio
intervju
Utspørjing, rolledelt dialog, talesituasjon som liknar samtale.
I eit i. har den eine samtalepartnaren (journalisten) ansvar for å
stille spørsmål og styre det som skjer, ofte også
å føre inn bestemde opplysningar undervegs. Den andre parten,
intervjuobjektet, skal svare, og kan i langt større grad enn utspørjaren
vere personleg/subjektiv. Eit i. gjer altså at rollene til deltakarane
er og skal vere ulike. Det finst mange typar i., og i somme av dei er journalistrolla
meir skjult enn i andre, t d i >hyggeprat og >studiosamtale
intonasjon
Setningsmelodi, tonegang i tale
intro
Innleiing til eit innslag, ei plate el anna, >innannonsering;
av `introduksjon`. I motsetning til innannonsering er i. eit faguttrykk
som ikkje blir brukt på lufta
ips > tps
IS
Type Nagra-bandspelar, smalare og lettare enn andre Nagraer;
IS står for Idiotensicher (`idiotsikker`)
ISDN
Integrert digitalt tenestenettverk, breibandsnett; kan sende
alle typar elektroniske signal. ISDN er ei forkorting for `Integrated
Service Digital Network`.
J
jackfelt > koplingsfelt
jamme
Forstyrre, støye; særleg br av totalitære styresett
for å gjere det vanskeleg å høyre på uønskte
radiosendingar
jingle
Snutt med musikk og/el annonsering som fortel kva program ("Petre!!!",
"Norgesradio`n, P 1..." ), programleiar el stofftype ein høyrer
på (som reklame). J. inneheld ofte slagord. Må ikkje
bli forveksla med >kjenning, som innleier eit program el ein fast
programdel
jordplan
Antenne br på HF-sett
jukeboks
Samling CD-spelarar i ei eining, cd-rack
K
kakofoni
Mislyd, lydgraut - ofte brukt om når fleire snakkar i munnen
på kvarandre
kanal
1 Programformidlar, stasjon; har eigen programprofil 2
Radiofrekvens
Kanalkonferansen
Nyheitsmøte over telefon med deltakarar frå sentralredaksjonen
og dei ulike distriktskontora i NRK
kanalprofil
Stasjonsidentitet, program- og musikkramme for programma til
ein kanal
kanalstøy
Noko som dreg vekk oppmerksamheita frå det som blir formidla.
I radio kan k. vere lesping, hakkete framføring, uvanleg ordval,
sterk bakgrunnsstøy osv
kappe
Gjere stuttare, kutte bakfrå - t d ein melodi
karakteristikk
Grad av vârheit for lydbølgjer frå ulike retningar
hos mikrofonar
kardioidekarakteristikk > nyrekarakteristikk
kaste om
Endre, flytte på; br når ein må endre køyreplana
slik at saker kjem i ei anna rekkjefølgje enn ein hadde tenkt
kilohertz/kHz
1000 svingingar per sekund, m a br til å måle frekvensar
med
kjappis-radio
Lettvint, rappkjefta programverksemd der nyheiter, reportasjar
og grundigheit har magre kår: Hei-hei, ho-ho-ho - dette er
Radio To! (Eks frå Pelle og Proffen-film)
kjelde kilde
1 Opphav til opplysningar; k. kan vere menneske el dokument
2 Utspring, stad der noko kjem el blir avspelt frå, som studio,
bandspelar, harddisk, cd-spelar o l
kjenning, kjenningsmelodi
Musikkstykke som innleier eit program, ev ein fast post i ei
sending
kjerne
Inste del av ein lydbandspole, det bandet ligg rundt
klang
Lyd som finst i eit >lydbilde attåt direkte lyd. K. kan vere
lagd på eit opptak som ein effekt, som kjensla av at eit rom
er digert. Jf også >romklang
klangfarge
Lydinntrykk, lystil; om t d lys el mørk lyd i eit opptak
klippe
Utforme, redigere, setje ihop radioinnslag ved å klippe
og >skøyte i lydband. Ved å k., får ein harde
overgangar, i motsetning til mjuk redigering vha >flying
klipping
Det å >klippe og skøyte i band. Ved klipping er
det avmerka med mjuk tusj på bandet kor ein skal klippe seg
ut el inn
knagg
1 Utgangspunkt, årsak, innfallsvinkel, det som gjer at ein tek
opp eit emne. Ei sak kan vere k. for ei anna sak - dvs at ein br
t d eit jubileum, ein forskingsrapport, ei hending til å rette søkjelys
mot noko anna dette kan knytast til. Ein k. kan brukast til å auke
identifikasjonsfaktoren til saka 2 >Fast post, >stolpe, ulike typar
programinnhald som gjer det lettare å fylle ei sending. Telefonintervju,
studiogjest, plateønske, kåseri o l er døme på
slike knaggar som gjer programplanlegging lettare
knitring
Spraking. På plate kjem k. av støv, og på
lyd frå reportasjesendar av dårlege mottakingsforhold
kollasj, collage
Samansett lydbilde, (stutt) >montasje, innslag med br av mange
ulike typar lyd og lydkjelder. Medan ein >samansett reportasje på
sitt beste kan kallast kunsthandverk, er ein k. tydeleg kunstnarisk
utforma.
komme inn
Sleppe til, gå ut, få raudt lys. Ein reporter kan
få beskjed frå kontrollrommet om at det t d er eit halvt
minutt til han skal komme inn
kommentar
1 Utgreiing, >bakgrunn; sjanger der ein set noko i inn i ein større
samanheng, og ofte analyserer det. Dei som kommenterer har god kunnskap
om emnet det gjeld, og k.er oftast framført av journalistar, i nokre
tilfelle folk utanfrå. I k. er det tillate å komme med eigne,
fagleg grunngitte vurderingar og konklusjonar. Det gjer at ein journalist
som leverer eit innslag om eit emne, i same sending kan levere ein k. om
dette emnet. K. kan tilsvare leiarartikkelen i avismediet. Merk at det
aldri blir br miljølyd el effektar på k. 2 Tekst framført
av forteljarstemme, voice-over, speak
kommentator
Ein som kommenterer og analyserer ei hending, anten det no er
politiske utspel el overføringar frå idrettsverda
kommentatorboks
Bu, avlukke; arbeidsstad for journalistar på større
tilstellingar
kommentatorstemme
Forteljar, røyst som fortel om noko som skjer utan at
det er viktig kven dette er
kommersiell
1 Styrt av handelsinteresser, laga for å selje, tene pengar;
med reklame. Ein stasjon kan vere k. på den måten at
hovudføremålet er å skaffe eigarane inntekt frå
reklamesal, sjølv om det kan heite noko anna på papiret!)
2 Salbar, lettseld; om sak el sending som frir til publikum, lett
får folk til å lytte
kompresjon
Lydfortetting, minking av spennet mellom sterkaste og svakaste
lydstyrke. K. kan minke støy på eit opptak og framheve
den lyden ein ønskjer å formidle
komprimere
1 Gjere stuttare, fortette, gjenfortelje med færre ord
(og detaljar) 2 Gjere spenn i lydspekter mindre, fortette lyd - også
på harddisk ved at ei lydfil blir komprimert
konferansier
Programleiar/vert i (direkte) overføring av større
tilstellingar. Ein k. er ikkje nødvendigvis radiomedarbeidar
til vanleg
konsesjon
Sendeløyve gitt av Stortinget gjennom Statens medieforvaltning;
er avgrensa i tid
konsesjonær
Lag, selskap el privatperson som har løyve til kringkastingsdrift
konsesjonsområde
Geografisk område eit kringkastingsselskap har løyve
til å sende til. K. fell ikkje støtt saman med >dekningsområde.
I somme tilfelle dekkjer ikkje selskapet/stasjonen heile k. sitt,
i andre tilfelle når ein også utanfor området
konsesjonsvilkår
Retningslinjer, lover, regler osv. Den som har sendeløyve,
er pålagd å følgje k.
kontentum
Samleomgrep for >miljølyd og >effektlyd, dvs bakgrunnslyd
og pålegg
kontrast
Brå overgang, t d frå emne til emne el lyd til lyd.
Bruk av k. kan vere ein sterk effekt, t d når to heilt ulike
lydopptak er redigert ihop utan pause (hardt klipp)
kontroll/kontrollrom
Rom for teknisk avvikling av sendingar. I k. finn vi utstyr som
bandspelarar, platespelarar og miksebord. Det er teknikar som er
sjef i k., men han kan ha selskap" av >teknisk assistent (>bandslave),
>produsent, >programassistent og telefonvakt
kontrollbord
Miksepult, miksar; "sentralbord" i kontrollrom med kanalinn-
og utgangar, innstillingsknappar, spakar osv. Alle lydkjelder må
innom k. før dei blir tekne opp, sette saman og/el sende ut,
jf >miksebord
kopi
Tvillingeksemplar, sikkerheitsopptak av innslag, fil o l, back-up
kopiere
1 Spele over frå ei kjelde 2 Bruke same vri el idé
som andre redaksjonar har br
koplingsfelt
Del av miksebord der pluggar for ulike kjelder blir kopla; jackfelt
korrespondent
Medarbeidar utanfor ein hovudredaksjon, særleg br om journalistar
som arbeider utanlands for heimlege mediebedrifter, som NRK
korrespondentbrev
Kåseri, betraktning el ei slags radiodagbok, fortald av
ein korrespondent
kortbølgje/KB kortbølge/KB
Frekvensområde frå 3950 til 26100 kHz (3 - 26 MHz)
korte (ned)
Komprimere, redigere inn, gjere stuttare
kortversjon
Stuttare utgåve av ei sak, - eksempelvis at ein har eit
lengre intervju i ei aktualitetssending, og lagar ei anna, stuttare
sak til ei nyheitssending
kreditt
Ansvar, ære; om det å gje opplysning om namna på
dei som har laga noko som blir sendt
kringkaste
Sende ut, spreie radio- el fjernsynsprogram, Ordet vart teke
i bruk ca 1930 etter mønster av eng broadcast - `kaste vidt`,
jf også islandsk og færøysk `utvarp`, ty Rundfunk
`omkringstråling, -gnistring`
kringkasting
1 Utsending av radio- og fjernsynsprogram 2 Selskap som
sender radio- el fjernsynsprogram
kritikk
Dømming, vurdering, >anmeldelse; meir kritisk behandling
av eit emne enn >omtale. I sjangeren k. skal journalisten seie si
saklege meining om t d ei bok, ein konsert el ei plate
kronikk
Føredrag, sakleg og innsiktsfull utgreiing om eit emne, t d
utanrikskronikk. Ein k. er kortare enn eit >radioføredrag,
og sjeldan å høyre no
krysse
1 La eit lydstrekk gradvis tone seg inn over eit anna i redigering
el avvikling. Det lydstrekket som finst på opptaket frå før,
kan bli feida ut, el det kan bli liggjande 2 Leggje eit lydstrekk
til eit anna, utan at dei nødvendigvis høyrer ihop; jf
kryssklipping
kryssfading > krysse 1
kryssklippe
Redigere ihop opptaksdelar som ikkje treng høyre saman, t d
at to hendingar som skjer samstundes, blir plasserte etter kvarandre, og
at ein vekslar mellom å leggje inn lydstrekk frå båe
handlingane. Kryssklipping kan au bli brukt som effekt, m a for å
skapa humoristiske situasjonar. Da kan ein k. lydopptak som ikkje naturleg
passar saman, som verkar uvant saman el som på andre måtar
overraskar
krystallapparat
Radioapparat med krystalldetektor som omformar signal til lyd
kulekarakteristikk
Ikkje vâr for retning, retningsubestemd; om mikrofontype
som oppfangar lyd like godt i alle retningar. Handmikrofonar har
ofte k.
kurv
Handlekorg som blir br til å frakte band, plater osv til
og frå studio
kutt/k
1 Stutt lydstrekk, utdrag av opptak 2 Spor på band
el plate, også skrive cut
kutte
1 Avslutte, stoppe, ta av lufta. Dersom t d eit telefonintervju dreg
for mye ut, kan avviklar få teikn om å k.(flat hand over strupa),
og ufine innringarar kan bli kutta ved at teknikar bryt telefonkontakta
2 Gjere stuttare, redigere ned 3 Droppe, sløyfe, ikkje gjer
noko på
kvarttomsband kvarttomsbånd
Lydband som er 1/4 tomme breie, brukt på bandspelarar til
radiobruk
kveile
Rulle ihop leidning
køyre kjøre
1 Sende 2 Satse på, gjere noko på eit emne
køyreplan kjøreplan
Nummerert oversyn over dei ulike innhaldsdelane i ei sending, innhalds-
og arbeidsliste for eit program; sendeplan. I k. står kvart ledd
i programmet i rekkjefølgje. K. kan br som utgangspunkt når
ein skriv >statistikk. I ei grundig k. finn vi opplista
- kjelde: studio, bandspelar, cd-spelar, HF o l
- emne: namn på reporter, innslag, knagg, gjest, musikk
osv
- musikkopplysningar: tittel, artistnamn, side/kutt på
plate, tid på forspel, ev mellomspel, muleg feidetidspunkt,
brå/roleg slutt osv
- tid: kor lang reportasjen/plata er, idealtid for telefonintervju
osv
- kor jinglar o l skal inn
- avspelingsfart for bandinnslag (15 tps, 7 1/2 tps)
- inn- og utstikkord for banda innslag og avtalte overgangar
ved direkterapportar
- telefonnummer som skal ringjast opp og når dette bør
skje (t d under musikk før intervju)
- musikk el innslag i bakhand
kåseri
Lett føredrag, kvardagsbetraktning, forseggjort og gjerne
underfundig/sarkastisk spinn kring eitt el fleire emne
L
langbølgje/LB langbølge
Frekvensområde frå ca 150 - 285 kHz. LB er forkortinga
på norsk, LW på eng
leader-teip
Band utan magnetoksyd, >blindteip, "blankband" som ein ikkje
kan spele inn på. L. ligg først på eit band
leggje inn/ut legge inn/ut
Kople til/frå, opprette el fjerne kontakt med t d studio/sendenett
leggje klar legge klar
Cue 1, gjere ei avspelingsmaskin klar for avspeling
leggje oppå/under legge oppå/under
Mikse, plassere lyd i lydbildet, redigere inn el sleppe til ei
lydkjelde vsa ei anna
lekkasje
Det å leke ut, sive fram; lyd som ikkje skal vere å høyre,
men som er høyrbar lell Eks på l. er >regilyd som høyrest
saman med programlyd. L. er også br om utveksling av lyd mellom forskjellige
kanalar i ein lydmiksar
leke lekke
Sive ut, vere utett
lesetempo
Farten ein les noko i
lesetone
Framføringsmåte, det å fortelje noko slik at ein
tydeleg høyrer at det blir opplese. Ein l. kan lett verke
unaturleg dersom det er meininga at det ein les skal forteljast
liggje oppå/under ligge oppå/under
La lydkjelde liggje i lydbildet saman med ei anna kjelde. T d
kan avviklar i studio liggje oppå og prate på eit forspel
el på miljølyd på ein (direkte)reportasje utanfrå
liggje over ligge over
Vente med å sende eit innslag el gjere noko på eit
emne. Jf >boksmat, overliggjar
liksom-nyheit liksom-nyhet
1 Nyheit som er utan ordentleg innhald, >ikkje-sak 2 Fleipenyheit,
innslag utan eig nyheitsinnhald som er laga til som ei vanleg nyheitssak
(som "Dyrenes nyheter")
limiter
Innretning som avgrensar det høgaste lydnivået frå
ein miksar
linje
Sambandskanal, noko som ber el formidlar (lydlege) signal/bodskap,
som radio- og telefonlinje
linjekvalitet
Standard, tilstand på ei radio- el telefonlinje; eig frekvensområde/eigenskap
link
Radiolinje, radiosamband
linkbil
Bil med flyttbart sendeutstyr. Med l. er det muleg å sende
frå ein opptaksstad; >OB
lisens, lisensavgift
Gebyr for mottaking av kringkasting, jf >stempelavgift. I Noreg
er l. no knytt til bruk av fjernsynsapparat, ikkje radio. Ein del
nærradioar har bede lyttarane om å betale friviljug lyttarlisens
listemusikk
Musikk som er å finne på ei oversikt over plater
som skal spelast mye, sel godt el l
live
Levande, direkte; om sending som ikkje går i opptak og om ein
konsert el l som blir framført og overført med publikum til
stades
liveopptak
Innspeling av konsert, teaterstykke osv med publikum til stades
på framføringa
logg
Rapporteringsbok el -perm, protokoll der ein skriv merknader
om avvikling, innhald, teknisk kvalitet el andre ting andre i redaksjonen
bør få greie på
lokalkontor/LK
Lokalredaksjon, avdeling av >distriktskontor.LK er forkortinga
br om l.
lokalradio > nærradio
lommeradio
Liten radio, walkman utan kassettspelar
loop
1 Lydsløyfe, oppattaking av forspelet på ein melodi for
å få betre tid til å snakke el sleppe å la rein
studiolyd liggje under eit mellomstikk 2 Antennetype
lp
Langspelplate, stor vinylplate. Forkortinga lp blir br i køyreplaner
vsa >gram om lp-plate som kjelde
luftig (stemme)
Stemme som br mye luft ved uttale; kan høyrest
lydarkiv
Samling illustrasjonsopptak, t d av fuglekvitter, bilkøyring,
fotballsparking, applaus; ev også opptak av historiske hendingar
og ulike typar musikk. Sjå også >miljølyd
lydband lydbånd
Band med finfordelt magnetisk materiale til å ta opp og lagre
lyd. Eit l. er eig sett saman av ein berar (stoff, tilverkingsmateriale
- oftast polyester) og eit pådampa magnetskikt. Magnetskiktet blir
magnetisert når ein tek opp noko, ved nytt opptak blir dette skiktet
på l.avmagnetisert samstundes som nytt opptak blir spelt inn.
L. kan ha ulike lengder, breidder og kvalitetar. Småband er 600 fot,
og varer ca 15 minutt ved ei bandhastigheit på 7 1/2 tps. Store band
(lydband til bandspelarar i studio) er på 2400 fot, og varer
30 minutt ved 15 tps. L. til radiobruk er 1/4 tomme breie - kvarttomsband
lydbilde
1 Det ein kan høyre, det som blir sendt ut; uttrykk som
dekkjer alt som finst av lyd samstundes på eit opptak el ei
sending 2 >Høyrebilde, lyd som skal underbyggje el vise
noko
lydhovud lydhode
Del av spolebandspelar der lydband spelar inn el av opptak. Dei fleste
bandspelarane har tre l. - >slettehovud (viskehovud) som fjernar/spelar
over eldre opptak,. >innspelingshovud som tek opp ny lyd, og >avspelingshovud
som spelar av opptak. L. er også sagt om lesepunkt på
ein >HD
lydkjelde lydkilde
Kanal som leverer lyd; mikrofon, bandspelar, cd-spelar, platespelar,
harddiskfil, musikkinstrument osv
lydkollasj
Opptak med mange ulike lydar, men utan noka forteljarstemme el tydeleg
verbal tråd som bind det i hop. Ein l. er gjerne redigert
med framheving av lydlege detaljar; >kollasj
lydkulisse
Lydteppe, bakgrunnslyd, særleg om lyd som blir lagt under
studio el eit innslag. Jf >lydtapet
lydmiks
Samansett lydbilde, samanredigerte lydar
lydplakat
Kort innslag med kunngjering, lydstrekk med opplysning; formmessig
ei blanding av reklame og trailer. Ein l. varer toppen eitt minutt, og
bodskapen står i sentrum i ein miks med musikk el annan effektlyd.
L. vart mye br i nærradio før det var lov å sende reklame
lydskulptur
Kunstnarisk utforma lydstrekk, (stutt) opptak der det lydlege står
i sentrum. L. er ein lite br radioform, meir lik >montasje enn >samansett
reportasje
lydspor
Stad der ein kan spele inn lyd, lydkjelde, ein av fleire "kanalar"
på lydband ein kan gjere opptak på Opptak frå
fleire l. kan miksast saman
lydstrekk
Avgrensa, samanhengande lyd(opptak), eit lydleg heile, lydperiode.
Ordet l. er br i denne ordsamlinga om opptak el sendeperiode utan omsyn
til måten dette blir til på, utforminga el innhaldet.
Eit studiostikk kan vere eit l., det same kan ein jingle, ei blokk, ein
reportasjedel osv vere.
lydtapet
Bakgrunnslyd, miljølyd; ferdig innspelt lyd ein legg under
t d eit program for å skape ei bestemd stemning
lydteppe
Lydtapet, lydkulisse
lyttarkontakt
Dialog med mottakar
lyttaroppslutning lytteroppslutning
Lyttarmengd, tal på kor mange som høyrer på;
rating
lyttartal lyttertall
Lyttaroppslutning
lyttekanal
Tapning som ein kan få lyd frå utan at han kjem på
lufta; kanal for >forlytt