«Kompetanse for framtida»

Studenthuset Rokken

INFO_620.jpg

Studenthuset Rokken er ein populær stad både for studentane og publikum elles i regionen. Med ei nasjonalt anerkjend og populær konsertscene har Rokken etablert seg som ein fantastisk utestad der mange kjende artistar veit å lage god stemning.

Sidan starten i april 2005 har mellom anna Public Enemy, Madrugada, Big Bang, Briskeby, Surferosa, Serena Maneesh, Side Brok, De Lillos, Datarock, Farmer’s Market, Beady Belle, CC Cowboys, Kaizers Orchestra, Ralph Myerz og mange fleire vitja Rokken.

Frivillige som drivkraft

På Rokken møter du studentar både framfor og bak disken. Drifta av studenthuset skjer i nært samarbeid med Studentsamfunnet i Volda og andre studentorganisasjonar. Alle som er interesserte i kulturarbeid, er velkomne til å delta i arbeidet med å halde huset aktivt, og det er eit ypparleg høve for nye studentar til å kome fort inn i eit triveleg og aktivt miljø.

Dette skjer på Rokken

Tumleplass for studentorganisasjonar

I tillegg til storsalen huser bygget Rokken Café og er kontorlokale for fleire av studentorganisasjonane i Volda. Rokken Café har god mat, og er etablert seg som ein naturleg samlingsstad under festivalar og på fritida.

Nettstad: www.rokken.no
Facebook: Studenthuset Rokken