«Kompetanse for framtida»

Reise til Volda

Det er enkelt å komme seg til og frå Volda. Reiser du med fly frå Gardermoen i Oslo, er du på Ørsta-Volda lufthamn etter ein time. Om du vil reise med buss er det daglege avgangar både til Oslo, Bergen og Trondheim. Til Ålesund går det buss omlag ein gong i timen.

Fly

Ørsta-Volda lufthamn, som ligg om lag ei halv mil frå Volda, har fleire avgangar per dag til Oslo (Gardermoen) og Bergen (Flesland). Billettar kan du bestille hjå Widerøe.

Buss

Frå Oslo: Møre-Ekspressen (NOR-WAY)
Frå Bergen: Vestlandsbussen (NOR-WAY)
Frå Trondheim: Ekspressbuss til Ålesund, så Timekspressen til Volda.
Frå Kristiansund, Molde, Ålesund: Nettbuss

Bil

Frå Oslo: 8 timar (498 km.)
Frå Bergen: 6 timar (321 km.)
Frå Trondheim: 7 timar (350 km.)

Finn reiserute på Statens vegvesen si interaktive teneste Visveg.

Parkering

Det er gratis parkering ved Høgskulen i Volda, men vi oppfordrar studentar og tilsette om å nytte kollektiv transport.