«Kunnskap for framtida»
Volda University College

Nettstudium Deltidsstudium Masteremne

 

 

studium MED STUDIESTART våren 2015

Sjå liste over studium du kan ta våren 2015. Søknadsfrist: løpande opptak. 

Vidare med HVO

Høgskulen i Volda arbeider hardt for å legge til rette for livslang læring med høg fagleg kvalitet og stor fleksibilitet i organisering og gjennomføring. Dei fleksible studieformene gjer det mogleg for deg å kombinere arbeid og studium. Studieformene kan variere mellom å vere reine nettstudium, samlingsbaserte studium eller ein kombinasjon. 

Til topps med HVO

Ny ph.d-utdanning

Høgskulen i Volda vil i samarbeid med Høgskolen i Molde tilby ph.d. i helse- og sosialfag frå hausten 2015. Ph.d.-utdanninga vil handle om arbeidsvilkåra for dei som arbeider i helse- og sosialtenesta: Om relasjon og kommunikasjon mellom yrkesutøvar og klient, profesjonelt skjønn, verdiar og etikk og korleis administrative og politiske system påverkar yrkesutøvinga. Utdanninga vil legge vekt på vitskaplege teoriar og metodar som kan nyttast til å studere slike tema.

Til nettside. Informasjonsark (pdf)

 

NYHEITER OM deltids- og nettstudium

IMG_2554_220.jpg

Samarbeid om kompetanseheving

Høgskulen i Volda samarbeider med kommunene i distriktet og henter inn forelesere med yrkeserfaring til vårens studium i Kommunal økonomi.

2014-12-phd-utval-volda-molde_220.jpg

Skal utdanne doktorar

Doktorgradsstudiet i helse- og sosial har teke nok eit steg framover: Doktorgradsutvalet for ph.d.-utdanninga i Helse og sosial ved Høgskolen i Molde og Høgskulen i Volda er no i arbeid.

RAA_220.jpg

Utviklingsarbeid: Ungdomstrinn i utvikling

– «Ungdomstrinn i utvikling» er det største utviklingsprogrammet i norsk skole siden Reform 2006. Høgskulen i Volda vil samarbeide tett med alle 36 kommunene i Møre og Romsdal med sine 70 ungdomsskoler og flere tusen elever, sier prosjektleder Roy Asle Andreassen.

STUDIESITUASJON_Larar_LINE_SJOHELLE__rgb_09_220.jpg

Studer til lærar på deltid

Høgskulen i Volda tilbyr frå hausten samlings- og nettbasert Grunnskulelærarutdanning 1.-7. trinn på deltid. Dette vil i praksis seie at du kan bu kvar som helst medan du tek utdanninga.

kristine_220.jpg

Nettstudier gir frihet

─ Med nettstudier kan jeg studere faget jeg ønsker, selv om det ikke finnes på et undervisningssted i nærheten av der jeg bor. Nettstudier gir meg også større frihet til å planlegge arbeidsdagen slik det passer meg.

Larar_rgb_Line_Sjohelle_2012_1_(18)_220.jpg

Nettbasert matematikk

Frå hausten av har du mogelegheit til å studere matematikk på nett ved Høgskulen i Volda med undervisning fire timar i veka via Adobe Connect.

mette_220.jpg

Tar mastergrad for å få unik fagkombinasjon

Mette Bjerkaas bur i Oslo, er journalistutdanna og har arbeidserfaring både som journalist og lærar. I tillegg til jobben er ho student på Master i Kulturmøte. - Jeg hadde lyst til å ta mastergrad i kulturmøte fordi det gir en unik kombinasjon med journalistikkbakgrunnen.

Sunnmorsposten31032014ew.jpg

Høgskulen i Volda satsar på nett

Nærare ein tredel av studentane ved Høgskulen i Volda er fjernstudentar. -Samfunnet vårt er i stadig endring, og høgskulen har møtt behova for å tilpasse studieformene etter korleis kvardagen til studentane våre er, seier Oddbjørn Nes, leiar for Kontor for etter- og vidareutdanning.

ABLU_Foto_regionavisa_220.jpg

Student og mamma

Nokre tek til på utdanning etter dei har stifta familie, og Elisabeth Haddal Myrene (44), busett på Haddal i Ulstein kommune, er ei av dei.

bk_220_b.jpg

HVO toppar statistikkar

Studentane ved Høgskulen i Volda gjennomfører studia sine på normert tid i større grad enn studentane ved andre utdanningsinstitusjonar. – Høgskulen i Volda vil heller vere ein god høgskule enn eit dårleg universitet, skriv dekanane Ketil Jarl Halse og Aud Folkestad i ein kronikk i Sunnmørsposten.

rettsal_220.jpg

Tok nettstudier for å forstå juristene

Ole Gard Knudsrød jobber til daglig i HELFO og har tatt Offentleg rett som nettstudier for å forstå hva juristene på jobb snakket om.

INFO_FOTO_TILSETTE_Per_Halse_rgb_CARL_NESSET_2012_12_220.jpg

Livslang læring

Når ein er i jobb, kan fleksible tilbod vere eit vilkår for i det heile å få tatt utdanning. Rektor Per Halse fortel at nett- og deltidsstudia ved høgskulen aukar fordi livslang læring blir viktigare og viktigare samstundes som ikkje alle har høve til å flytte til Volda.

INFO_FOTO_STUDIESITUASJON_Illustrasjonar_rgb_EIRIK_BECH_2012_1_220.jpg

Kan jobbe ved sidan av studia

Hilde Folden Istad studerer i år Norsk 2 lese- og skriveopplæring. Ho har gjerne utsett siste redigering og gjennomlesing av innleveringar til siste frist, og dette gav ho ei ekstra utfordring i vinter.

20140124_142644_220.jpg

Nytt tilbod om vidareutdanning ved Institutt for sosialfag

32 studentar frå kommunegrupper i Sør-Trøndelag tar studieåret 2013/2014 vidareutdanning på bachelornivå i helse- og omsorgsrett.

Leer-Salvesen_knapp.jpg

Med fokus på e-læring

I dag er første arbeidsdag for Hilde Gry Leer-Salvesen. Ho skal ha spesiell fokus på utdanningar som nytter elektroniske hjelpemiddel i fjernundervisning og nettstudium ved Høgskulen i Volda.

strand_220.jpg

Livsløp, helse og velferd

– Emnet er eit godt utgangspunkt for ei eventuell masteroppgåve i anten samfunnsplanlegging eller helse- og sosialfag – meistring og myndiggjering, seier fagansvarleg høgskulelektor Gerd Skjong. Søknadsfristen er 26. januar.

Tiananmen_farge_220.jpg

Fotodokumentar; nytt halvtårsstudium

Høgskulen i Volda vil i vårsemesteret 2014 tilby eit nytt studium i praktisk dokumentarfoto. Undervisninga vil skje på engelsk, og tek for seg stillbildet si rolle som historieforteljar i publikasjonar på papir og nett.