«Kompetanse for framtida»

Samarbeider med Google om ny medieteknologi

Publisert: 15.02.2016 14:40 av Per Straume

Mediemiljøet ved Høgskulen i Volda har fått med seg Google på laget i undervisninga av korleis ein kan utvikle nettdokumentarar. Til det nyttar dei seg av teknologi som er svært lite utbredt i Medie-Noreg i dag.

Google_1_620.jpg
Tormod Utne (med ryggen til) under videoforelsing med Nicholas Whitaker frå Google. Foto: Gaute Hareide

Det internasjonale studieemnet Web Documentary er inne i sitt første semester ved Høgskulen i Volda (HVO). Bak det framtidsretta studiet står Ana Luisa Sanchez Laws og Tormod Utne. Utne fortel at studentane er frå bachelorprogramma i Journalistikk og Media, IKT og design.

– Vi miksar saman journalistikk, programmering og design for å få til best moglege nettdokumentarar. Meir avansert innhaldsproduksjon møter ny teknologi, seier Utne.

Google som rådgjevarar

Han var sjølv i Silicon Valley i California – teknologiens mekka – i sommar for å besøke Googles hovudkontor. Gjennom besøk hos fire avdelingar fekk Utne knytt mange gode kontaktar. Dei dreg studentane nytte av no.

– Vi er så heldige som har fått Google med oss til å sparre på teknologi. Det er klokt av utdanninga å relatere seg til slike miljø og vere frampå i bruk av teknologi. Det gir studentane våre ein fordel.

Studentane har allereie hatt ei forelesing med ressursar frå teknologigiganten. Nicholas Whitaker, som arbeider i Google News Lab, hadde ei videoforelesing frå USA om 360 graders video. Det er videoar der kameraet filmar alle 360 gradene rundt seg sjølv, og der brukaren i etterkant sjølv kan velje kor i bildet han vil sjå. Ein teknologi som er lite brukt av norske mediehus enno.

– Planen er å teste ut 360 graders video fram mot eksamen i vår. Undervegs skal vi spele ball med Google om teknologi, val av kamera og korleis vi skal sy det saman. Dei er rådgjevarane våre, fortel Utne.

– Har du høyrt om andre utdanningar i Noreg som samarbeider med Google på denne måten?

– Eg tviler på at det er mange andre som gjer det, eg har ikkje høyrt om nokon. Det er kjekt at dei set av tid til oss og at dei synest det vi driv på med er interessant. Vi ser for oss å samarbeide med dei neste studieår også.

Ein virtuell verden

Tanken bak 360 graders video er ifølgje Utne å ta med folk dit dei elles ikkje kjem seg. Sjølv har dei set saman seks GoPro-kamera i ein kube som skal filme 360 gradar til saman. I ettertid har dei eit program som syr alle videoane saman. Når videoane vert publisert kan ein nytte ei såkalla VR-brille, der VR står for virtual reality – eller virtuell verden på norsk.

– Då føler ein at ein er til stades på den plassen det er filma. Eg veit at det til dømes er sett opp eit slikt kamera i den krigsherja byen Aleppo i Syria, der det er utbomba. Det er ein stad folk no ikkje har tilgang til, men som dei kan oppleve når det blir filma med eit slikt kamera, seier Utne.

Han nemner også eit stort ras eller ein bybrann som døme der dei kunne ha nytta seg av Googles teknologi.

– Dei kan gi oss ferske satelittbileter. Alt handlar om korleis ein kan nytte seg av teknologien i formidlinga av journalistikken.

Google_2_620.jpg
Tormod Utne demonstrerer 360 graders video for studentane. Foto: Gaute Hareide

Tidleg ute

Studentane er i gang med å arbeide med konkrete prosjekter, som skal avsluttast i løpet av semesteret. Dei vil vere både, tekst-, foto-, lyd- og tv-basert. Studentane skal lære seg å lage forteljarteknikkar ut av ulike komponentar.

– Eg trur vi vil sjå fleire norske mediehus i 2016 som tek i bruk denne teknologien. Vi er relativt tidleg ute her. Det er like viktig å sjå på kva som skjer i Silicon Valley som i norske mediehus, for dei kjem etter. Vonleg kan vi sende ut kandidatar i arbeidsmarknaden som har erfaring med bruk av denne teknologien.

I tillegg til Google nyttar Web Documentary seg av norske medieaktørar. Utviklingsdesken i Sunnmørsposten er inne og foreleser i emnet. Det same har NRKs P3 Dokumentar vore, og dei har tilbode seg å vere sparringspartnar for studentane.

– Det er svært spennande. No arbeider vi med å utvikle dette til eit nettbasert studietilbod til hausten 2016.