«Kompetanse for framtida»

Studentliv


Studentane og miljøet kring høgskulen set sitt preg på Volda, og som student vil du ikkje mangle på aktivitetar å fylle fritida di med. Volda er kjent for eit godt studentmiljø, med eit mangfald av lag og organisasjonar. Engasjerte studentar gir studiebygda årlege høgdepunkt som Fadderveka, VEKA, Animation Volda, Den Norske Dokumentarfilmfestivalen og ekstremsportfestivalen X2