«Kompetanse for framtida»

Spørsmål og svar realkompetanse

Spørsmål og svar om realkompetanse

Kva er realkompetanse?

All kunnskap du har skaffa deg gjennom lønna eller ulønna arbeid, utdanning, organisasjonsarbeid, kurs eller på annan måte.

Kven kan søkje opptak på grunnlag av realkompetanse?

Alle som er 25 år eller eldre i opptaksåret og som ikkje har generell studiekompetanse.

Er det mange som søkjer på grunnlag av realkompetanse?

Ja, til enkelte utdanningar svært mange.

Kor mange får opptak på dette grunnlag?

Det varierer, men på langt nær alle får tilbod om studieplass.

Er fullført grunnskule nok skulegang i tillegg til relevant praksis?

Nei, du må minimum ha fullført eitt år med vidaregåande skule.

Kor mykje praksis må eg ha?

Minimum 5 år med skule og/eller yrkespraksis. Av dette må minimum 3 år vere relevant praksis i den retninga du søkjer. (sjå meir om relevant praksis lenger nede).

Eg har utanlandsk bakgrunn, men forstår norsk. Er det nok?

Nei, du må ha tilstrekkeleg kunnskap i norsk til å gjennomføre studiet, på lik linje med andre studentar.

Eg har eit eldre vitnemål med studiekompetanse, men dårlege karakterar. Kan eg kompensere med ny og relevant praksis?

Nei, generell studiekompetanse gjeld, same kor gamal den er.

Gjeld ei realkompetansevurdering som grunnlag for alle studia?

Nei, det er ikkje ei generell vurdering.  Vurderinga gjeld for eit bestemt studium og ein bestemt høgskule/universitet. Vi gjer ei individuell vurdering av kvar søkjar og for kvart studium han søkjer på.

Er det tilstrekkeleg å sende CV?

Nei, du må dokumentere alt med vitnemål, karakterutskrift, årskursbevis, kursbevis og attestar. CV vert ikkje vurdert.

Må eg skrive «eigenerklæring»

Ja, du må gjere greie for eigen motivasjon og forventningane du har til studiet. Du må også gjere greie for kvifor du meiner å kunne gjennomføre studiet trass manglande studiekompetanse. Opplysningane vert ein del av vurderingsgrunnlaget ditt.

Er det andre måtar å dokumentere kunnskap på?

Ja, du kan bli kalla inn til intervju eller opptaksprøve.

Korleis vert søkjarane vurderte?

I samråd med fagmiljøet for kvart enkelt studium vert det gjort ei vurdering etter skjønn i høve til dei søkjarane som får opptak på grunnlag av generell studiekompetanse og poengrekning.

Vil fullført studium etter opptak på grunnlag av realkompetanse gi studiekompetanse?

Ja, fullført årsstudium eller grad gir tilsvarande generell studiekompetanse dersom norskkravet er dekt.

Kva kan eg gjere for å kvalifisere meg opp?

Ta studiekompetanse i eitt eller fleire fag.

Tel nokon av studiekompetansefaga meir enn andre?

Ja, faget norsk er det faget også alle med realkompetanse bør ha studiekompetanse i, dernest fylgjer samfunnsfag og engelsk.

Kva med spesielle opptakskrav i vurdering av realkompetanse?

I ei slik vurdering ligg også vurdering av tilleggskrav.

Kva er relevant praksis?

Til dømes er assistent i barnehage svært relevant for opptak til barnehagelærar, men derimot praksis som frisør er lite relevant til same utdanning.

Kva kan vere relevant praksis for opptak til dei enkelte utdanningane?

Samfunnsfag, Samfunnsvitskap, Planlegging og administrasjon:

Administrativ røynsle frå offentleg eller privat sektor, organisasjonsarbeid, reiseliv, politikar osv.

Kunst og handverk:

Ulike utdaningar innan handverk, assistent i skulen og i barnehage, praksis frå handverksfag.

Musikk:

Røynsle frå utøving av musikk, lydstudio, plateselskap, ulike former for musikkopplæring frå skuleverket, kulturskulen eller frivillig musikkliv som kor, korps, orkester, privatundervisning. Søkjar kan bli kalla inn til prøvespeling.

Drama og teater:

Amatørteater, kulturskule, assistent i skulen og barnehagen, frivillig arbeid for barn og unge. Søkjar kan bli kalla inn til intervju.

Idrett og friluftsliv:

Speidar eller turleiar, linje for friluftsliv eller idrett frå folkehøgskule, trenar for barne- og ungdomsidrett.

Historie:

Kultursektoren, museum, arkiv.

Religion, livssyn og etikk:

Kyrkjelydsarbeid, barne- og ungdomsarbeid, utdanning frå bibelskule.

Grunnskulelærar:

Rettleiing, undervisning og omsorg for barn i barnehage, skule, skulefritidsordning, eller anna pedagogisk verksemd. Studiekompetanse i faget norsk må vere bestått med karakteren 3 eller betre, og studiekompetanse i matematikk må vere bestått med karaktrer 4 eller betre. Det kan bli arrangert opptaksprøve.

Barnehagelærar:

Fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar, assistent i barnehage og SFO, organisasjonsarbeid for barn.

Barnevernspedagog og sosionom:

Fagbrev som hjelpepleiar eller omsorgsarbeidar. Praksis frå helse-, omsorg-, sosial- og undervisningssektoren der du har arbeidd med elevar, pasientar eller klientar. Arbeid med psykisk utviklingshemma, i bufellesskap, som støttekontakt, i barnehage, som fosterforeldre, i avlastningsheim, institusjon, organisasjonsarbeid, rusomsorg, asylsøkjarar /innvandrarar, i «utekontakta» eller som sakshandsamar.

Språkfag:

Assistent i skulen, morsmålslærar, reiseliv, guide, arbeid med formidling. Du må ha bestått studiekompetanse i det aktuelle språkfaget.

Mediekunnskap og media, IKT og design:

Kommunikasjon, formidling, reklame, administrasjon, frilansarbeidar.

PR, kommunikasjon og media:

Informasjonsarbeid, kommunikasjon, reklame.

Journalistikk:

Avis- og redaksjonsarbeid, frilans, forfattar, informasjon, formidling, bibliotek.

Animasjon:

Røynsle frå formgiving, teikning, animasjon, film. Du må også sende inn arbeidsprøver som vert vurdert i ei faggruppe og vidare kalla inn til intervju og opptaksprøve.

Digital kompetanse og læring:

Assistent i skulen, morsmålslærar, fagbrev innan IKT,

Mat, kosthald og helse:

Fagbrev innan næringsmiddelfag, kokk, næringsmiddelproduksjon.

Korleis vert eg vurdert?

Opptakskomiteen skal på individuelt grunnlag danne seg eit heilskapleg bilete av kvar søkjar, og vurdere den faglege føresetnaden din for å kunne gjennomføre ei høgskuleutdanning. Opptakskomiteen står fritt til å innkalle til intervju og/eller opptaksprøver.

Kva vert det lagt vekt på i rangering av søkjarane?

Omfanget av relevant praksis i høve den utdanninga det er søkt opptak til

Studiekompetansefaga (kor mange, karakter osv.)

Motivasjon og eiga oppfatning

Grunngjeving om kvifor du kan gjennomføre studiet.

Får alle med godkjent realkompetanse opptak?

Nei, til studium med venteliste vert også realkompetansesøkjarar sett på venteliste for seinare vurdering opp mot andre søkjargrupper.

Kan eg få reservert tildelt studieplass til neste år?

Ja, på same grunnlag som alle andre.

Kan eg miste retten til å studere?

Ja, på same grunnlag som alle andre.