«Kunnskap for framtida»

Festivalar



Arrangement som VEKA, Den Norske Dokumentarfilmfestivalen, animasjonsfestivalen AnimatonVolda og vintersportfestivalen X2 er blant dei store kulturelle høgdepunkta. Det er studentane sjølve som skaper denne særmerkte festivalsetmninga år etter år, ei stemning som også trekk gamle studentar tilbake.

Fadderveka – august

Under Fadderveka er målet at nye studentar skal bli kjent med Volda, høgskulen, samt nye og gamle studentar. Fadrane gjer alt for at nye studentar skal få ein bra start. Dette skjer i form av konsertar, utandørsarrangement, omvising på campus og ulike samlingar og festar.

Animation Volda – September

Animation Volda tiltrekkjer seg nasjonal og internasjonal merksemd. Mellom workshops og konsertar kan du sjå premierar på ekslusive animasjonsfilmar. Festivalen er eit knutepunkt mellom animasjonsstudentar, og kvalifiserer filmar til Fredrikstad Animation Festival.

VEKA – februar 

VEKA i Volda er den største på Nordvestlandet. I tillegg til lokale talent i studentrevyen kjem stjerner og talent frå inn- og utland for å skape ei stemning og ein atmosfære du seint vil gløyme. Dei siste åra har artistar som Veronica Maggio, Talib Kweli, Team Me, Jonas Alaska og Honningbarna spelt i Volda.

Den Norske Dokumentarfilmfestivalen – april 

Den Norske Dokumentarfilmfestivalen er Noregs eldste og største dokumentarfilmfestival og trekkjer til seg dokumentarfilmskaparar frå inn- og utland. Under festivalen samlast filmskaparar, studentar og publikum og kombinasjonen av gode filmopplevingar og feststemte medstudentar er med på å gjere festivalen til ei hending ein definitivt må få med seg.

X2 Festivalen – april

Vintersportfestivalen X2 er den mest ekstreme vintersportshelga i regionen med knallharde konkurransar i tindebestigning og frikøyring, padling og paragliding. Festivalen er også ein sosial folkefest for publikum – også dei som heller vil ha peiskos enn ulendt terreng. Den sterke  festivalstemninga er ein viktig del av det som skaper Volda sitt unike studiemiljø.

Sunnmøre kammermusikkfestival – September

Kammermusikkfestivalen er ein internasjonal festival med kammermusikk av ypparste klasse. Festivalen skal vere ein møteplass for folk på Sunnmøre, musikarar og publikum, musikarane og studentane ved HVO, dei profesjonelle og amatørane.

Kaarstadfestivalen – MaI

Kaarstadfestivalen har som mål å skape ein arena og møteplass der dei dyktige og kreative studentane ved Avdeling for kulturfag kan møte publikum - unge som eldre - gjennom konsertar, kunstutstillingar, teaterframsyningar, filmar og fotografi m. m. av høg kvalitet.