«Kunnskap for framtida»

Vellykka disputas

Publisert: 07.05.2008 09:10 av Marthe Alnes

25. april disputerte Jens Johan Hyvik ved Historisk institutt. Disputasen fann stad på Universitetet i Oslo, og det var i underkant av 30 personar som følgde disputasen. Avhandlinga er skriven innanfor prosjektet ”Det opne språket” ved Ivar Aasen-instituttet, og har tema“…hvorfor har Norge ikke et eget nationalt sprog? - Språk og nasjonale førestillingar i Noreg 1739-1850".

Det var ein spent Jens Johan Hyvik som entra talarstolen denne fredagen.   
- Eg var spent før prøveforelesinga og disputasen, men det gikk veldig greitt, seier ein glad Jens Johan Hyvik.
Tema for prøveforelesinga var: "Gje ein kort gjennomgang av romantikkens førestellingar om tilhøvet mellom språk og nasjon, og vurder i kva mon den danske og norske språkdebatten i perioden fram til ca 1840 reflekterer desse førestellingane".

Disputasen vart leia av professor Finn Erhard Johannessen, Universitetet i Oslo, og opponentar var lektor Michael Brengsbo, Syddansk Universitet (førsteopponent) og professor Ola Svein Stugu, NTNU (andreopponent). Tredje medlem av komiteen var førsteamanuensis Odd Arvid Storsveen, Universitetet i Oslo.
- Opponentane var veldig gode, og vi hadde interessante samtalar. Trass i at eg var nervøs, var det flott å få anledning til å snakke grundig om noko eg har arbeida så mykje med. Eigentleg må eg seie at eg synes det var ganske gøy!, fortel Jens Johan Hyvik.


Ein glad Jens Johan Hyvik saman med opponentane, f.v. : Finn Erhard Johannessen, Michael Brengsbo, Ola Svein Stugu, Jens Johan Hyvik og Odd Arvid Storsveen. (Foto: Lubna Makhoul)

Førestillingar om eit norsk språk
Historia om det norske språket har lenge vore prega av det språklege fellesskapet med Danmark i unionstida. Først med arbeida til Ivar Aasen og Knud Knudsen kring 1850 har det vore vanleg å rekne med at medvite om eit eige norsk språk var aukande. Hyvik si avhandling ser på førestellingar om eit norsk språk i hundreåret før 1850. Han meiner ein finn førestellingar om eit norsk folkespråk i talemålet og dialektane i Noreg gjennom heile perioden, og at arbeida til Aasen og Knudsen må sjåast i lys av dette.

Jens Johan Hyvik starta som stipendiat i november 2003 og leverte avhandlinga i august 2007. Han har vore tilknytt prosjektet ”Det opne språket” ved Ivar Aasen-instituttet og Stephen Walton har vore prosjektleiar. Doktorgradstilknytinga har vore ved Historisk institutt ved Universitetet i Oslo, og professor Øystein Sørensen har vore rettleiar


Stephen Walton (t.h.) gratulerer Jens Johan Hyvik med godt utført arbeid. (Foto: Lubna Makhoul)

Mykje arbeid – god erfaring
Avhandlinga tok utgangspunkt i at det i perioden skjer ein overgang frå ei før-nasjonalistisk til ei nasjonalistisk oppfatning av folkespråket. Medan den før-nasjonalistiske oppfatninga var prega av generell interesse for og bruk av språket, vitskapeleg utforsking og ei pragmatisk haldning til språket, var den nasjonalistiske oppfatninga prega av ideologisering, språkstandardisering som ledd i nasjonsbygginga og folkespråkets krav på lojalitet til folkespråket. På grunnlag av norske og danske kjelder meiner Hyvik at ein kan spore ein slik overgang i forståingshorisont.

Statsomveltinga i 1814 fekk store følgjer for synet på språket i Noreg. Medan intellektuelle før 1814 måtte ta omsyn til den dansknorske statens perspektiv og rammer også med omsyn til språket, medførte hendingane dette året at ein no stod mykje friare. Før 1814 hadde førestellingane om eit norsk folkespråk i hovudsak vore prega av eit heilstatsperspektiv, som til dømes at element frå det norske folkespråket kunne bli tatt opp i det felles skriftspråket. Etter 1814 fekk norske, nasjonale førestellingar med omsyn til folkespråket større spelerom, og ein tankegang om separasjon mellom norsk og dansk skriftspråk vann gradvis fram.

- Det har vore ei utruleg god erfaring å arbeide med doktoravhandlinga. Det har vore mykje arbeid, men veldig interessant og lærerikt. No ser eg fram til eit litt meir normalt liv. Utanom ferier trur eg at eg kan telje dei helgene eg har hatt heilt fri dei siste par åra på to hender, og eg har ikkje tall på alle kveldane eg har brukt på kontoret. Men det var verdt det!, seier ein fornøgd Jens Johan Hyvik.

Her finn du ein artikkelen "Langsamt blei språket vårt eige" frå forskning.no, som handlar om doktoravhandlinga til Jens Johan Hyvik.