«Kompetanse for framtida»

STUDIESITUASJON_sosialfag_LINE_SJOHELLE__rgb_01_620.jpg

Vidareutdanning for helse- og sosialfag

Høgskulen tilbyr vidareutdanning for helse- og sosialfag på bachelor- og masternivå.

Her finn du alle tilboda. 

Oppstart av Helsefag for sosialfagarbeidarar

Våren 2017 er det planlagt oppstart av ei ny vidareutdanning med grunnleggjande emne innan helsefag for sosialfagarbeidarar. Studiet vil vere på 30 studiepoeng, med 20 studiepoeng i medisinfaglege emne og 10 studiepoeng i helse og omsorg. Studiet er planlagt over to semester med tre samlingar. Meir informasjon kjem.