Bok nr. 1 Det norske Folkesprogs Grammatik
(Ivar Aasen) Ved Terje Aarset
Pris : 150,-
Utgjevingsår : 1996
Det norske Folkesprogs Grammatik (1848) er det fyrste vitskaplege arbeidet Ivar Aasen la fram etter innsamlingsferda i åra 1842-46. Grammatikken er óg det fyrste vitskapelege verket om nyare norsk mål.
På ferdene kringom i landet førebudde Aasen arbeidet med grammatikken, men manuskriptet vart utarbeidd i Trondheim i 1847 og fullført etter at han kom til Kristiania hausten same året.
P.A.Munch kalla i meldinga si i 1848 verket "en Prydelse for vor Literatur" (endå om han også hadde kritiske merknader), og Olav Midttun kalla hundre år seinare grammatikken "eit sjeldsynt vitskapsverk". Han meinte at inga einskild bok hadde hatt større verknad i åndslivet vårt og skapt meir verdfullt kulturelt nyreisingsarbeid, for boka førde det norske folkemålet atter fram i dagen og "gav det norske folket [...] større vyrdnad for skapingsevna og åndsgivnaden i folket".
Grammatikken kom ut i eit opplag på 500 og vart utseld alt i 1852. No vert boka utgjeven på nytt ved Høgskulen i Volda, som skrift nr.1 i serien Skrifter frå Ivar Aasen-instituttet.
Den nye utgåva av grammatikken har latinske bokstavar i staden for fraktur, og ved den typografiske tilrettelegginga er det lagt vekt på å gjere boka lettare tilgjengeleg for ålmenta.
Terje Aarset (f.1945), fyrsteamanuensis i norsk språk ved Høgskulen i Volda, har stått føre arbeidet med den nye utgåva.
Oppdatert av Roger Ole Rangsæter 08. mars 2007 kl. 15.18 | Publisert med NetEd : Publish



