|
7I0?
For
nokre dagar sidan var eg inne på ein bensinstasjon. Da kom det inn eit
menneske og spurde etter ein sju hundre og ti. Vi såg alle saman undrande på
kvarandre, og ein spurde til slutt: "Kva er ein sju hundre og ti?"
Da
svarte denne personen: "Du veit, det er den midt på motoren. Eg må ha
mista han og treng ein ny." "Kva slags funksjon har han?"
spurde nokon. Svaret var at det var uvisst, berre at han alltid hadde vore
der.
Ekspeditøren
ga spørjaren eit papir og ein blyant og ba om ei teikning av denne tingen. På
arket kom det fyrst ein sirkel som var ca. 6 cm i diameter og i midten av
sirkelen skreiv kunden 7I0.
Jaha.
7I0? Sjå det opp ned, og da blir det klart kva det er
(Vandrehistorie
frå eit e-brev, endra for å hindre kjønnsdiskriminering)
Lagt
ut på nettet 19. september 2002
|