Vestads vevstad   Ymseposten   Mål og middel   Bokinnsynet   Privaten   Lesarbrev
Til Radioordlista A-D I-L M-O P-R S T-Å tillegg


Radioordlista E-H

E

effekt
 Verkemiddel; musikk, replikk, blanding av dette eller noko anna lydleg; blir  brukt for å få oppmerksamheit eller for å skape ei bestemd stemning

effektlyd
Lyd som blir brukt som verkemiddel for å forsterke lydbildet; eks på e. er  bremselyd br i ei trafikksak, barneskrik i ei sak om foreldrerett

ego/ego-mik
 Mikrofonen til avviklar i sjølvkøyrsstudio; er gjerne på øyretelefon-sett

egosending > sjølvkøyrssending

eigenreklame  egenreklame
 Omtale av program/programinnslag i eigen kanal el andre delar av drifta til  sendarselskapet

eigenprodusert  egenprodusert
 Sjølvlaga, t d demo el plate som er spelt inn og gitt ut av ein radiostasjon

einetale  enetale
 Monolog; programleiar el intevjuobjekt/gjest snakkar utan avbrot

ekko
 Gjenlyd, atterljom, lyd(bølgje) som blir reflektert frå noko hardt, t d ein vegg. I eit  rom er det mange slike refleksjonar, og til saman dannar dei >romklang. Eit  e.inneheld lyd som  blir repetert med fallande styrke over tid (klangtid), det kan  lagast elektronisk og bli br til å skape kunstig romverknad til eit lydbilde.

ekspansjon
 Utviding av lydspekter, det å gjere spenn mellom høgaste og lågaste lyd større. E.   er det motsette av >kompresjon

emfatisk trykk
 Trykk som framhevar eit ord/ei ordgruppe som ber kjensler/haldningar

enkét, enquete
 Rundspørjing; mini-intervju der ein oftast stiller same spørsmål til tre el fleire  (tilfeldige) personar; spørsmålet blir teke opp att med ujamne mellomrom slik at  lyttaren får med seg emnet

ep
 Plate med få spor/melodiar på kvar side; plate som er midt imellom single og lp

equalizer
 Lydfilter

eter
 Øvre luftlag; atmosfære, staden luftborne signal formidlar kringkasting; eig stoff  som ein før i tida trudde fylte himmelrommet

etermedium
 Kringkasting, medium som br radiobølgjer for å sende, dvs radio og fjernsyn

etterklang
 1 Uttoning, avslutningstone, lyd som "heng att" att etter siste akkord; e. skal ikkje  kuttast for brått, men klinge litt før han blir >feida/fjerna.  2 Akustisk inntrykk av  rom; lang e. blir oppfatta som stort rom, liten e. som lite rom

etterklangstid
Uttoningstid, tid det tek før lyd døyr i eit rom. Lang e. fortel at eit rom er stort, og  det kan vere lett for den lyden ein vil formidle ikkje blir tydeleg nok. Kort e. kan komme av at eit rom er lite, og passar godt for å få tydeleg tale, men ikkje til musikk. Utforming og innreiing av eit studio påverkar e., men ein kan også justere dette vha miksebordet
 

F

faderstart > fjernstart

fake
 Jukse, late som, t d som om eit banda intervju går på direkten

fake-intervju
 Liksomintervju, uekte intervju; intervju der ein har dikta opp/tenkt seg ein situasjon  el prøver å gjenskape eit intervju. F. blir ikkje berre brukt i underhaldning, men au  som bilde på mulege hendingar og haldningar, jf >høyrebilde

faktaprogram
 Opplysningsprogram, sending som legg vekt på sakleg formidling av kunnskap om  eit emne. Omgrepet f.  bør brukast om >dokumentarar som behandlar stoff på ein
 sakleg, "vanleg" journalistisk måte

faktaspørsmål
 Spørsmål som opnar for svar som inneheld reine faktum, ikkje meiningar: Kor  mange bilar er innblanda i kjedekollisjonen? Kva finst i acetylsalisylsyre?

falle ut
 Ikkje vere høyrbar, miste kontakten, eksempelvis når studio ikkje lenger høyrer  reporter som er ute med VHF- el UHF-sendar (el omvendt), el at telefonisk kontakt  blir borte

fanfare
 Kjenningsmelodi; musikksnutt som fortel at eit bestemt program(innslag) kjem

fantom-mating
 Måte å gje kondensatormikrofon arbeidsspenning på

fast post
 Innslag som støtt skal vere med i eit program el som blir sendt til faste tider; jf  >knagg, >stolpe

feature
 Sjanger som gjev programskaparen friheit til å bruke sine eigne opplevingar av el  oppfatningar om eit emne. F. kan vere meir prega av skaparen enn >dokumentaren,  men her er omgrepsforståinga noko vaklande. Sjå merknaden om skiljet  f./dokumentar under >dokumentar. Jf også >faktaprogram, >montasje

feedback
1 Rundgang, akustisk tilbakekopling; kjem av at mikrofon og høgttalar er slått på samstundes i same rom. Lyden går inn i mikrofonen gjennom forsterkar/miksar til høgttalar, og så til mikrofonen att. F. fører til >hyl  2 Elektrisk tilbakekopling.- lyd blir henta frå avspelingsmaskin via miksebordet samstundes som maskina står i opptak og får sitt eige avspelte signal i retur. Dersom ein gjer dette varsamt, kan det vere ei naudløysing for å lage >ekko på opptak  3 Tilbakemelding, respons

feidbar, fadbar
 Muleg å feide, tone ned; om lyd som gradvis kan reduserast i styrke; t d om melodi  som berre inneheld refreng og oppatt-taking av vers etter 2`20" - fadbar frå 2`20"

feide, fade
 Eig. tone opp el ned, men oftast minske styrke på lyd; gjerne etter kvart fjerne  lyden heilt frå lydbildet

feiding, fading
 Opp- el nedtoning av lyd i lydbildet. Rask f. på 1-2 sekund gjev rask rytme, lang f.  på fem sekund og meir gjev roleg rytme. Innfeiding skjer raskare enn utfeiding

feit
 God, fin - om lyd(opptak) som er spesielt god

ferdigredigert
 Heilt tillaga, fullført, sendeklar - om innslag som kan sendast

ferdigsydd
 1 Reportasje, tittelprogram el l som er redigert ihop med alle innhaldsdelar  (blokker, intervjubitar osv) der dei skal vere; >finredigering kan stå att  2   Køyreplan/program(skjema) som er tillaga

fiberoptikk
 Teknikk for overføring av bølgjer/signal ved hjelp av syntetiske fibrar

filter
 Tonekontroll, lydjusterar, innretning som kan endre lydbilde noko

filtrere
 Endre/justere lydbilde

finredigering
 Etterredigering der ein tek vekk unødvendige pauser el anna smårusk som ikkje  absolutt må vekk, men som gjerne kan fjernast. Jf >råredigering

fjernstart
Spakstart, fader start; innstilling som gjer det muleg å starte ei avspelingsmaskin  vha spaken/kanalregulatoren på miksebordet

flak
 Ark med programopplysningar

flate
 Del av sendedøgn/-tid, t d ettermiddagsflate

fleirsporsopptakar  flersporsopptaker
 Bandspelar som kan spele av (minst) to spor på eit lydband, dvs at ein kan snu eit  band og spele inn/av "baksida". Sjå elles >fullsporsopptakar

flying (start)
Redigering der ein kopierer delar av råopptak el andre lydkjelder til eit sendeband (masterband). Eit bestemt >lydstrekk på ei avspelingsmaskin er lagt klart, og ein set i gang sendebandet på opptaksmaskina nokre sekund før denne delen av råopptaket  skal inn. Når masterbandet har spelt av det som skal liggje før det nye lydstrekket og altså nådd staden der neste del av opptaket skal inn, trykkjer ein først ned play-knappen på avspelingsmaskina og deretter opptaks-knappen på  opptaksmaskina. Ved hjelp av f. unngår ein "hol" mellom det som fanst på masterbandet frå før og den nye delen som no er redigert inn. Dette gjev mjuke overgangar, i motsetning til dei harde overgangane ein får når ein >klipper

flyktig
 Ustadig, skiftande; karakteristikk av etermedium, der det sende forsvinn for  publikum når det blir sendt ("sendt er glemt"!) i motsetning til avismediet, som er  varig el bestandig

flyt
 Samanheng, glid, driv. Ein avviklar som snakkar lett og har god språkføring og/el  stemmebruk, har god f., ei sending kan ha god el dårleg f.

FM
Frekvensmodulasjon/-modulering, kringkasting på meterbølgje. Eig endring av frekvens i berebølgje i takt med lydsvingingar, - i sendingar på FM avgjer styrka  på lydsignalet det avviket radiosignalet har frå ein senterfrekvens. FM blir br til satellittoverføring, i motsetning til >AM. FM-bandet ligg på frekvensområdet mellom 87og 108 MHz (ultrakortbølgje); i Aust-Europa har frekvensområdet mellom 66 og 73 MHz vore brukt. UKW - Ultrakurzwelle - er den tyske nemninga for FM

forlytting/FL/PFL
 Det å kunne høyre på noko frå ei lydkjelde (cd-spelar, bandspelar osv) utan å  opne spaken på miksebordet. F. gjer det altså muleg å høyre på programinnhald  medan sending går, utan at det ein høyrer, kjem over eteren. F. blir forkorta FL og  PFL (Pre Fader Listening); jf >cue

format
 Programform, sjanger

formatering
 1 Profilering, målgrupperetting; det at musikkval og sendingsinnhald i større el  mindre grad er bestemt av ein overordna programpolitikk  2 Klargjering av diskett  til bruk ved å leggje inn styredata

formidlingsradio
 Allmennradio, radioverksemd som er uavhengig av særinteresser/spesielle  lyttargrupper. Ordet f. har vorte br om nærkringkasting med utgpkt i pressemiljø

forspel/fsp forspill
Del av melodi før song/verbalinnslag kjem igang; fsp. er forkortinga i køyreplaner og på plateomslag. F. er mye brukt til å prate oppå og blir merka av som t d 15" fsp; fsp 11/24" vil seie at det er taktskifte el noko anna (nynning, song) som gjer at det tek seg best ut å prate anten 11 el 24 sekund uti melodien.

forsterkar  forsterker
 Apparat som gjer elektriske signal sterkare, særleg så ein får sterkare lydsignal

forsterkarstøy  forsterkerstøy
 Brumming el annan ulåt frå forsterkaren

forteljar  forteller
 Ein som fortel, t d i barneprogram; jf også >opplesar

forteljarstemme fortellerstemme
 Ein som har rolle som forteljar, t d i radioteater; jf  > kommentatorstemme

fortaum  fortom
 "Blank" bandsløyfe, del av lydband utan magnetoksydbelegg på. På f. kan ein ikkje  gjere opptak

forvrengje forvrenge
 1 Endre lydkvaliteten for å gjere ei stemme ugjenkjenneleg  2 Spele inn noko med  for sterkt lydnivå  3 Dra eit saksinnhald for langt, behandle sanning for fritt

fullsporsopptakar  fullsporsopptaker
 Bandspelar som er laga for å bruke heile bandbreidda ved inn- og avspeling. På ein  f. kan ein ikkje snu eit band og spele inn/av "baksida". Jf >fleirsporsopptakar

frakk
 Klistrepapir til bandeske; papiret blir festa på bandeska, slik at ein kan skrive  programopplysningar som inn- og ut-stikkord, lengd på innslag osv der

framføring
 Formidling, framstilling; t d brukt om avvikling av nyheiter og det å medverke i eit  program med eit musikkinslag; f. kan vere god el dårleg

frekvens
 1 Tal på periodar/svingingar per sekund  2 Sende-"stad" på meterband,  innstillingspunkt for mottak av ein radiostasjon

føljetong
 Framhaldsforteljing, serie; helst om ein opplesningsserie, men også brukt om ei sak  som går att over fleire dagar el lengre tid; av fr feuilleton `lite blad`

førehandsomtale  forhåndsomtale
 Opplysning om innslag, program el tilstelling på førehand

førehandsreklame forhåndsreklame
 Annonsering for noko i forkant, er gjerne meir likt reklame i form enn  førehandsomtale

førehandssak  forhåndssak
Programinnslag om noko som skal hende, eksempelvis ei tilstelning el ein  film. Føremålet er å  skape blest el fortelje om førebuingar, nerver o l

førehandssamtale forhåndssamtale
 1 Prat med intervjuobjekt for å klargjere gangen el innhaldet i eit kommande  intervju  2 Førehandssak

førstelyttar  førstelytter
 Den første som høyrer og kan gje tilbakemelding på ei sak el sending , ofte  teknikar el kollega som høyrer noko før/medan det blir sendt

førstesak
 >Toppsak, oppslag, det innslaget som kjem først i sendinga og som blir sett på som  den viktigaste
 

G

gain
 Forsterking

gje teikn  gi tegn
Varsle, seie frå utan ord. Programleiar gjev f eks teikn om at han er klar, vil inn på lufta el l; frå kontrollrommet blir det gitt teikn om at ein telefon er "inne", ei plate  er klar o l - fingerspråk og hovudbruk er flittig br til å gje teikn

gjenferd
 Melodi som har vore på ei speleliste, har falle ut og så komme inn att

gjengangar  gjenganger
 Menneske, emne el musikk som stadig vekk dukkar opp i sendingar

gjengje gjengi
Sitere, referere; dersom dette skjer ordrett, er det vanleg å seie frå om det, elles er  det i norsk journalistikk nok å g. innhald/meining

gjennomlytting
 Høyre gjennom råopptak, innslag el program, oftast før det blir sendt (sjølvsagt for  råopptak!)

gjennomgangsmusikk
 Melodi som går att i ein reportasje innslag el eit program

gladsak
 Innslag som skal underhalde el more; spesielt br om "lett" nyheit

gram
 1 Grammofonplate; forkorting br på køyreplan vsa pl om vinylplate som lydkjelde i  motsetning til t d bandinnslag  2 Forkorting for inngang (kontakt) på teknisk utstyr  gratisreklame
 Omtale som det ikkje blir betalt for; når noko blir kalla g. er omtala ofte vel  rosande og ukritisk

graut  grøt
 Dårleg lyd

gruggen
 Uklar, hås, grumsete - helst om stemme

gruppeintervju
 Intervju med fleire deltakarar

grønt lys
 1 Ikkje på lufta, ikkje sending; klart for prat mellom t d studio og kontrollrom utan  at samtala blir send over eteren  2 På lufta, sending i gang - ved sjølvkøyr

grå
 Uopplagd, ugod, trøytt - om stemme som t d sprekk lett; jf >gruggen

gå i opptak
 Bandleggje, ta opp

gå oppå
 Snakke over noko anna som blir sendt, som regel musikk

gå på øyret
 Gje opplysning over regilinja, slik at beskjeden ikkje kjem på lufta; i somme tilfelle  kan øyretelefonane >lekke, slik at publikum høyrer det

gå ut
 1 Slutte, avrunde, vere ferdig; gjerne knytt til tidspunkt: Vi går ut fem sekund over  tida  2 Sende, vere på lufta: No går vi ut!
 

H

hakk
 Snitt, ripe i overflate på ei plate; fører ofte til at delar av eit musikkstykke blir  spelt om att og om att

hakkete
 1 Oppstylta, stakkato - om framføringsmåte  2 Oppripa, med hakk i

handmik, handmikrofon  håndmik, håndmikrofon
 Mikrofon til reportasjebruk, ofte >dynamisk mikrofon som toler ein støyt

handstøy  håndstøy
 Skurring el annan ulyd pga at ein kjem borti mikrofonen

halvdød
 Emne som ikkje er brennaktuelt lenger, men som ein kan lage sak om seinare

hallodame/-mann
 Programannonsør, presentatør; person som m a har ansvar for å snakke i  overgangane mellom ulike program og for å fylle >hol i sendeskjema

hann
 Plugg med piggar/pinner; motsett av >hoe

hardcue
 Avtale sluttstikkord

harddisk/HD
Elektronisk lagringsstad og kjelde; lyd og teikn blir teke opp, lagra på og avspelt frå magnetplate i datamaskin ved hjelp av datateknologi. HD er forkortinga br i køyreplaner

harddiskredigering
 Ferdiglaging av innslag ved hjelp av datamaskin

hastigheit  hastighet
 Inn- og avspelingsfart; 3 3/4 >tps er minste h., 7 1/2 er den mellomste (br på  Nagra-band), 15 er største h. (br på studiomaskiner)

hastigheitsregulator
 Knapp på studiobandspelar der ein kan stille inn den bandhastigheita ein ønskjer

head > topp

headlines
 "Overskrifter", toppar; korthogde og innhaldsmette setningar som innleier mange  nyheitssendingar; kan au opne andre programtypar

headset
  >Øyretelefon med mikrofon

heavy rotation
Det at ei plate blir spelt så og så mange gonger om dagen; ein slags >formatering;  jf også >a-liste

hengjekontakt  hengekontakt
 Straumkontakt for lause leidningar

hertz/Hz
 Svinging per sekund, eining for frekvens; etter den ty fysikaren H. Hertz, 1857-94

HF
 High frequency, forkorting br om trådlaust reportasjeutstyr som br >VHF- og  >UHF-frekvensar. HF blir br til m a direkterapport el direkteopptak frå ein  opptaksstad til kontrollrom Ein reporter som br HF-utstyr, kan kallast ein HF- reporter, eit innslag som kjem via HF eit HF-innslag, osv

HF-sett
 Berbart reportasjeutstyr, med sendar, mottakar, batteri og antenne i ei eining

HK
 Hovudkontroll, sentralt kontrollrom for teknisk avvikling (kringkasting)

hoe  hunn
 Plugg som >hann skal inn i

hol  hull
1 Pause, tid utan programinnhald - i programplanlegging om tid ein ikkje veit kva  ein skal fylle med, el under sending om tid utan tale el musikk, som kjem av at ei plate er for stutt, at ein ikkje greier å >dra ut eit >studiostikk el l  2 Tomrom, "svupp" i eit programinnslag - pga dårleg redigering

hopp
 Sprang i lydstyrke

hosteknapp
Knapp som koplar vekk studiomikrofonen frå "lufta". Må ein hoste el kremte medan ein avviklar, kan ein trykke ned h., som stengjer studiomikrofonen medan  ein held knappen nede

hovudoppslag hovedoppslag
 Emne/hending ein legg mest vekt på i ei sending, oftast førstesak; eig avisuttrykk

hovudsak  hovedsak
 Emne/hending ein gjev mest tid og oppmerksamheit i ei sending; ikkje  nødvendigvis dss hovudoppslag

hovudtelefon  hodetelefon
 Høyretelefon, ofte festa i bøyel over hovudet; >headset

hunn  > hoe

Huset
 Hovudkontoret, sentralredaksjonen; ofte br om NRK-senteret på Marienlyst

husradio
 Sending som går over lukka nett og ikkje over eteren, t d h. send ved Høgskulen i  Volda

hybrid > telefonoverdrag

hyl
 Høg ulyd, kan komme av >rundgang

høyrebilde hørebilde
 Stutt høyrespel, sketsj; h. kan brukast for å vise ein tenkt situasjon, t d som eit  >oppspark til eit emne som skal
behandlast

høyrespel  hørespill
 Radioteaterstykke, radiodrama

høyrespelpause  hørespillpause
 Sceneskifte, "lang"-pause på to-tre sekund. Ei h. fortel at ein flyttar seg i tid,  kanskje også i stad og emne. Ein liknande effekt kan ein få ved full utfeiding og  rask innfeiding


Til Radioordlista A-D I-L M-O P-R S T-Å tillegg
Vestads vevstad   Ymseposten   Mål og middel   Bokinnsynet   Privaten   Lesarbrev