Velkomen til Animasjonsutdanninga

| Besøk den nye nettsida til AnimationVolda-festivalen (på Engelsk) Les bloggen til Stefan Marjoram som var 3D-lærer hjå Animasjonsutdanninga. |
Utdanninga i animasjon ved Høgskulen i Volda er ei av to utdanningar i landet på bachelornivå. I dag finn vi Volda-animatørar i mange delar av norsk mediebransje. Fagfolk med bakgrunn frå Volda har bidratt til mange av dei store, norske animasjonssuksessane dei siste åra.
Det blir undervist i fleire animasjonsteknikkar i utdanninga, og studentane har tilgang til godt opptaks- og redigeringsutstyr. Studiet er retta mot kreative personar med interesse for visuelle medium. Søkjarar bør ha kunnskap tilsvarande vidaregåande kurs 2 i teikning, form og farge. Tidlegare erfaring frå animasjon eller andre visuelle uttrykksformer eller medium er også ein fordel. Miljøet ved animasjonsutdanninga er kreativt og internasjonalt, og i løpet av studiet vil ein få møte kjende fagfolk frå animasjonsverda.
Har du spørsmål angående utdanninga, kontakt utdanningsansvarlig Andres Mänd (tlf. 7007 5072) eller Torbjørn Lien (tlf. 7007 5028).
| Les meir om bachelorprogrammet i Studiehandboka |
Emnetabell BA i animasjon |
| Interessert i å søke til opptaket i 2010? Poenggrenser for opptak finst på Samordna opptak sine sider. Vend deg til Studentkontoret når du vil ha søkadsskjema. |
Oppdatert av Erling Sivertsen 05. mars 2010 kl. 16.00 Publisert med NetEd : Publish


