«Kunnskap for framtida»

Bustad

INFO_FOTO_BYGG_STUDENTBUSTAD_Heltne__rgb_HAAKON_STENSRUD_2012_620.jpg

I Volda har studentane råd til å vere heiltidstudentar. Nasjonale undersøkingar, som vert gjennomført kvart år, viser at studentane i Volda har blant dei lågaste bustadsutgiftene i landet. Alle studentbustadane ligg nær høgskulen, så du kan gå eller sykle til skulen.

Studentsamskipnaden i Volda (SiVolda) har fire studentheimar med om lag 400 bustader totalt.

Å bu i ein studentbustad er ein hyggeleg og sosial måte å bli kjend med studentar frå heile verda på. Alle studentbustader har tilgang til internett med gratis bruk, uttak for kabel-tv og vaktmeisterteneste. Meir om tilbodet og søknad finn du på www.boligtorget.no/sfs.

Søknadsfristar

Søknadsfristar er 15. april, 1. juni og 15. november. Søkjarar får tilbod etter ”førstemann til mølla”-prinsippet utanom desse fristane.

Garanterer tak over hovudet

Dersom du ikkje har funne deg ein stad å bu når det nærmar seg studiestart kan du sende ein e-post til Studentsamskipnaden på sivolda@hivolda.no (eventuelt ringe 70 07 52 40). Dei kan då tilby deg ein midlertidig plass på sovesal slik at du får litt ekstra tid til å finne eigen stad å bu.

Det finnest også mange leigealternativ på den private marknaden.