«Kunnskap for framtida»

Oddmund Løkensgard Hoel disputerer 20. november ved NTNU

Publisert: 16.11.2009 09:10 av Bente Gunn Lien

Hoel har vore stipendiat ved Ivar Aasen-instituttet, Høgskulen i Volda. Avhandlinga hans," Målreising og modernisering i Noreg 1885-1940", er ein del av forskingsprosjektet Det opne språket (2003-2007), der historia om den nynorske skriftkulturen har vore det overordna temaet.

HF-fakultetet ved NTNU har oppnemnt følgjande  vurderingskomité:
1. opponent: Professor Torbjörn Nilsson, Samtidshistoriska institutet, Södertörns högskola, Sverige.
2. opponent: Professor May-Brith Ohman Nielsen, Institutt for religion, filosofi og historie, Universitetet i Agder.
Professor Ingar Kaldal, Institutt for historie og klassiske fag, NTNU,  har administrert komiteen sitt arbeid.

Oddmund Løkensgard Hoel har utført arbeidet sitt ved Institutt for historie og klassiske fag, NTNU og Høgskulen i Volda. Professor Ola Svein Stugu, Institutt for historie og klassiske fag, NTNU, har vore hovudrettleiar. Professor Brynjulv Gjerdåker, Historisk institutt, Høgskulen i Volda, har vore medrettleiar.

Prøveforelesing over oppgjeve emne 20. november 2009, kl. 10.15:
Mål og maskulinitet. Kjønnsperspektiv på målsaka som ideologisk, kulturelt, språkleg og organisatorisk fenomen 1885–1940.

Doktordisputas fredag 20. november 2009, kl. 12.00.

Begge finn stad i Auditorium D3, Bygg 2, Nivå 3, Universitetssenteret på Dragvoll, Trondheim.

Avhandling tek føre seg korleis den nynorske målrørsla møtte og tok del i den omfattande moderniseringa av det norske samfunnet mellom 1885 og 1940. Dette var den store framgangsperioden for målreisinga, som kulminerte i 1940-åra då over halvparten av folkeskulekrinsane i landet hadde innført nynorsk.
Les resten av samandraget her(external link)

Oddmund Løkensgard Hoel(external link) er tilsett ved Høgskulen i Sogn og Fjordane. Informasjon om doktoravhandlinga finn du også på Krundalsbloggen(external link) og NTNU(external link).

25. april 2008 disputerte Jens Johan Hyvik, som også var stipendiat innanfor prosjektet Det opne språket ved Ivar Aasen-instituttet.  
Les meir på HVO-veven