Til Vestads vevstad     Til RadioordlistaE-H I-L M-O P-R S T-Å tillegg


Radioordlista A-D

A
ADC
 Eining som omformar >analog lyd til >digital lyd; av eng Analog to Digital  Converter

ad lib, ad libitum
Fri tale, improvisasjon - om studiostikk el direkteinnslag der berre emnet er klart  på førehand, og ein seier det som fell seg

A4-sak
 1 Innslag som er laga på ein enkel måte, kanskje fordi det bør vere enkelt i
 form  2 Sak som det er lett å lage noko om, t d at det er lett å få klare svar frå  intervjuobjekt

aktivitetsradio
 Hobbyradio, stasjon der sjølve radiodrifta er det viktige; ein type nærradio

aktualitet
 Emne som ikkje nødvendigvis er noka nyheit, men som (alltid) kan liggje i  nyheitsbildet. Ei aktualitetssak kan vere lengre enn ei vanleg nyheitssak, og kan  brette ut emnet ved hjelp av t d diskusjon og/eller utdjuping

akustikk
 1 Lydforhold i eit rom  2 Lære om lyd, særleg br om korleis romutforming og
 -inventar verkar på lyd

a-liste
 Liste over melodiar som skal spelast oftare enn andre; jf >heavy rotation

a-låt
 Melodi som er på den mest aktuelle spelelista

allmennkringkasting
Stasjonsprofil der det blir lagt vekt på å gje programtilbod som nyheiter, kultur, opplysning og underhaldning. I a. har ein ei brei målgruppe, dvs at ein også skal gje programtilbod til mindre målgrupper. Ordet dekkjer om lag det same som eng `public service`. Både NRK og P4 driv a.

allmennradio
 Stasjon eller program som er redaksjonelt uavhengig av statsmakt, mulege  eigarinteresser el særskilte grupper i samfunnet, og som har til føremål å spreie  informasjon, kultur og underhaldning til eit breitt publikum; jf allmennkringkasting

AM
 Eig amplitudemodulasjon, lydsignalet avgjer styrken på det utsende radiosignalet.  Forkortinga AM blir på eng br om >mellombølgje, 520 - 1608 kHz, men også på  lang- og kortbølgje br ein amplitudemodulasjon

analog lyd
 Lyd som er representert ved spenningsvariasjonar som følgjer styrka til lyden som  blir send frå kjelda, i motsetning til >digital lyd. Analog tyder `som samsvarer`,  `liknande`, `tilsvarande`

annonsere
 1 Fortelje kva som kjem av program eller programinnslag 2 Reklamere

annonsør
 1 Ein som har meldingsteneste, hallomann/-dame, programannonsør
 2 Verksemd som har kjøpt reklametid

anmeldelse, melding
 Kritikk av bok, plate, konsert osv; ikkje dss >omtale

anrop
 Standardfrase som fortel kva stasjon som sender, gjerne i følgje med ein  kjenningsmelodi. I amatørradio er a. frasen eller morsesignalet som blir brukt for å  få kontakt med andre radioamatørar

anslag
1 Opning av ei sending eller ei sak. A. skal ved hjelp av lydsnuttar (replikkar eller annan lydbruk) skape interesse for det som kjem, el på andre måtar vere særmerkt for innhaldet. A. kan vere skilt frå sjølve saka i tid (>oppspark) 2 Dei første tonane i ein melodi

anton
 Forfallsarkiv, arkivskuffe som er inndelt etter dato og månad. A. inneheld tips som  bør sjekkast til bestemde tider, invitasjonar til pressekonferansar, utklypp som  inneheld interessante datoar osv. A. er oppkalla etter NRK-mannen Anton Blom

antonette
 Ressursliste/arkiv over kvinner som sit på kunnskap innan ulike fagfelt

aproposmusikk
 Musikk som høver til eit emne som blir teke opp. A. kan lett bli platt dersom  musikken er for opplagt til emnet, el at musikkvalet slett ikkje høver til emnet

arkiv
 Samling av eldre meldingar, innslag, program osv. I a. kan ein også ha artiklar,  råopptak osv som ein kan hente fram for å bruke i arbeidet med ei ny sak

arkivnummer
 Registreringsnummer for plater, band, bøker osv

arkivopptak
Opptak som er henta frå >arkivet. Når ordet a. blir brukt i annonsering, er det ofte  eit teikn på at ein eller fleire som vi høyrer i opptaket, er døde

arm
 Stong med påsett stift brukt til avspeling av vinylplatter, pickup på platespelar

artikulasjon
 Det å artikulere; måte å uttale lyd el ord på

assigne
 Velje kjelde til ein bestemt kanal i ein Select-miksar

asynkron
 Ulik i tid; sendar og mottakar er ikkje tidssynkronisert

augevitneskildring  øyenvitneskildring
 Fråsegn frå ein som har sett ei hending, t d ein brann eller bilkrasj

autentisk
 Ekte, uforfalska, pålitande

aux
 Ekstra ut-/ inngang, tapning på lydforsterkarar og -miksarar. A. kjem av eng  `auxiliary`, hjelpe-, tilleggs-

avrunding
 Avslutning av eit innslag eller ei sending

avviklar  avvikler
 Programleiar, den som ut- og innannonserer (i) eit program, programvert

avvikling
 1 Programleiing 2 Teknisk gjennomføring av ei sending

avspelar  avspiller
 Band-, cart-, CD-, DAT-, kassett-, minidisc- eller platespelar. Også  avspelingsfunksjonen på ei harddiskmaskin kan ein kalle a.

avspelingshovud  avspillingshode
 Del av bandspelar som "les av" lyd på opptaksband. Eit a. omformar magnetfelta  på lydband til elektroniske signal. Jf >lydhovud
 

B

back-up > kopi

bake inn
 Leggje inn t d bakgrunnsinformasjon i ei sak, få noko til å høyre ihop

bakgrunn
 Opplysning om det som ligg før eller rundt ei hending; grunnlaget,  årsakssamanhengen eller føresetnadene for ei hending

bakgrunnslyd
 Lyd som er med på eit opptak, men som ikkje er hovudbodskap. B. skal vere  svakare enn t d stemma til intervjuobjektet, og er ofte stemningsskapar

balanse
 1 Fordeling av lyd mellom ulike kanalar/høgttalarar  2 Styrkeforhold mellom ulike  lydkjelder, god/dårleg b.  3 Jamvekt mellom ulike syn i ei sak

band  bånd
 Det ein gjer eller lagrar opptak på, som t d magnetofonband eller kassettband

bandbreidde  båndbredde
 1 Breidd på lydband. B. på spoleband er til vanleg 1/4" (kvarttoms)  2  Frekvensområde avgrensa av ein nedre og øvre grensefrekvens.. >SSB utnyttar  berre halve b., medan ein i mono- og stereo-kringkasting bruker heile b. på  frekvensen

bande  bånde
 Gjere opptak (på bandspelar)

bandeske  båndeske
 Papp- eller plastomslag til >band. På >frakken på b. står opplysningar om det  bandet inneheld, og arkiverte band har >arkivnummer

bandhastigheit  båndhastighet
 Farten eit band skal spelast av i; 3 3/4 >tps er minste fart, 7 1/2 er mellomste  (farten Nagra-band blir spelt inn i) og 15 er største b. (br på bandspelar i studio)

bandleggje  båndlegge
 Gjere opptak

bandsalat  båndsalat
 Band som har vikla og vasa seg ihop i el utanfor bandspelar

bandslave  båndslave
 Teknisk assistent, ein som har til hovudoppgåve å leggje band på bandspelarar,  >cue band og spole av etter bruk

bandsløyfe  båndsløyfe
 Samanskøytt lydband, "endelaust" lydband. Ei b. er stutt både i lengd og i  opptaksmengd, er utan start el slutt, og kan t d vere brukt til jingleavspeling frå  >cartboks

bandspelar/bsp  båndspiller
 Opptaks- og/eller avspelingsmaskin. Til vanleg kallar ein dei store bandspelarane  (som Studer-maskiner) i studio for b., medan dei slepbare maskinene blir kalla  >Nagra. Tidlegare vart b. kalla >magnetofon. I køyreplaner blir forkortinga bsp br  om b.

bandspole  båndspole
 Kjerne som band ligg på

bandstøy  båndstøy
 Ulyd som kjem frå eit band attåt det som er spelt inn på bandet

bandverkstad  båndverksted
 Stad der folk kan eksperimentere med lyd og opptak

barneintervju
 Samtale/intervju med ungar

BASYS
 Datasystem brukt i NRK, jf >bayse

bass
 Djupaste del av eit tonespektrum

basskutt
 Fjerning av dei djupaste tonane

batteritest
 Kontroll av at batteri i t d ein Nagra verkar

bayse
 Å skrive meldingar til andre via BASYS-systemet til NRK

begrensar  begrenser
 Innretning som gjer det muleg at lydstyrka ikkje blir høgare enn det ho skal vere

berebølgje  bærebølge
 Høgfrekvente svingingar i form av ei konstant elektronisk bølgje som går ut frå  antenna på ein radiosendar. B. blir oppfanga som  informasjonsbølgje som ikkje  inneheld anna enn "luft"-lyd, dvs som fortel at ein sendar er på frekvensen, utan å  sende program

berøringsstøy
 Ulyd som kjem av at noko/n kjem borti mikrofonen

bestemmelsesstad  bestemmelsessted
 Mål for lyd; destinasjon

beste sendetid
 Tidspunkt da ein når flest - for NRK og P4 sin del er det mellom 7 og 9 om  morgonen og ca 15 til 17 om ettermiddagen

betoning
 Trykk, vektlegging i uttale av ord

bimedial
 Med to medium som arbeidsområde, oftast brukt om det å arbeide i/for både radio  og fjernsyn

bisitter
 Sidekommentator, medprogramleiar; om ein som ikkje har programleiaransvar, men  som er med og kommenterer t d overføring av ei idrettstevling. Ein b. er ofte ikkje  journalist til dagleg

blindteip, blindtape
 >Skiljeband, lydband som ein ikkje kan gjere opptak på. Ein b. blir br til å lage  skilje mellom ulike innslag på eit spoleband

blinklåt
 Melodi som finst på >A-lista, og som blir spelt spesielt ofte. Også kalla powerplay,  >a-låt, >susar; jf også >heavy rotation

blokk
 Gjenforteljing, faktaformidling, samandrag, framført av ein journalist. Ei b. blir  ofte  br til å gjenfortelje innhaldet frå eit intervju, slik at det blir kortare, faktametta og  tydelegare. Intervjudelar kan leggjast t d før/etter ei  b., men ho kan også stå  åleine. I b. kan journalisten ordleggje seg slik at saka lettare flyttar seg frå eitt  emne til eit anna, og ho kan brukast til å dekkje over dårleg lyd, eit kronglete  spørsmål el eit innfløkt svar.  Det er sjeldan noko anna enn studiolyd i ei b. Ei  kortare utgåve av b. er >bru 2. Jf også >direkteblokk

blokke
 1 Gjenfortelje noko på ein (stutt og) faktametta måte  2 Å skrive ei blokk

blåse
 1 Gjere kjent, kringkaste noko for fyrste gong, f eks å avsløre namnet på ei  kjelde  2 Gjere ei sak stor i omfang

blåse ut
 Bruke for mye pust i mikrofonen, slik at det blir ein skjemmande lyd av det

bobler
 Melodi(ar) som ligg godt an til å bli populær

bodskapsradio  budskapsradio
 Stasjon eller program som har til føremål å formidle spesielle politiske, kulturelle  eller religiøse verdiar, og som er drive av tilsvarande organisasjonar

boke, booke
 Tinge, gjere avttale, t d om >studiotid

boksemusikk
 Musikkinnspeling med særordning for betaling

boksmat
 Innslag som er bandlagt, eller som ikkje er heilt nylaga

bom
 Arm til å feste mikrofonen på, slik at ein kjem nærare lydkjelda

bordmik
 Mikrofon som står på studiobord

break > reklameblokk

bru
 1 Stutt overgang som skil mellom to delar av ei sending eller eit innslag, kan vere  >lydsnutt med tekst el  >jingle. Jf også >skiljar  2 Overgangssetning(ar) som bind  ihop to delar av eit innslag, og som er framført av journalisten. Jf også >blokk

brum
 Støy, ulyd som kjem frå lydkjelde; utgjer vanlegvis 100 Hz på sterkstraumsanlegg

brå (slutt)
 Plutseleg avslutning av ein melodi eller innslag; kan vere avmerka på køyreplaner

bullebur
 Studio som nyheitsbulletengar blir sende frå

bulleteng/bull, bulletin
 Stutt nyheitssending, i hovudsak sett saman av meldingar. B. blir forkorta bull

bulletengredaktør
 Ansvarleg for nyheitsbulleteng, bulleteng-avviklar

bunke
 1 Knippe  >nyheitsmeldingar, >mellomstikk o l  2 Samling kort eller brev frå  lyttarar

Buret > bullebur

butt i butt
Rett på, kant i kant - om å leggje eit nytt innslag rett etter eit anna, utan studiostikk mellom, eller starte musikk straks innanonsering er ferdig (ikkje feide inn/snakke på forspel)

bygderadio
 Nærradio i bygde-Noreg; også brukt for å karakterisere radiosendingar som ikkje  passar med profesjonelle krav, jf >nærradio.

byråstoff
 Artikkel el notis frå nyheitsbyrå, jf >nyheitstelegram. Er noko b., er det spreidd til  mange redaksjonar, og ein sit ikkje med emnet åleine

bølgjelengde  bølgelengde
 Frekvens, stad i frekvensområde på t d  kortbølgja der ein stasjon sender; eig  kortaste avstand mellom to punkt som har same svingetilstand
 

C

cannonkontakt
 Kontakt på (lyd-)leidning, har namn etter tilverkaren

capstan
 Drivveksling, innretning på bandspelar som sørjer for at band blir spelt av i rett fart

cartboks
Avspelar for små bandsløyfer med t d jinglar og reklamesnuttar. Ein c. slår seg av  av seg sjølv når eit opptak er ferdig

cart, cartridge
 8-spors kassettband, kassetthus med endelaus bandsløyfe. På ein c. er det spelt inn  opptak opp til eit par minutt. Når eit opptak er ferdig, ligg det klart til bruk på ny

cd
 Kompaktplate; plate som blir spelt av digitalt ved hjelp av laserstråle

chassiskontakt
 Fastskruvd straumkontakt for koplingsfelt

contemporary (music)
 Listepop, musikk som er aktuell for tida, i motsetning til t d >oldies. C. betyr eig  `samtidsmusikk`

cover
 1 Omslag på kassett eller plate  2 Melodi framført av ein annan enn den som fyrst  spelte han inn

credit > kreditt

cue
 1 Leggje klar eit innslag på avspelingsmaskin; jf også >forlytt  2 Gje teikn, f eks at  teknikar gjev beskjed på øyret om at eit intervjuobjekt er klart på telefon, blinkar  med raudt lys el l

cuehøgttalar  cuehøyttaler
 Høgttalar på avspelingsmaskin som ein kan forlytte på, utan at det ein høyrer blir  sendt på lufta

cueknapp
 Knapp ein held ned for at ein lettare skal kunna lytte til ei lydkjelde før lyden blir  send på lufta
 

D

DAB
 Digital lydkringkasting, av Digital Audio Broadcast; digitalt sendesystem

DAC
 Omgjering av digitale signal til analoge; av eng Digital to Analog Converter

dagen derpå-stemme
 Rå el rusten stemme som lett kan sprekke; jf >gruggen

dagsordensak
 Emne som ein ikkje kan unngå å lage sak om; det som blir sett på som den  viktigaste saka om dagen. Ei d. er ein aldri (el sjeldan) åleine om

Dalet
 Datasystem brukt ved medieutdanningane til Høgskulen i Volda

dampradio
 Radiokringkasting, fleipenamn på det gammaldagse radiomediet i motsetning til det  meir moderne og dynamiske fjernsynsmediet

DAT
 Digitalt opptaks- og avspelingssystem som bruker band; tilhøyrer den tekniske  generasjonen etter >Nagra. DAT kjem av eng `Digital Audio Tape`

dataredigering
 Bearbeiding og ferdiglaging av innslag vha datamaskin

DAVID
 Datasystem brukt i NRK

DCC
 Lagringsutstyr for lyd, samkøyrbart med vanleg lydkassett. DCC står for eng  Digital Compact Cassette

dekkje  dekke
 1 Sende til, nå fram til, bli motteke i  2 Ta for seg eit emne, sende noko om

dekningsgrad
 1 Oppslutning hos publikum eller ei bestemd målgruppe  2 Nedslag/mottaking i eit  landområde

dekningsområde
 Nedslagsfelt, område eller gruppe(r) ein når eller ønskjer å nå

delay
 Forseinking av lydsignal

demo
 Prøveinnspeling av musikk, musikk som ikkje er gitt ut, men som kan spelast

desibel/dB
 Måleeining for lydtrykk/lydstyrke

dialog
 Samtale, replikkveksling mellom to; gjerne mellom partar som er ueinige, og med  programleiar i bakgrunnen som den som "uhøyrleg" styrer d., ev med journalist og  intervjuobjekt som deltakarar

DIGAS
 Dataprogram laga av produsenten David, som også står bak Newspalyer

digital lyd
 Lyd lagra som to-talskode og formidla av elektroniske impulsar (`0` og `1`,  kontakt/ikkje-kontakt), i motsetning til >analog lyd. Digital lyd kan vere analog lyd  som er spelt inn vha digitalt utstyr som >ADC

diksjon
 Måte å seie fram replikkar eller songtekstar på, stemmeføring, uttalemåte

direkte
 Ikkje i opptak, utan omvegar, samstundes som noko skjer

direkteblokk
 >Blokk framført i studio el ute under sending, ikkje lesen inn/teken opp på  førehand: tilsvarar fjesing og standup på fjernsyn

direkteradio, direktesending
 Sending der ikkje noko av det verbale ligg på band

direkterapport
 Innslag på direkten

direktiv mikrofon
 Mikrofon med "sikte", mikrofon som blir retta mot ei spesiell lydkjelde og kan  gjere opptak av denne kjelda på god avstand

disc operating system/DOS
 Operativsystem som gjer det muleg for brukaren å flytte data og program til og frå  ein harddisk

discman
 Berbar cd-spelar

diskant
 Øvste, lysaste og/eller spissaste del av stemme- og toneleiet

diskantkutt
 Fjerning av dei øvste (lysaste, spissaste) lydane

display > teiknrute

distriktskontor, DK
 Redaksjon i NRK utanfor kanalsentra på Tyholt og Marienlyst. Medarbeidarane på  d. lagar først og fremst program for lyttarar i sitt eige fylke, men nokre er også  knytta til sentralredaksjonar/har eigne program el faste postar på riksnettet. DK er  NRK-forkortinga for distriktskontor

distriktssending
 Program som blir sendt frå distriktskontor

dobbelannonsere
 Seie det same i innannonseringa som først i eit innslag el program; det å d. er noko  ein prøver å unngå

dobbeltpust
To inn- eller utpustingar frå to lydstrekk som er redigert saman. Når ein redigerer,  må d. fjernast

dobbeltspørsmål
 Spørsmål som i grunnen inneheld to ulike spørsmålsstillingar og krev to svar: Kva  er det viktigaste i denne saka for dykk, er det å tape minst muleg?

dok. > dokumentasjonsband

dokumentar
1 Sjanger som byggjer på faktum, intervju, dokument og andre kjelder som let seg identifisere  2 Programform der ein legg vekt på korleis verkelegheita kan opplevast eller bli forstått, anten av den som har laga programmet, eller av intervjuobjekt/folk som medverkar
 Merknad: Dette omgrepet er vanskeleg, m a fordi at sjølve ordet d. signaliserer det som ligg i pkt 1 over, dvs at d. er ein slags >faktaprogram. Oppfatninga vi finn i pkt 2 blir brukt av ein del d.-skaparar, og det ligg nærare >feature. Både d. og feature kan formidle uomstridde faktum, men dei kan ikkje kallast faktaprogram pga at dei har ei klart personleg/subjektiv vinkling på stoffet. Feature er den  sjangeren som er mest og tydelegast prega av programskaparen, og står friast i forhold til "verkelegheita" og "allmenne sanningar". Medan feature spelar på kjensler og assosiasjonar, talar d. til intellekt og fornuft (jf Røe: Radio 2 s 35). Omgrepet d. bør brukast om ei verkelegheitsbunden formidling av subjektive inntrykk, jf pkt 2 over

dokumentasjonsband  dokumentasjonsbånd
Opptak av sending(ar) for ettertida. Ein er pålagt av Statens Medieforvaltning å lagre  d. i tre månader

dokumentasjonsopptak
 Opptak som blir bevart for ettertida, til dømes >råopptak med innhaldsbolkar som  ikkje er brukte, men som kan vere bevis for at noko er sagt

dokumentasjonsspørsmål
 Spørsmål ein stiller for å få noko heilt klart eller bevist, sjølv om ein gjerne veit  svaret på førehand

dolby
 Støyreduksjonssystem, finst i ulike variantar

dra ut
Gjere noko lenger enn nødvendig, f eks for å få tid til å leggje klar ei plate, få inn  ein telefon el l

driftsteknikar  driftstekniker
 Teknikar som har ansvar for samordning av utlån av teknisk utstyr, samordning av  HF-frekvensar mm i NRK

drodling
 Det å drive med tankespinn el >idemyldring for å finne saker og innfallsvinklar

dubbing
Det å prate oppå annan prat, t d ved omsetjing/attforteljing av noko som blir sagt  på eit fremmendspråk; jf
>kommentar 2

dynamikk
 1 Spenning, driv 2  Spenn mellom svakaste og sterkaste lydtrykk t d eit instrument  kan få til

dynamisk mikrofon
 Mikrofon der lyd (vibrasjonar i lufta) lagar det elektriske signalet. Omforminga frå  akustisk til elektrisk lyd skjer ved at ein spole fest til membranen i mikrofonen  rører seg i eit magnetfelt. Ein dynamisk mikrofon er utan eiga straumforsyning og  forsterkar Jf >kondensatormikrofon

død
 1 Emne som det viser seg det ikkje er verdt å laga sak om, ev at det ikkje nokon  grunn til å sende ei ferdiglaga sak. Ein grunn kan vere at andre alt har teke for seg  saka  2 Utan utslag, ute av funksjon - om lydkjelder/teknisk utstyr


Til Vestads vevstad        Til Radioordlista E-H I-L M-O P-R S T-Å tillegg