«Kunnskap for framtida»

Fantastiske tal for ny satsing

Publisert: 18.06.2015 13:00 av Per Straume

På tre dagar har nettkurset i slektsgransking passert 200 påmelde. Kursleiar Arnfinn Kjelland er varsam i sine spådomar, men trur dei kan ende opp med 500 deltakarar.

Mooc2_620.jpg

Kurset i slektsgransking er det første som vert lagt opp gjennom MOOC (Massive Open Online Course) i regi av Høgskulen i Volda. Det vil seie at kurset er ope og tilgjengeleg for alle som ønskjer å følgje det på nett.

– Ein kan berre melde seg på utan å søkje om opptak, og ein treng ikkje å ha studiekompetanse, fortel førsteamanuensis i historie ved HVO, Arnfinn Kjelland.

Les meir om kurset og meld deg på her.

OVERRASKANDE HØGT

Kurset startar opp til hausten, og torsdag var det over 200 påmelde, etter at kurset har vore tilgjengeleg i tre dagar.

– Eg er ikkje overraska over at det er interesse for kurset, for eg veit at det er ein del som er opptekne av slektsgransking. Men at det skulle vere så mange etter så kort tid, overraskar meg, seier Kjelland, før han våger seg ut på og anslår kor mange det vil vere som er påmelde når kurset startar opp i september.

– Eg vil tru at det vert opp mot 500. Men som historikar er det jo litt farleg for meg å tippe på noko slikt, humrar han.

VIL KJENNE RØTENE

I tillegg til at kurset er ope for alle, vert det også mogleg å ta det som eit emne gjennom HVO, som tel 7,5 studiepoeng. Då må ein ha studiekompetanse og betale semesteravgift, men får til gjengjeld meir igjen for tida som vert lagd ned. Som student får ein rettleiing av ein faglærar før ein leverer to av oppgåvene ein har arbeidd med som eksamensmappe, og får karakter ved semesterslutt.

Kjelland har fleire teoriar om kvifor slektsgransking er så populært, ei utvikling han meiner å ha sett spesielt i dei siste ti åra.

– Folk er interesserte i røtene sine og kvar dei kjem ifrå. Digitale arkiv med folketeljingar vart opna for allmenta i 1998, og det hadde mykje å seie. Det har vorte vidareutvikla, og det er enklare for folk når dei kan sitje heime og drive på. I tillegg har TV-serien «Hvem tror du at du er?» bidrege til å gjere folk meir nysgjerrige. Så skal vi ikkje gløyme at det vert brukt mellom 35 og 45 millionar kroner årleg i Noreg på bygdebøker, seier Kjelland, som sjølv har skrive fleire bygdebøker.

Les meir om alle nettstudia ved HVO.

KVISS OG VIDEO SOM UNDERVISNING

Prosjektet har kome i stand som eit samarbeid mellom HVO, foreiningane DIS-Norge, Slekt og Data og Norsk Slektshistorisk Forening. Kurset er lagt opp med fem faglege tyngdepunkt, der ein får innføring i mellom anna dei mest sentrale primær- og sekundærkjeldene ein nyttar i slektsgransking.

Mooc_620.jpg
Rune Nedrud frå Norsk Slektshistorisk Forening (f.v.), Knut Bryn frå DIS-Norge, Arnfinn Kjelland og Roy Inge Nupen, overingeniør i IT ved Høgskulen i Volda.

Under kvart tyngdepunkt vil Kjelland lage tre-fire korte forelesingsvideoar. I tillegg vert det arbeidsoppgåver og kvissar knytte til tyngdepunkta som kursdeltakaren skal gjennom.

– Så er det også eit diskusjonsforum der deltakarane kan diskutere kvarandre sine oppgåver og løysingar. Vi vil utfordre dei til å hjelpe kvarandre undervegs, seier Kjelland.

Å undervise i eit emne om slektsgransking på nett er ikkje nytt for historikaren. Han har halde på med det sidan 2008 og fram til våren 2014. Det siste året har det ikkje vore eit tilbod ved HVO.

Kjelland var ein av dei første med nettbasert undervisning ved høgskulen, då han starta opp eit historieemne som nettstudium i 1999. No er han igjen først ute – denne gongen med MOOC-løysinga.

– Vi har brukt det siste året til å tenkje ut kva vi skulle gjere vidare med emnet i slektsgransking, og enda opp med MOOC. Vi kan ikkje sitje i ro og sjå kva som skjer, vi må heile tida utvikle oss.

STOR OG GOD PÅ NETT

Det er som god musikk i øyra til Hilde Gry Leer-Salvesen, som er rådgjevar for e-læring ved HVO.

– MOOC er ein måte å tilby studium på som har fått blest fordi anerkjende amerikanske universitet tilbyr kurs gratis og ope for alle. Høgskulen i Volda har i fleire år vore mellom dei norske høgskulane med flest studentar i nettbaserte studieløp. Studentane er jamt over tilfredse med fleksible studieløp, noko som også viser att i god søking til nettstudium, seier Leer-Salvesen.

Ho ser fram til å sjå resultatet av den nye satsinga.

– Målet vårt er å tilby fleksible studium av høg kvalitet, og vi har valt å utvikle oss innanfor MOOC, også for å vinne erfaring med denne måten å formidle faga frå HVO på.

Her kan du melde deg på kurset.

pressefoto

Arnfinn Kjelland
Rune Nedrud, Knut Bryn, Arnfinn Kjelland og Roy Inge Nupen