«Kunnskap for framtida»

Viktige datoar i opptaket

Nedanfor finn du ei oversikt over søknadsfristar og andre viktige datoar for søknad og opptak via Samordna opptak og lokale opptak.

Samordna opptak - for deg som har søkt årsstudium, bachelorstudium og grunnskulelærarutdanning

1. februar

 Du kan sende nettsøknad til Samordna opptak.

1.mars

Søknadsfrist for søkjarar som
- har grunnar for tidleg opptak
- har grunnar for opptak på særskilt vurdering
- har utanlandsk utdanning (land utanfor Norden)
- ønskjer realkompetansevurdering (og ikkje har generell studiekompetanse)

15.april ORDINÆR SØKNADSFRIST - også for dei som fekk reservert studieplass i fjor
mai/juni Seinast 1. juni får søkjaren tilsendt følgeskjema og melding om kva lærestad som skal handsame søknaden.
1. juli

Siste frist for innsending av dokumentasjon og ettersending av vårens vitnemål og attestar
Siste frist for omprioritering av tidligare registrerte studieønske via nettsøknaden. NB! Ikkje nye ønskjer.

19. juli

Oversikt over ledige studieplassar vert lagt ut

20. juli Hovudopptak - svar på søknaden er tilgjengeleg. Tilbod om studieplass vert alltid gitt på det høgst prioriterte studieønsket som søkjaren har nok poeng til å kome inn på.
20. juli Ledige studieplassar opnar for søking.
26. juli Svarfrist for hovudopptak og evt. ventelisteplass.
frå ca 24. juli Opptak på dei studia som har ledige plassar.
 

Lokale opptak  - for deg som har søkt NUS, praktisk-pedagogisk utdanning, mastergrader og alle typar vidareutdanning

1. februar

 Alle lokale opptak opnar for søking på Høgskulen sin eigen Søknadsweb.

Løpande opptak

Ein del av våre studium ligg med søknadsfrist "løpande opptak". Dvs at til desse studia gir vi fortløpande tilbod til kvalifiserte søkarar så lenge det er plass på studiet og stuidet er ope for søking. Oversikt over kva studium dette gjeld finn de her.

1.mars

Søknadsfrist for søkjarar
- til mastergrader
- til Norsk språk og samfunnskunnskap for internasjonale studentar (NIS)
- med grunnar for tidleg opptak (etter same ordninga som i Samordna opptak)

15. april Søknadsfrist for enkelte studieprogram i lokale opptak. Oversikt over kva studium dette gjeld finn de her.
1. juli Siste frist for ettersending av vårens vitnemål og attestar.
februar-august Svar på store delar av lokalt opptak vert sendt ut fortløpande. Hugs å gi oss rett epostadresse!
   
  VÅRSEMESTERET- ca. i starten av november blir studietilbodet for våren lagt ut.
  Søknadsfrist for Lokalopptaket for våren, følg med på www.hivolda.no


Har du spørsmål om søknad, kan du lese meir her. Vi svarar på spørsmål anten via e-post til sok@hivolda.no eller på tlf. 70 07 50 18.