«Kompetanse for framtida»

STUDIESITUASJON_Larar_LINE_SJOHELLE__rgb_06_620.jpg

vidareutdanning for lærarar

Høgskulen har eit stort mangfald av vidareutdanningar for lærarar. 
Her finn du ei oversikt over alle tilboda. 

KOMPETANSE FOR KVALITET

Kompetanse for kvalitet er ei satsing på videreutdanning for lærarar og skuleleiarar. Målet med satsinga er å styrkje lærarar og rektorar sin kompetanse, som vidare skal gi elevane auka læringsutbytte og motivasjon i skulen. Studietilboda er knytt til læraren sitt daglege arbeid i skulen, der yrkespraksis blir nytta både som refleksjon og utprøvingsarena.  Lærarar som ønskjer å delta kan søkje om å få ta videreutdanning dersom dei har lite eller inga fordjuping i faget frå tidlegare. Som einaste høgskulen i landet, tilbyr Høgskulen i Volda Nynorsk i opplæringa, 8. - 13. årssteg.

KOMPETANSE FOR FRAMTIDAS BARNEHAGE

Frå hausten 2016 tilbyr Høgskulen i Volda vidareutdanninga Naturfag og matematikk i barnehagen, som er eit tilbod i regjeringa si satsing på kompetanseheving innanfor realfaga i barnehagen. Utdanninga rettar seg mot pedagogar i barnehagen som ynskjer å vidareutvikle sitt faglege og didaktiske grunnlag,  for vidare å kunne legge
til rette for gode naturfaglege og matematiske aktivitetar for og med barn.

Du må søke gjennom Utdanningsdirektoratet og tilbodet er ope for søking frå 15. mars 2016.