Digital eksamen

‘Utgangspunktet er eCampus – eit nasjonalt program som skal setje institusjonane i norsk UH-sektor betre stand til å løyse sitt samfunnsoppdrag med å byggje infrastruktur med felles overordna arkitektur og som legg til rette for fleire ulike organisasjonsformer, læringsformer og samarbeidsløysingar. UNINETT har i prosjektfasen (2012 - 2016) eit overordna ansvar for den tekniske utbygginga. Institusjonane har det faglege og pedagogiske ansvaret.’

Visjon for eCampus:
"Studenter og ansatte i norsk UH-sektor skal tilbys adgang til et sett av IKT-tjenester og infrastruktur som muliggjør moderne utdanning, forskning  og formidling på et høyt internasjonalt nivå".

Om vidareføring av digital eksamen ved Høgskulen i Volda.
Digital eksamen har vore sak (38/15) i strategisk studienemnd 25.11.15 med vedtak at SSN gir tilslutnad til å starte eit prosjekt som har som mål å digitalisere eksamensgjennomføringa ved Høgskulen i Volda.

Høgskulestyret har med bakgrunn i årsrapport for studiekvalitet ved Høgskulen i Volda 14/15 vedteke at dei prioriterer ei vidareføring og utviding av ordninga med bruk av PC på skriftleg skuleeksamen som forbetringstiltak for 2016, jf. Styremøte 2/2016, Sak 6/16, 28.01.2016 Arkivsak: 15/00052

Styringsgruppa v/ studiedirektør Gonnie Smit, It-sjef Stig Flåskjer og driftssjef Leif-Roar Strand har med mandat frå direktøren har oppnemt ei prosjektgruppe.
Deltakarar i prosjektgruppa er: frå Studieadministrasjonen: prosjektleiar Hilde Kristin Elvestad og Merete Rotevatn. Frå It-kontoret: Stian Nedrelid og Pål Hjelmeseth Myklebust, og frå Drift: Ivar John Solvang.

Om prosjektet
Prosjekt Digital eksamen

Ressursar
Introduksjon til Inspera Assessment
Kom i gang med Digital Eksamen
For fagtilsette – Slik gjer du
Oppgåvetypar
Webinarkalendar – Meld deg på!
Webinar arkiv
Digital eksamen – en juridisk vurdering
Teknologi 
Digitalt læringsmiljø – felles innkjøpsavtalar

For sensor
For sensurering skal du logge på her: https://hivolda.inspera.no/admin
Problem med å logge på?

Brukarrettleiingar

For studentar: Digital eksamen med eigen bærbar datamaskin
Sjekkliste for studentar