Hopp til innhald Hopp til meny Hopp til søkjefelt

 

Studiestaden Volda

Med 3000 studentar og 300 tilsette er Høgskulen i Volda (HVO) den største utdanningsinstitusjonen mellom Bergen og Trondheim. Kreative og aktive  fagfolk og studentar gjer at den tradisjonsrike høgskulen står fram som eit fagleg og kulturelt kraftsentrum i regionen.

Volda

Volda sett frå Rotsethornet

Volda ligg i Møre og Romsdal ved inngangen til Sunnmørsalpane. Kommunen har omlag 8000 innbyggjarar og 2000 studentar. Den intime atmosfæren, den gode kontakten mellom lærar og student, dei små avstandane og den tette og fruktbare koplinga mellom høgskulen og kulturbygda Volda, gjer at mange får assosiasjoner til klassiske europeiske universitetsbyar.

Volda har vakker natur med fjordar, øyer og høge fjell. Her kan du utfolde deg med sjø- og båtliv, elver og fiske, fjellvandring, skisport, eller andre former for idrett og friluftsliv. Her er også alpinanlegg med lysløype.

[Les meir om Volda]

Studentveka og festivalar


Volda med det gode studentmiljøet

Studiestaden Volda er kjend for sitt gode studentmiljø med VEKA, Dokfilm, Animaton Volda og X2 som dei store høgdepunkta. Det er studentane sjølve som skaper denne særmerkte festivalsetmninga år etter år, ei stemning som trekk gamle studentar tilbake til Volda.

[Les meir om Studentveka og festivalar]

Studenthuset Rokken


Rokken

Studenthuset Rokken er eit samlepunkt både for voldastudentar og publikum elles i regionen. Med ei nasjonalt anerkjend og populær konsertscene har Rokken etablert seg som ein fantastisk utestad der mange kjende artistar veit å lage god stemning.

[Les meir om Studenthuset Rokken]

Høgskulen og campus


Høgskulen i Volda er ein internasjonalt orientert høgskule som tilbyr nokre av dei mest populære medieutdanningane i landet. Høgskulen har også mange andre solide og etterspurde yrkesutdanningar innanfor lærar- og førskulelærarutdanning, sosialfag og administrasjon og planlegging. Du finn også eit godt og breitt tilbod innanfor fagområde som språk og historie, musikk, idrett og friluftsliv, kunst og handverk og drama. Høgskulen i Volda kan no tilby heile fem mastergrader.

[Les meir om høgskulen og campus]

Bustad og velferd


I Volda har studentane råd til å vere heiltidstudentar. Nasjonale undersøkingar gjennomført kvart år viser at studentane i Volda har blant dei lågaste buutgiftene i landet. Det er noko å tenkje på når studielånet skal betalast! Det er lett å få ein stor og god bustad til ein rimeleg pris og velferdsordningane for studentane er godt utbygde. [Les meir om bustad og velferd]

Videogalleri

Filmstripe


[Gå til videogalleriet]


Høgskulen i Volda, Postboks 500, 6101 Volda | Telefon: 70 07 50 00 | Telefaks: 70 07 50 51 | Kontakt oss
Oppdatert av Eirik Torheim Gilje 06. april 2010 kl. 09.06 Publisert med NetEd : Publish